Det er vår, og det er lønsforhandlingar. Fellesforbundet og Norsk Industri er no til mekling om årets lønstillegg for arbeidsfolk. Håpet er at den komande lønsauken ikkje straks blir nulla ut av at vanlege utgifter er høgare enn før. Den bekymringa har ikkje landets toppleiarar. Eit anna sikkert vårteikn er nemleg rapportane om at leiarløningane fortset å auka mykje meir enn vanlege løner, òg i selskap der staten er ein dominerande eigar. Her er nokre eksempel på det: DNB-sjefen Kjerstin Bråthen hadde i fjor ei samla løn på 18,7 mill. kr. Det er 10,6 pst. meir enn året før. For Yara-sjef Svein Tore Holsether auka løna med nær 7 pst. i fjor, til 17 mill. kr. Holsether er òg president i NHO. Og Equinor-sjef Anders Opedal fekk ein kompensasjon – som det gjerne heiter på leiarspråket – på 23 mill. kr i fjor, og auka dermed løna med éin million. Lista er lengre. Alt dette – sjølv om regjeringa og Stortinget forventar moderasjon, og denne forventninga er uttrykt både i eigarskapsmeldinga og i eigne retningslinjer, men selskapa bryr seg openbert ikkje. Kva signal tenkjer statsråden at desse leiarlønene sender til Fellesforbundet og resten av fagbevegelsen? Bør dei visa moderasjon når toppleiarane ikkje gjer det? Er statsråden einig i at nokon skal tena 17 eller 23 mill. kr, eller vil statsråden for ein gongs skyld gjera noko meir enn å «forventa» moderasjon frå selskapa der staten er ein dominerande eigar – og faktisk stemma for sine eigne retningslinjer og imot dei feite lønsaukane på årets generalforsamlingar?
Datert: 08.04.2026
Besvart: 08.04.2026 av næringsminister Cecilie Myrseth

Spørsmål
Ingrid Fiskaa (SV): Det er vår, og det er lønsforhandlingar. Fellesforbundet og Norsk Industri er no til mekling om årets lønstillegg for arbeidsfolk. Håpet er at den komande lønsauken ikkje straks blir nulla ut av at vanlege utgifter er høgare enn før. Den bekymringa har ikkje landets toppleiarar. Eit anna sikkert vårteikn er nemleg rapportane om at leiarløningane fortset å auka mykje meir enn vanlege løner, òg i selskap der staten er ein dominerande eigar.
Her er nokre eksempel på det: DNB-sjefen Kjerstin Bråthen hadde i fjor ei samla løn på 18,7 mill. kr. Det er 10,6 pst. meir enn året før. For Yara-sjef Svein Tore Holsether auka løna med nær 7 pst. i fjor, til 17 mill. kr. Holsether er òg president i NHO. Og Equinor-sjef Anders Opedal fekk ein kompensasjon – som det gjerne heiter på leiarspråket – på 23 mill. kr i fjor, og auka dermed løna med éin million. Lista er lengre. Alt dette – sjølv om regjeringa og Stortinget forventar moderasjon, og denne forventninga er uttrykt både i eigarskapsmeldinga og i eigne retningslinjer, men selskapa bryr seg openbert ikkje.
Kva signal tenkjer statsråden at desse leiarlønene sender til Fellesforbundet og resten av fagbevegelsen? Bør dei visa moderasjon når toppleiarane ikkje gjer det? Er statsråden einig i at nokon skal tena 17 eller 23 mill. kr, eller vil statsråden for ein gongs skyld gjera noko meir enn å «forventa» moderasjon frå selskapa der staten er ein dominerande eigar – og faktisk stemma for sine eigne retningslinjer og imot dei feite lønsaukane på årets generalforsamlingar?





.jpg)







English (US)