NRKS si programleiar Thomas Seltzer stipulerer eit samfunnsproblem ut frå ufullstendige enkelthistorier.
Publisert: 13.08.2025 11:06 | Oppdatert: 13.08.2025 11:52
Svært mange snakkar om dokumentaren «Den norske fattigdommen» som Thomas Seltzer har laga. Til og med i partileiardebatten ein månad før valet var spørsmål nummer to knytt til denne dokumentaren. Den vart brukt som eit utgangspunkt, nærast ei sanning, som programleiar Fredrik Solvang bygga sitt spørsmål på.
Men er denne dokumentaren eigentleg eigna til det?
Lavlønte
I fyste episode kan me fylgje Thomas Seltzer til ei ung familie i Tromsø, der begge foreldre arbeider fulltid og likevel berre ligg litt over fattigdomsgrensa. Og sidan debatten kretsar rundt arbeidande fattige, skal eg fokusere på akkurat denne historia her.
Forteljarrøysten gjev oss vag informasjon om at dei to tener litt over 600.000 kroner til saman i årsløn. Ho er brukarstyrt personleg assistent (BPA) og han har fulltidsjobb i varemottak til Montér.
Me får vite at dei har forbrukslån, men ikkje kvifor eller kor mykje. Me får vite at dei ikkje ser for seg å kunne kjøpe noko eige og ikkje har råd til eit barn til sjølv om dei har lyst. Noko som openbert opprørte Sylvi Listhaug (Frp) så mykje at ho tok dette opp i partileiardebatten.
Hjelper dette?
No kan ein nesten ikkje vere usamd i at me ikkje ynskjer at nokon skal ha det slikt i vårt land. Me er stolte over å leve i verdas likaste land, og fattigdom var lenge ikkje eit tema som ein tok i.
Men hjelper det då med ein dokumentar der ein gjev vage enkelthistorier utan konkrete tal for å opne ein slik debatt?
Programleiaren stil spørsmål om kvifor dei ikkje flyt til distriktet heller? Han løfter at nokon “surpompar” ville ha sagt at det ikkje er menneskerett å bu i storbyen. Men han stil verken dei spørsmåla som ville gjeve eit grunnlag for å skjøne korleis samfunnet kunne lagt betre til rette for dei, eller som hjelper oss som ser på å skjøne heilskapen.
Seltzer påpeiker at dei kunne ha vald å take ein annan utdanning eller andre jobbar, der dei tener meir. Det er sjølvsagt sant, men det er òg interessant å sjå nærare på dei jobba dei allereie har.
Som nemnt jobbar ho fulltid som BPA. Fagforbundet opplys om at minstelønssatsen vart auka til 402.441 kroner, mens Humana omsorg og assistanse, som har tariffavtale, tilbyr minsteløn på 228,76 kroner i timen som gjev endå litt meir i årsløn. Sidan me berre veit at dei til saman tener litt over 600.000, tyder det då at ho anten tener langt under dette, eller at ektemannen berre tener rundt 200.000 kroner for ein fulltidsjobb i Montér.
Viktig debatt
Viss man ser etter liknande stillingar i byggevarebransjen, så er eit årsløn på 330.000 for ufaglærte tilsette ikkje uvanleg. Men utan at dokumentaren gjev meir informasjon om korleis denne låge løninga kjem ifrå, er dette berre gjetting. Og det er kanskje det som gjer denne dokumentaren så vanskeleg. Seltzer stipulerer eit samfunnsproblem ut frå ufullstendige enkelthistorier.
Det er fleire episodar att som NRK skal sleppe kvar onsdag framover. Dermed er det framleis høve til betring og kanskje leggje eit betre fundament for denne viktige og store samfunnsdebatten.