Telefonen har 48 ubesvarte anrop.
Natt til tysdag, natt til onsdag, natt til torsdag og natt til fredag har telefonen ringt utan at nokon har svart.
Menneske på flukt, midt på havet i ein overfylt båt, har forsøkt å ringe for å få hjelp.
Dei veit at 4227 kilometer unna er det ein mann som kan varsle redningsbåtar i området.
Dei ringer, men han kan ikkje svare.
Tommy Olsen er i fengsel.
Døden er ein del av jobben
Etter fem dagar på glattcelle og høgsikkerheitsavdelinga i Tromsø kretsfengsel, er Tommy Olsen heime igjen.
Rundt føtene spring den tre år gamle familiehunden Nero, «irriterande sosial», åtvarar matfar.
Heime har han laga seg eit lite kontor på gangen mellom soverom og bad.
Medan dei andre i familien lever sine liv, bruker tenåringspappaen mykje tid på kontoret som hadde fått HMS-ansvarlege til å kremte.
Heimekontoret til Tommy er strengt tatt ein gang.
Foto: Simen Wingstad / NRKHer sit han, langt unna den greske øya Lesvos. Sidan 2015 har øya vore plassen der båtflyktningar går i land etter å ha kryssa Egeerhavet frå Tyrkia.
– Eg har ein hotline, forklarer Tommy.
– Eg sit her i Tromsø og hjelper nokon på ein telefon. Det er ei veldig avgrensa type hjelp. Eg har kontakt med menneske i havsnød i Egeerhavet.
Når telefonen ringer, ringer han vidare til redningsbåtar i områda. Han prøver å sørge for at dei finn flyktningane og kan redde dei før det er for seint, som Tommy sjølv seier.
– Kva betyr det at det er for seint?
– At dei druknar.
Fleire gongar har det skjedd at dei fortvilte han snakka med, har drukna fordi hjelpa kom for seint.
– Ein skulle kanskje tru at det er litt fortvilande, men det er ein del av jobben. Det å handtere det profesjonelt. I periodar så er det ikkje berre ein båt som ringer på natta, det kan vere tre-fire-fem båtar som ringer, seier han ettertenksamt.
– Du må ha hovudet klart. Du må gjere ein jobb, og når du har gjort den jobben, så ... Nokre gongar må du berre gå vidare. Blir du prega emosjonelt eller kjenslemessig, og tar det inn over deg, klarar du ikkje å gjere ein jobb, spesielt ikkje over lengre tid.
No er Tommy derimot prega.
Hellas vil nemleg at han skal utleverast.
Dei meiner han driv med menneskesmugling og spionasje, og at han er del av eit kriminelt nettverk som får flyktningar over havet frå Tyrkia til Hellas på ulovleg vis.
Det vil dei straffe han for.
Sjølv om trugselen om utlevering heng over han, held han fram med å ta telefonen – ofte midt på natta.
På sin nettside legg han ut video, bilde og dokumentasjon av det han meiner er lovbrot frå gresk side.
Foto: Simen Wingstad / NRKOverlevaren
Nyleg trykka Klassekampen lesarinnlegget frå Karim Tahir. Han flykta frå Syria i 2015.
Karim flykta frå ein jobb som diplomat, og drog da terrorgrupper tok over Aleppo. Det blei for farleg å vere i heimlandet.
Han hadde høyrt om Noreg, og såg på oss som eit forbilde når det gjaldt menneskerettar.
I 2015 flykta Karim Tahir frå heimlandet Syria. I dag er han bystyremedlem i Trondheim for Arbeidarpartiet.
Foto: Anastasiia Gornostai / Anastasiia GornostaiTil NRK fortel Tahir at han prøvde å krysse Egeerhavet frå Tyrkia til Hellas fleire gongar.
Dei blei stoppa på stranda, eller tvunge tilbake av tyrkisk kystvakt. Han seier at han tenkte over at han sette alt på spel ved å flykte:
– Eg tenkte: Vil dei nokon gong finne kroppane våre, eller vil fiskane ete oss? Vil barna mine nokon gong forstå at eg risikerte alt berre for at dei skulle få ei trygg framtid?
Karim Tahir prøvde fleire gongar å flykte over havet.
Foto: Karim TahirKarim Tahir er i dag bystyremedlem i Trondheim for Arbeidarpartiet. Han seier at historia hans er eit bevis på at Tommy Olsen dokumenterer ei verkelegheit han og titusenvis av andre har kjent på kroppen.
