Står lokalsamfunnet overfor ein serieklippar, ein «Jack the Klipper»?
- Fleire i Knarvik har opplevd at leidningar er klippa over.
- Motorsykkel og kabel til mikrobil er mellom dei skada eigendelane.
- Ordførar Sara Sekkingstad reagerer sterkt og omtalar handlingane som ulovlege.
- Brannsjef Christer Skei fryktar for tryggleiken, spesielt tryggleiks- og brannalarmar.
Det er lokalavisa Nordhordland som spør etter at fleire i Knarvik gjennom to år har opplevd at leidningar har blitt klippa over i opptil fleire bustadfelt i bygda.
Nyleg skreiv lokalavisa om Yossef Laroui i Oterdalen som skulle ta lettmotorsykkelen sin ut av bua for klargjering til luftige turar på vårleg asfalt.
Då motorsykkelen ikkje ville starte, oppdaga Yossef at det meste av leidningar på motorsykkelen hadde blitt klipt eller forsøkt klipt. Skadane var omfattande.
I ettertid har ein anonym samartian forbarma seg over Laroui og dekka reparasjonane på motorsykkelen hans.
Ladekabelen kutta
Ei lokal kvinne opplevde for ei tid attende at det vart klipt tre leidningar utanfor rekkjehuset hennar i Oterdalen i Knarvik.
Både julelysa og ladekabelen til mikrobilen hennar var øydelagde. Like attmed vart det funne ei saks som etter alt å døme vart brukt til klippinga.
Ordførar i Alver kommune, Sara Sekkingstad (Sp) likar det ikkje.
– Dette er ikkje nokon aktivitet vi ønskjer. Det er jo tragisk for dei som blir utsett for det. Dette er ulovleg aktivitet som me ikkje ønskjer, seier Sekkingstad til VG.
– Eg har full forståing for at dette går inn på folk, legg ho til.
– Dette skal ikkje skje. Han 16-åringen som har investert i ein motorsykkel - og får øydelagt denne, klart det går inn på folk. Difor er det bra at politiet ber folk vere vakne og sjå seg rundt i nabolaget etter mistenkeleg aktivitet, analyserar ordføraren.
Ho har aldri høyrt om noko liknande tidlegare, korkje lokalt eller nasjonalt.
– Mysterium
– Dette er verkeleg eit mysterium. Eg lurer jo på kva som får folk til å gå rundt og klippe leidningar, undrar ordføraren seg.
Vikarierande brannsjef
Vikarierande brannsjef Christer Skei tykkjer heller ikkje noko om klippe-mysteriet i Knarvik.
– Me får håpe at folk tek til vitet, og at denne typen aktivitet opphøyrer, seier Skei til VG.
Han er spesielt redd for at klippinga av leidningar kan setje tryggheits- og brannalarmar ut av funksjon.
aJa, skamklipte eit søsken/meg sjølv som barn.bKlipte over ein leidning til hekkeklipparen/grasklipparen el.lcHar heldigvis aldri skjedd.
– Dette er rett og slett sabotasje, konkluderar ordførar Sekkingstad.
Nabolaget i området er slett ikkje vande med å bli utsette for sabotasje som her har blitt skildra.
Det mest «alvorlege» som har skjedd kvinna som vart utsett for klipparen, er nokre barnestrekar for lang tid sidan, då ungar ringde på døra og sprang.

1 day ago
8



.jpg)






English (US)