USAs president Donald Trump har innført ein global toll på 25 prosent på stål og aluminium.
EU har svart med mottiltak som kan omfatte varer verdt opptil 300 milliardar kroner, mellom anna båtar, whisky og motorsyklar.
No fryktar næringsminister Cecilie Myrseth at mottiltaka frå EU kan ramme norske bedrifter.
– Det som er Noregs bekymring, er jo det som kallast vernetiltak, som jo ikkje ligg på trappa no ennå, at det skal ramme Noreg, seier Myrseth.
Norsk eksport kan bli ramma
Noreg eksporterer mesteparten av stål og aluminium til Europa, men har òg noko direkte eksport til USA.
I Brussel har næringsministeren hatt samtalar med sentrale aktørar i EU-kommisjonen.
Ein av dei Myrseth har hatt samtaler med er handelskommissær Maros Sefcovic. Han har ansvar for EUs svar på USAs tolltiltak.
– Akkurat no ligg det førebels ikkje nokon slike tiltak på bordet, men vi veit at det er noko som blir diskutert, seier Myrseth.
EUs handelskommissær Maros Sefcovic.
Foto: Laurent Gillieron / AP / NTBEU har enno ikkje gitt Noreg nokon garanti for at vernetiltaka ikkje vil ramme norske bedrifter.
– Det er ikkje avklart i dag om Noreg slepper tiltaka, seier Myrseth.
Trump truar med 200 prosent toll
Myrseth seier at regjeringa vil halde tett dialog med EU for å verne norske interesser.
– Vi er veldig tydelege på vår posisjon og vil sikre ein god og tett dialog framover, seier ho.
Ho peikar òg at det er viktig å sikre samarbeid i Europa:
– Det som skjer i Europa, det angår Noreg og omvendt.
Mottiltaka frå EU har fått den amerikanske presidenten til å reagere.
Torsdag truar Trump med at dersom EU ikkje fjernar toll på whisky til USA, vil han svare med 200 prosent toll på vin, sjampanje og annan alkohol frå Frankrike og EU, melder Reuters.
Donald Trump har innført høg toll på varer frå Mexico, Kina og Canada. Han seier at EU er nestemann ut. Viss det blir handelskrig mellom EU og USA, kva skjer då med din og min lommebok?
Støre: «Alvorleg handelskonflikt»
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har tidlegare uttala at dette er starten på ein alvorleg handelskonflikt.
– Det er uheldig for Noreg, som har ein liten, open økonomi. Alle land er best tente med ein ope verdshandel, der alle følger dei same spelereglane, sa han til NTB.
Statsminister Jonas Gahr Støre
Foto: Alf Simensen / NRKFinansminister Jens Stoltenberg (Ap) understrekar at situasjonen er alvorleg:
– Utviklinga er bekymringsfull. Vi følgjer situasjonen tett for å sikre norske interesser, sa Stoltenberg til NTB.
Interessert utanriks? Lytt til podkasten til utanriksredaksjonen:
Publisert 13.03.2025, kl. 13.57