– Når politikarar snakkar om ei flyktningkrise, snakkar dei ofte om tal og grafar, men eg vil at dei skal vite at bak kvart tal finst det familiar og sjeler.
Den tidlegare båtflyktningen meiner Tommy Olsen sin jobb har vore avgjerande for tusenvis i same situasjon som han sjølv.
– På grunn av han blir ikkje flyktningar berre «forsvunne båtar», men ei sak for offentlegheita som ikkje kan ignorerast, seier Karim.
– Han gav folk håp da alt kjendest tapt, og viste at det finst nokon som bryr seg om menneskeverd uavhengig av nasjonalitet. Tommy var «auget» som såg sanninga da alle andre ville lukke auga.
No forventar han at Justisdepartementet og regjeringa stansar utleveringsprosessen.
– Noreg kan ikkje etterlate han til ein urettferdig skjebne i eit gresk fengsel, seier Karim.
Urettferdig
Denne jobben har Tommy Olsen gjort heimanfrå i nærmare ti år. Dei siste åra har det blitt ein heiltidsjobb.
Han slutta i jobben i barnehage for å hjelpe flyktningar på heiltid.
Han lever av gåver frå folk som støttar han og arbeidet han gjer, og har òg fått pengar frå stiftinga Fritt Ord.
I 2015 drog mange til Hellas for å hjelpe båtflyktningane. Fleire organisasjonar var på plass for å ta i mot menneska som kom til Europa med håp om eit betre liv.
Dei siste åra har noko endra seg, meiner han. Ikkje berre merksemda desse flyktningane får, men også det politiske landskapet i Europa har blitt meir høgrevridd.
Når verda brenn ti ulike plassar på ein gong, og nye krigar kjem til, kan det virke uforståeleg at ein mann så langt unna greske strender kan halde hjula i gang.
Dette bildet er frå 2015, da båtflyktningar kom til den greske øya Lesvos. Ei gruppe afghanske båtflyktningar hadde da kryssa Egeerhavet frå Tyrkia.
Foto: ReutersKorfor bryr han seg framleis om denne saka, når verda ser ut til å ha gløymd kva som går føre seg?
– Det er noko med den urettferda. Det å behandle menneske uverdig, basert på religion eller etnisitet. Det blir veldig feil for meg. Det å seie at vi er viktigare og meir overlegen, det gjer meg frysningar. Det er kaldgufs frå fortida.
Tommy er opptatt av menneskerettane. Dei alle på planeten fekk etter andre verdskrig, oppretta og vedtekne for at umenneskeleg åtferd skulle kunne avgrensast.
– Dei blei laga av folk som verkeleg hadde kjent på kroppen kor jævlige folk kan vere mot andre. Menneskerettane er universelle, dei gjeld alle.
Aktivisten i Tromsø vil ha rettferd. Behovet er kanskje ikkje like gjennomgripande på alle område i livet, men likevel.
– Om du tenker på at naboen kastar snø ned i hagen min, synest eg det er urettferdig, men det er ikkje slik eg legg så mykje vekt på. Eg strittar nok i mot i større og mindre grad viss eg ser noko er urettferdig.
– «Urettferdig» er jo eit ord som ofte treåringar bruker.
– Eg har jobba i barnehage i 16 år, så eg har nok tileigna meg mange eigenskapar som små barn har. Også det å prate rett frå levra. Vi treng ikkje bruke fancy språk og store ord for å beskrive noko så enkelt som urettferd.
Tilbakeviser påstandar
53-åringen i Tromsø meiner han har dokumentert og delt med resten av verda at Hellas driv med ulovlege pushbacks. Det vil seie at båtar med flyktningar blir dytta vekk så dei ikkje har moglegheit til å gå i land. Båtane blir sendt tilbake til internasjonalt farvatn.
Dette krenker menneska sin rett til å søke om asyl.
Påstandane om pushbacks har fleire gongar vore tilbakevist frå gresk side.
I mai 2023 fekk New York Times tilgang på ein video der den greske kystvakta sette frå seg ei gruppe asylsøkarar. Ein seks månadar gamal baby var ein av dei som blei sett ut på havet.
Hjelparen i nord
Telefonen til Tommy er ikkje som din.
Den er full av videoar av menneske på flukt. Desperate, gråtande, fortvila. Det er gamle, unge, bitte små. Flyktningar som risikerer livet når dei set seg i ein båt utan redningsvestar, utan svømmekunnskapar.
Dei ringer Tommy i Tromsø. Dei veit at han har hjelpt andre.
