– Når me har gjort ein god jobb, er det ingen som ser kva me har gjort

12 hours ago 4



– Då «Sinners» vart ropt opp heilt til slutt, eksploderte rommet. Du kan sjå for deg korleis det kjennest når ein har jobba med noko i så lang tid.

Det seier nordmann Espen Nordahl, som er nominert i kategorien «Beste visuelle effektar», saman med Michael Ralla, Gudio Wolter og Donnie Dean.

Også Anne Cathrine Sauerberg og Thomas Foldberg er nominerte i kategorien «Beste hår og sminke» for den norske filmen «Den stygge stesøstera».

Det er altså ikkje berre «Affeksjonsverdi», som har ni nominasjonar, som er Noregs Oscar-håp natt til måndag.

Nominasjonsrekord

I januar vart det klart at «Sinners», regissert av Ryan Coogler, sette rekord for antal Oscar-nominasjonar, med heile 16 stykk.

Ein av dei er «Beste visuelle effektar», kor Nordahl er nominert.

Der er dei nominerte saman med mellom anna «Avatar», som hadde eit budsjett 10 til 20 gongar større enn «Sinners».

Då nominasjonen vart kjend, var mor den fyrste Nordahl ringde.

– Ho sa eg måtte hugse å takka ho i talen. Nei, mest av alt var ho veldig stolt, seier han frå Venice Beach i California.

Espen Nordahl i profil

Espen Nordahl har også jobba med blant anna «Max Manus», «Kon-Tiki» og «The Last of Us».

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Målet? Å vera «usynlege»

«Sinners» er ein vampyrskrekkfilm som omhandlar det segregerte sør i USA.

For dei som har sett filmen, kan det vere vanskeleg å sjå at bileta er sette saman av visuelle effektar.

Men sanninga er at så godt som alle scenane i filmen er korrigerte eller endra på – i større eller mindre grad.

Det er litt ironisk, for når me har gjort ein god jobb, er det ingen som ser kva vi har gjort, seier Nordahl.

– Heile føremålet med det vi held på med, er at ingen skal merke at vi har vore der, legg han til.

– Sjølv på sett var det ganske forferdeleg

I forkant av Oscar-utdelinga har det vore ei utstilling med spesialeffektar på Academy Museum i Hollywood.

Der har effektar frå «Den stygge stesøstera» vore utstilte.

Anne Cathrine Sauerberg og Thomas Foldberg seier til NRK at dei er æra over å ha vore med på produksjonen.

«Den stygge stesøstera» er regissert av Emilie Blichfeldts. Filmen er inspirert av «Askepott», men er fortald frå perspektivet til den eine stesøstera.

Her kan du høyra Filmpolitiets vurdering av filmen:

Sauerberg og Foldberg seier det var spennande å laga karakteren «Elvira», som både skulle vere søt tenåringsjente og litt ekkel samtidig.

– Eg synest faktisk det var det morosamaste å prøva å laga noko som både var eventyr, og noko ein kunne sjå seg sjølv i, seier Sauerberg.

Ei scene som skil seg ut, er då hovudpersonen Elvira, som er spelt av Lea Myren, tyr til slanking med bendelorm.

– Grunnen til at det er så grotesk, er Leas måte å spela det på. Sjølv på sett var det ganske forferdeleg, seier Foldberg.

Thomas Foldberg og Anne Cathrine Sauerberg

Anne Cathrine Sauerberg og Thomas Foldberg frå Danmark har gjort sminka i «Den stygge stesøstera».

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Myren sjølv seier til NRK at bodyhorror er ein fantastisk sjanger og at sminka hadde mykje å seia for karakteren hennar.

– Eg trur det var veldig viktig for meg å få på all sminka, for å klara å forstå kven ho var.

Vrien tvilling

Tilbake på Venice Beach fortel Nordahl at 50 VFX-artistar har vore med på å laga alt frå bomullsplantasjar til vampyrar som står i brann.

Noko av det aller vanskelegaste dei gjorde, var å laga Michael B. Jordan sin tvilling i filmen.

Skodespelaren måtte spela alle scener to gonger, og det var VFX-artistane sin jobb å integrera scenene og få det saumlaust.

Bilde fra filmen Sinners. Michael B Jordan (i tvilling-format) står i en døråpning. Ved siden av og bak tvillingene står flere andre. Scenen er satt i sørstatene i USA på 30-tallet.

Michael B. Jordan speler tvillingar i filmen «Sinners» som no har rekord i antal Oscar-nominasjonar.

Foto: Warner Bros Pictures/AP

«Tvillingane» er mykje saman i filmen. Dei går nedover gata, gir kvarandre ein klem, slåst og tenner sigaretten til kvarandre.

Det var tidkrevjande arbeid, seier Nordahl.

At dei no har fått anerkjenninga det er å verta nominerte til ein Oscar betyr mykje.

– Endeleg nådde me dit me eigentleg aldri trudde me skulle nå.

Publisert 15.03.2026, kl. 10.48 Oppdatert 15.03.2026, kl. 10.51

Read Entire Article