Det er retta ein alvorleg trussel mot energisystema i alle dei nordiske landa, opplyser kjelder til svenske TV4.
Svenske tryggingsmyndigheiter stadfestar at dei er kjent med opplysingane.
– Vi kjenner opplysingane, følger med på situasjonen og samarbeider med relevante aktørar, seier pressetalsperson for svensk politi, Karin Styrenius, til TV4.
Svenske Energimyndigheten og det svenske sivilforsvaret er også klar over situasjonen.
Gassco seier til NRK at det ikkje er nokon konkret trussel mot norsk gassinfrastruktur.
– Vi har kontinuerleg tett dialog og samhandling med tryggingsmyndigheitene og samarbeidspartnarar på sokkelen, seier kommunikasjonsrådgjevar Aurora M. Falnes Aastad i Gassco.
Også politiets situasjonssenter vurderar at den tilgjengelege informasjonen ikkje har betydning for norske forhold, seier vaktsjef Torben Henriksen ved politiets sitasjonssenter NRK.
Tryggingsnivået blei heva etter Russland sin fullskala invasjon av Ukraina i 2022, og er framleis på same nivå, ifølgje Aastad.
Også Statnett følger situasjonen.
– Statnett er kjent med opplysningane i media. Vi følger situasjonen og har kontakt med relevante myndigheiter, skriv pressesjef Siri Gjørtz i ein e-post til NRK.
Statnett er i kontakt med «relevante myndigheiter».
Foto: Emilie Holtet / NTBAuka vaktsemd i Sverige
FRA har oppfordra energisektoren i Sverige til auka vaktsemd. Bakgrunnen skal vere eit tidlegare angrep mot energisektoren i Polen i desember, opplyser FRA til Expressen.
– Vi vurderer at det er grunn til å vere merksam også i ein svensk kontekst, seier kommunikasjonssjef Ola Billger i FRA til TV4.
Ifølgje opplysningane til TV4 skal ein framand makt om kort tid slå til mot kraftverket i Norden.
Det er uklart om det er snakk om ein direkte trussel, eller om det er snakk auka beredskap frå tidlegare ei tidlegare heving av tryggleiksnivået.
– Ikkje fått noko meir informasjon
Myndigheiter og politieiningar i Norden skal vere i beredskap, skriv TV4.
NRK har vore i kontakt med norske beredskapsmyndigheiter som undersøker saka.
Nettselskapet Elvia har ikkje fått informasjon om ein trussel.
– Vi kjenner ikkje til kva slags trussel det er snakk om, og vi har ikkje fått noko meir informasjon enn det som kjem fram i media, seier Rannveig Baaserud Nilsen, beredskapskoordinator i Elvia til NRK.
Kraftnett i Sverige med tiltak
Svenska kraftnät har også sett i gang tiltak, og viser FRA.
– Det er auka vaktsemd ved våre anlegg, seier pressekontakt Tobias Östberg.
Til Expressen opplyser FRA at det ikkje skal vere spesifikke truslar mot energiinfrastrukturen i Sverige.
Kansellerte flygingar frå Sola
Det har vore kanselleringar frå Sola flyplass etter at trusselen blei kjent. Bristow Norway er kjent med opplysingane.
– Vi er kjent med trusselbiletet, men kan av openberre årsaker ikkje kommentere på eventuelle tiltak vi gjer, seier administrerande direktør Sondre Nordseth.
Dei kansellerte flygingane skal skuldast tåke, ifølgje Nordseth.
Publisert 26.02.2026, kl. 12.11 Oppdatert 26.02.2026, kl. 13.57













English (US)