– For meg er det ein jobb, det å ta telefonen. Skulle eg ta inn over meg alle bekymringane, alle kjenslene, alle menneskelege reaksjonar på det som skjer, så trur eg ikkje eg ville klart å gjere den jobben i så mange år. Det trur eg ville gjort meg psykisk ustabil.
– Kva drar deg opp?
– Det eg gjer, hjelper andre. Det at eg kommuniserer med kystvakta, gjer at folk faktisk blir redda. Viss ein reddar eit liv på grunn av noko ein har gjort over mange år, så vil mange seie at da er det verdt det. Eg har nok redda meir enn eitt liv.
Å hjelpe andre er ei sterk drivkraft for tromsøværingen, sjølv om det sjeldan er takk å få for jobben han gjer.
Det ventar han seg heller ikkje. Når han ser at dei han har hjelpt, er framme i ein flyktningleir, kjenner han på ei form for lette.
– Det kjenst ... eg vil ikkje bruke ordet «godt», for eg veit at når dei hamnar i ein leir, så hamnar dei også i ein veldig vanskeleg situasjon. Men dei druknar i kvart fall ikkje.
Tromsøværingen Tommy Olsen kan bli utlevert til Hellas fordi dei meiner han driv med menneskesmugling.
Foto: Simen Wingstad / NRK– Det er ikkje slik samfunnet fungerer
– Han kan vere så nordnorsk som han vil – han må stå til rette for det han har gjort.
Det sa Frp-politikar Per-Willy Amundsen til lokalavisa iTromsø da saka om Tommy Olsen blei aktuell igjen i midten av mars. Amundsen sin partikollega Erlend Wiborg, som er innvandringspolitisk talsperson, sa det same.
I eit intervju med NRK kalla han påstandane om politisk forfølging «berre tull».
– Det er fint at dette blir belyst gjennom domstolar, og ikkje at Amnesty eller andre organisasjonar trur at dei er heva over rettssystemet. Ingen er heva over lova, sa Wiborg.
– Ein kan ikkje fritt bidra til at menneske illegalt kjem seg til Europa. Da bryt systemet saman.
Politikarar frå Raudt og SV meiner på si side at saka er alvorleg. Dei meiner Noreg ved å utlevere Tommy bidrar til å kriminalisere legitimt menneskerettsarbeid.
Erlend Wiborg i Framstegspartiet meiner asylaktivistar ikkje kan heve seg over lova.
Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRKI Dagsnytt 18 utdjupa Erlend Wiborg sitt standpunkt, og minner på at Europa står ovanfor store utfordringar når det gjeld migrasjon.
– Det er heilt legitimt å ønske ein annan asylpolitikk i Noreg, eller i Europa og i Hellas. Men det er framleis slik at demokratiet avgjer, og Hellas ønsker å stramme inn sin innvandringspolitikk.
– Det må dei sjølvsagt få gjere, og da må det ikkje vere slik at asylaktivistar trur at dei er heva over demokratiet. Det er ikkje slik samfunnet fungerer.
Utlevering?
Hellas vil straffe Tommy Olsen for det han gjer heime i Noreg. I fleire tilfelle meiner Olsen sjølv at han har dokumentert at den greske kystvakta tar ulike middel i bruk for å hindre at flyktningar kjem i land for å søke asyl.
Det kan vere at dei knusar motoren på båtar eller tar motoren av båten, slik at den ikkje kan røre seg, seier Olsen sjølv til Amnesty. Dette kjem i tillegg til dei tidlegare nemnde «pushbacks».
Måndag 16. mars blei han henta heime og blei sendt rett i eit rettsmøte, på bakgrunn av arrestordren frå Hellas.
Dei vil straffe han for spionasje og menneskesmugling. Den mest alvorlege skuldinga kan gje 15 år i fengsel.
Det alle lurer på no, er:
Kan Noreg hindre at han blir utlevert til Hellas?
16. mars. Tommy Olsen har blitt henta heime av politiet, på vegner av gresk politi.
Foto: Simen Wingstad / NRKProfessor ved Senter for europarett ved Universitet i Oslo, Stian Øby Johansen, har fått forklart saka til Tommy Olsen. Han har også lese avgjerdene frå tingretten.
Han understrekar at Noreg er del av eit system der ein europeisk arrestordre pliktar oss å overlevere ein ettersøkt.
Påtalemyndigheitene i Noreg er uavhengige.
