Moskvas ordfører: – Massivt dron­eangrep mot byen

1 month ago 55



Det russiske luftforsvaret skal ha skote ned nærmare 70 droner idet dei nærma seg hovudstaden natt til tysdag, ifølge ordfører Sergej Sobjanin.

Droneangrepet skal vere det største frå ukrainarane mot Moskva hittil, ifølge myndigheitene. Sobjanin kallar det «massivt».

Ein person er drepen og tre skadde av restane av dronene, som skal ha treft fleire bustadblokker. Det skriv guvernøren for Moskva-regionen, Andrej Vorobjov, på sin Telegram-kanal.

Ukrainske myndigheiter har ikkje kommentert angrepet.

Moskva og regionen rundt er eit av dei største byområda i Europa, med minst 21 millionar innbyggarar.

et rom som har blitt ødelagt, knuste vindu

Bildet er delt på Telegram av Moskva-guvernør Andrej Vorobjov.

Foto: NTB

Jernbane skal vere øydelagd

Luft- og jernbanetransporten i regionen skal vere sett ut av spel.

Angrepet skal mellom anna ha ramma flytrafikken ved alle Moskvas fire flyplassar. Myndigheitene skal ha utsett flygningar som eit sikkerheitstiltak.

I tilllegg er to flyplassar aust for Moskva, i Novgorod-regionen, stengde ned.

Det russiske statlege mediet Ria skriv også at delar av jernbanen 35 kilometer frå bykjerna er treft av restar frå dei nedskotne dronene.

Møtest til forhandlingar i dag

Tysdag startar forhandlingane mellom USA og Ukraina om ein fredsplan. Ein delegasjon frå kvart land møtest i Saudi-Arabia.

Trump-administrasjonen pressar på for å få ein ende på krigen. Den starta då Russland invaderte og deretter annekterte Krim-halvøya i 2014, og utvikla seg til ein full krig med invasjonen i 2022.

Publisert 11.03.2025, kl. 06.12 Oppdatert 11.03.2025, kl. 06.28

Read Entire Article