Når er det Pørni, og når er det politi? Og når skal dei få nok tid?

4 hours ago 3



KOMMENTAR: I fjor fengsla vi 78 barn i Norge. 55 av desse hamna i vaksenfengsel. Det skal ikkje skje.

Riksrevisjonen rettar sterk kritikk mot regjeringa for at vi ikkje har nok plassar i ungdomsfengsel til barn under 18. Foto: Jon Ingemundsen
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Vi skal beskytta barn. For eksempel frå å bli utsett for vald og kriminalitet. Det går det vel så som så med for tida. Vi skal også beskytta barn som begår kriminalitet. Dei er også barn. Det går det verkeleg minst like mykje så som så med. Dette skriv Riksrevisjonen om, i ein ny og nokså nedslåande rapport om oppfølging av ungdomskriminalitet.

For i hovudregelen skal ikkje barn bli fengsla. Det seier FNs barnekonvensjon, og det seier også norsk rettspraksis. Barn er ikkje ferdig utvikla, verken fysisk eller mentalt. Ein skal finna andre reaksjonsformer. Og i dei sjeldne tilfella der barn blir fengsla, når handlingane er svært alvorlege eller svært mange, skal dei haldast vekke frå vaksne innsette. I tillegg skal dei bli følgt opp. Bli passa på. Barns beste gjeld, også for barn som har begått kriminalitet.

Men nå har vi berre to ungdomsfengsel i Norge. Til saman har dei 10 plassar. Dei er under press, for kriminaliteten aukar blant barn under 18 år, også alvorleg kriminalitet. Barnevernet har heller ikkje fått nok institusjonsplassar til denne gruppa.

Før det skjer

Ikkje er vi så gode på førebygging heller. Politiet, som også skal drive førebygging, seier dei har mindre tid til det enn før. Mindre tid til å vere der unge er, der sårbare unge er, der politiet kan bygge tillit og relasjonar, før noko skjer. Dei klarer ikkje det lenger. Fordi trusselbildet i landet er skrudd opp. Fordi barn og unge då blir mindre viktige.

Kommunane? Dei klarer ikkje vera fleksible nok. Dei klarer ikkje hiva seg rundt, med rett person til rett tid ved rett barn. Det har med kapasitet å gjera. Med mangel på faste stillingar. Med tåkete roller om kven som gjer kva. Utskiftingane er mange, folk sluttar og nye begynner.

Det går heller ikkje så bra når barnevernet skal jobbe saman med sjukehusa. Når det er snakk om rus og psykiatri, og om unge som gjer kriminelle handlingar prega av begge deler. Dei klarer ikkje samarbeida så bra.

Oppfølginga og førebygginga skjer stykkevis og delt. Den heng ikkje saman. Verken før, imens, eller etterpå. Og aller verst er det at vi puttar barn i fengsel for vaksne.

Kven snakkar vi om?

9000 barn under 18 år blei i 2023 sikta for eit straffbart forhold. 800 av dei for gjentekne eller alvorlege kriminelle handlingar. 117 av desse for minst ti lovbrot kvar. Og ja, innvandrarar er overrepresenterte. 15,5 av 1000 innbyggarar, 9,3 av 1000 for resten.

Om det er all time high? Det har vel aldri vore så gale som nå? Å jo. Talet har vore høgare. Toppen var rundt 2007, då blei rundt 12.000 barn sikta, så gjekk det nedover, i takt med at vinningskriminalitet – tjuveri, ran, og slikt, rett og slett gjekk ned. Men sidan 2015 har det auka på igjen. Ikkje berre blant innvandrarar, men over heile fjøla. Den største auken skjer i gruppa under 15 år. Dei som er under den kriminelle lågalderen i Norge. Og for meir alvorleg kriminalitet. Kvifor det aukar, er rapporten nokså diffus om. Meir vinnings- og valdskriminalitet, kanskje meir rapportering. Ingenting om at auken kjem samtidig med at innvandringa aukar, etter flyktningkrisa i 2015. Om det er ein samanheng der eller ikkje, burde rapporten sagt noko om. Det spørsmålet vil uansett koma opp.

Etter at det har skjedd

Det tek også for lang tid frå lovbrotet er gjort og til straffereaksjonen kjem. Dei kan fortsetta med kriminelle handlingar i lang tid, før det første forholdet får ein reaksjon. Fleirtalet av barna som så gjennomfører ungdomsstraff, bryt også krava som er sette for den. Kva skjer då? Ingenting. Som regel ingenting.

Etterforsking og oppfølging av barn under 15 som gjer lovbrot? Svært mangelfull. Dei kan få inntrykk av at handlingane deira ikkje får følger.

Fallitt

Vi plasserer barn i fengsel for vaksne. Det kan skada, og det kan bli ei rein opplæring og innføring i vidare kriminalitet.

Det er alvorleg. Det er også det Riksrevisjonen rettar sin sterkaste kritikk mot. Dei meiner det kan få alvorlege følger for enkeltmenneske og for samfunnet.

Vi må ha fleire plassar i ungdomsfengsel. Det blir det riktig nok jobba med, i 2026 skal det vere rundt tre gongar så mange – rundt 30. Men når vi berre i fjor putta 55 barn i vaksenfengsel, seier det seg sjølv at det er for lite og for seint.

I tillegg må barnevernet få nok plassar til den mest sårbare gruppa barn når det gjeld kriminalitet.

Og så?

Eg er redd dette berre endar i valkamp-roping om kven som er tøffast, mest handlekraftig og hardast i klypa. Det kan det bli mange hurtiggåande prosjekt av. For det synest så godt.

Men vi treng meir av alt det som er usynleg for dei fleste av oss. Og det må vere lange pengar, ikkje korte prosjekt. Vi treng fleire Pørni’ar, som orkar bli på posten sin, enten han er i kriminalomsorga, i ein kommunal uteseksjon, i barnevernet, eller blant dei som tek imot og følger opp når fengselsstraffa er over. Vi treng fleire som etterforskar og følger opp sakene med dei under 15. Vi treng meir av det usynlege arbeidet til politiet – som å ha tid til å vere der ungdommane er. Før noko skjer.

Og det må hengi saman. Når det er etterforsking, når det er etteromsorg. Når det er oppfølging av straff. Kven som gjer kva. Når det er rusomsorg og når det er psykiatri, når det er Pørni, når det er politi. Alt som er den viktige og usynlege jobben. Men det spørst om det slår hardt nok i ein valkamp.

Vi treng fleire Pørni-ar. Som på usynleg visblir i jobben sin, anten det er i barnevernet, i politiet, i kriminalomsorgen eller etteromsorgen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Publisert:

Publisert: 23. juni 2025 14:23

Read Entire Article