– Dei kan ikkje instruerast – heller ikkje i desse sakene. Derfor kan til dømes ikkje Justisdepartementet blande seg inn, seier Johansen.
Systemet med arrestordre bygger på eit prinsipp om gjensidig tillit, seier professoren.
– Statane som deltek i systemet, skal stole på at dei andre statane respekterer europeiske menneskerettar. Norske domstolar skal derfor i utgangspunktet legge til grunn at Olsen vil få ein rettferdig rettargang i Hellas.
NRK har vore i kontakt med den greske ambassaden i Noreg, som ikkje vil uttale seg i denne saka. Det har heller ikkje lykkast NRK å få svar frå greske styresmakter om saka til Tommy Olsen.
Justisminister Astri Aas-Hansen seier ho ikkje kan kommentere enkeltsaker som er til behandling i domstolane.
Foto: William Jobling / NRKNRK har i fleire omgangar vore i kontakt med Justisdepartementet for å få ein kommentar frå justisminister Astri Aas-Hansen.
Ho vil ikkje kommentere enkeltsaker som er til behandling i rettssystemet.
Dette har ho også gjentatt i Stortinget sin spørjetime, der ho blei utfordra av Raudt-politikar Hanne Stenvaag.
Det er denne spørjetimen NRK blir vist til på spørsmål om eige intervju med statsråden.
Du kan lese heile utspørjinga av statsråden her.
FN-rapportør meiner Tommy er uskyldig
– Da eg vaks opp, blei det rekna som ein god ting å hjelpe folk som trengte hjelp.
Det seier Mary Lawlor, som er FN sin spesialrapportør for saker om menneskerettar. Ho er ein uavhengig ekspert og har engasjert seg i saka til Tommy.
Ho peiker på at for at det skal vere kriminelt å hjelpe flyktningar, må det vere eit profittmotiv.
– Dette er openbert ikkje saka med Tommy Olsen sitt arbeid med Aegean Boat Report, seier ho.
Mary Lawlor er FN sin spesialrapportør for saker om menneskerettar.
Foto: FN / FNI januar kom Europarådet sin torturkomité med ein rapport om forholda i greske fengsel. Den seier at greske fengsel har ein standard som er under det som er akseptabelt.
Komiteen meiner forholda er så dårlege at ein kan kalle dei inhumane.
Lawlor meiner Noreg må ha dette i bakhovudet når ein vurderer utsending, spesielt når ein veit at andre humanitære hjelpearbeidarar har blitt sitjande lenge i fengsel.
Spesialrapportøren seier det over tid har vore slik at dei som hjelper flyktningar, står i fare for å bli straffa av greske styresmakter. Å hjelpe kan fort bli klassifisert som å smugle, fortel ho.
– Openbert har eg ingenting anna enn forakt for menneskesmuglarar. Men det som skjer, er at den greske regjeringa gjer alle som hjelper flyktningar, migrantar og asylsøkarar til kriminelle.
– Han har ikkje drive med menneskesmugling
Amnesty er blant organisasjonane som har engasjert seg i saka til Tommy. 23. mars starta dei ein underskriftskampanje for å hindre utlevering til Hellas. Det er første gong den internasjonale organisasjonen driv ein slik hasteaksjon for ein nordmann.
Til no har over 13.000 skrive under, og Amnesty har også sendt ut SMS-ar for å få folk til å protestere mot utleveringa.
Beate Slydal i Amnesty er klar i si sak:
– Tommy er ikkje medlem av ein internasjonal kriminell organisasjon, og han har ikkje drive med menneskesmugling.
Slydal fryktar at det vil ta mange år før Olsen bli frifunne viss han blir utlevert til Hellas. Det har vore tilfelle for andre humanitære hjelpearbeidarar.
Beate Slydal i Amnesty seier det er første gong dei har ein hasteaksjon for ein nordmann.
Foto: Kristin Rødland Buick / Amnesty InternationalI januar i år blei hjelpearbeidarar frikjent etter å ha vore arrestert i sju år i Hellas. Dei var, som Tommy, skulda for menneskesmugling.
– Vi roser ofte Noreg for å vere ein internasjonal sterk støttespelarar for dei som kjempar for menneskerettane. No må Noreg bestå sin eigen lakmustest.
Forsvararen til Tommy Olsen, Brynjulf Risnes, seier til NRK at dei faktum det blir referert til i tiltalen frå Hellas, ikkje er korrekte. No håpar dei at det skal bli ei meir grundig behandling i lagmannsretten.
