Nært sensasjonelt comeback av Noreg: – Ein skikkeleg neglbiter

1 hour ago 2



I den femte kampen i OL fekk det norske herrelandslaget i curling det tøft i starten mot USA. Men så tok dei seg kraftig saman.

– Ein skikkeleg neglbiter, no er det sjakk på is, sa kommentator Patrick Rowlands mot slutten av siste omgang.

Når USA hadde to steinar igjen låg Noreg med tre steinar i huset. Då var stillinga 8-8

Frykteleg start

Det starta på verst tenkeleg vis. Etter tre omgangar leia USA 5–0 og det var lite som stemte for skip Magnus Ramsfjell. Fleire avgjerande steinar vart sendt tvers gjennom boet.

– Han har ikkje heilt funne farten i denne kampen Ramsfjell, seier NRK sin curlingekspert Christoffer Svae om Noreg sin skip.

I omgang tre tok Noreg sitt første poeng, før dei følgde opp med 2 nye i omgangen etter. Eit håp var tent når det stod 5–3 halvvegs.

Kunststein og opphenting

I den sjuande omgangen kjem kampens beste slag, då Magnus Ramsfjell med siste stein må slå ut fire gule amerikanske steinar.

Han treff heilt perfekt og alle dei gule steinane forsvinn ut av boet, og Noreg blir liggande igjen med to. Då var stillinga 5–7 til USA.

– Det er eit youtube-klipp, for ein kunststein, kjem det frå ekspert Svae.

I omgang ni tar Noreg tre viktige poeng og det var uavgjort inn i siste omgang.

Og den er jamn. Når USA har ein stein igjen låg Noreg med to steinar i huset og beste stein.

Men USA heldt unna trykket frå Noreg og drog i land sigeren 10-8, med to beste steinar på slutten. Med det klatrar dei forbi Noreg på tabellen.

Noreg står med tre sigrar og to tap etter dei fem første kampane i Italia. Topp fire gir avansement. Det er i utgangspunktet ein form som kan gi semifinale.

– Som oftaste er ein med i kampen om semifinale med fem sigrar og fire tap, seier Svae.

Fleire moglegheiter

Totalt skal det spelast ni kampar i gruppespelet i OL. Noreg sine neste kampar er mot Storbritannia, Sverige, Sveits og Canada.

Neste kamp kan du følgje i NRK TV kl. 14.05 måndag.

Noreg sitt landslag består av Magnus Ramsfjell, Martin Sesaker, Bendik Ramsfjell og Gaute Nepstad. Reserve er Wilhelm Næss

Read Entire Article