Hellas meiner aktivisten i Tromsø har smugla menneske mot betaling.
– Det problematiske er at det ikkje er ført bevis for dette, seier Risnes.
– Fordelen er at Tommy er dokumentarist og dokumenterer alt han gjer. Vi kan dokumentere at alt i tiltalen er feil, og det skal vi argumentere for i retten.
Mange medium ville ha eit ord med Tommy Olsen før han blei sendt inn i Tromsø kretsfengsel måndag 16. mars.
Foto: Simen Wingstad / NRK– Det er ikkje dette vi er
Ein av dei 13.000 som har signert, er Kristina Quintano. Ho er forfattar og har skrive fleire bøker om flyktningar. Ho vann Brageprisen for boka «Flukt».
Når NRK ringer, er ho på skuleturné for å snakke om nettopp flukt. Ho er skaka over behandlinga av Tommy Olsen.
Quintano er sjølv frå Malta, eit land båtflyktningane kom til allereie for tretti år sidan. Ho har dokumentert det som skjer, både på Malta og i Hellas, særleg gjennom brukaren «Budbringeren fra Helvete».
Dokumentasjonen av ulovlege «pushbacks» er noko av det viktigaste dokumentaristar som Tommy Olsen kan gjere, meiner ho.
– Det skjer enorme brot på menneskerettane. Vi, altså Europa, bryt beskyttelsen for menneske på flukt. Det er superviktig at vi forstår korfor det skjer, seier ho.
– Hadde vi ikkje hatt dokumentasjonen frå tidlegare krigar, hadde vi ikkje hatt noko å fortelje vidare. Vi gjer det i eit håp om at det skal slutte å skje.
Kristina Quintano på Lesvos.
Foto: Amanda TunsbergÅ søke asyl er ein rett menneske har.
Men i Tyrkia må du vere frå EU for å kunne søke asyl. Derfor må flyktningar ta seg til Malta eller til Hellas for å søke om asyl.
Det er dette som er grunnen til at «pushbacks» strider mot menneskerettane. Når ein dyttar båtane tilbake, er flyktningane i internasjonalt farvatn, utan rett til å søke asyl.
Quintano har sjølv vore i Hellas og sett det med eigne auge. Ho har også vore på innsida av greske fengsel, og håpar Tommy Olsen slipp å bli sendt dit.
– Det er som du ser for deg. Skummelt, aggressivt og gamalt.
Om Noreg sender Tommy til Hellas, meiner forfattaren og dokumentaristen at vi gjer eit stort feilgrep.
– Da har vi svikta på det grovaste, svikta i fleire ulike ledd. «Ikkje-retur-prinsippet» blei jo i si tid laga av mellom andre Fridtjof Nansen.
– Kva ville Nansen tenkt no?
– Han ville ha vore greitt irritert. Dette er unorsk, det er ikkje dette vi står for, det er ikkje dette vi er.
– Det er lov å bruke «hauet»
Heime hos Tommy går kvardagen som vanleg. Bikkja må luftast, jobben skal gjerast, telefonen må laddast opp, klar til å svare når nokon ringer.
– Denne type ting er jo ikkje «happy news». Du hamnar ikkje akkurat på «God morgen, Norge», seier han.
Hellas er kjent for mange ting. Antikken, dei store filosofane, Zorba, moussaka, oliventre.
Tommy Olsen har feriert mange gongar i Hellas, og meiner det ikkje er Kostos på kafeen som er problemet.
Tommy hatar ikkje Hellas. Det er styresmaktene han har problem med. Kriminaliteten han meiner dei driv med, direkte retta mot flyktningar.
– Det var jo Hellas som fann opp demokrati.
– Det er veldig lenge sidan, sukkar han.
Framtida er uviss. Han har ein arrestordre på seg og kan ikkje reise i Europa. Lagmannsretten skal behandle saka etter påske.
Samtidig har han eit håp om at Noreg skal nekte å utlevere han til Hellas.
Der kan han risikere ei rettsbehandling som trekk ut i fleire år, slik tilfellet har vore for andre aktivistar som han sjølv.
– Det er lov å bruke «hauet» og tenke og agere utifrå det. Eg har framleis mi naive tru på at det kan snu.
16. mars i år måtte Tommy gå ut av rettssalen og inn i fengselet. Kor ferda går vidare, veit han framleis ingenting om.
Foto: Simen Wingstad / NRKPublisert 06.04.2026, kl. 21.58


















English (US)