Når reinsdyra blir til ei plage og verste fiende for lokal eksistens

1 week ago 10



Eg skriv dette som ein oppgitt og frustrert grunneigar frå Valle i Setesdal, med røter tilbake til den tida då støylsdrifta var sjølve livsnerva i bygda.

Vi aksepterer ikkje at staten skal ta frå oss det vi verdset mest – heiane våre, skriv innsendaren. Foto: Kjell Ole Homme

Våre forfedre levde side om side med viltet i fjellet – i harmoni, generasjon etter generasjon. Den såkalla villreinstamma som går i Valle austhei, er 45 år gamal i år.

Reinsdyra i Valle austhei har sitt opphav frå tamreinselskap på Hovden. Etter at tamreinselskapet på Hovden blei avvikla, gjekk tamreinen fritt i Valle austhei. Staten spurde grunneigarane om vi ville ha dyra fjerna, eller om vi ynskte å omdefinere dyra til villrein. I samråd med grunneigarane blei dyra omgjort frå tamrein til villrein.

No opplever vi at staten og såkalla reinsdyr-ekspertar vil fordriva oss frå eigedomane våre på grunn av dei same reinsdyra. No vil staten at reinsdyra skal ta over alt vi eig og har. Dette skaper djupe sår i tilliten til byråkratar og dei folkevalde politikarane våre.

No vil staten at reinsdyra skal ta over alt vi eig og har.

Dei nye reglane for motorisert ferdsel rammar oss som bur her, ingen andre. Vi står åleine att med risikoen for bøter og til og med fengselsstraff på inntil to år. Vi mistar råderett over eigen eigedom, og det er vi som skal bera heile byrda. Når Valle kommune har gjort sitt beste for å avgrensa og samla hytteutbygginga for å ta vare på naturen, endar det likevel med at lokalbefolkninga blir straffa hardast for å vere flinke.

Lat oss vere ærlege – det er allemannsretten som har skapt dei største problema. Når alle og ein kvar har tilgang til fjellet, aukar ferdselen kraftig. Vi i Valle, 1200 innbyggjarar, skal ta ansvaret for alle konsekvensane – medan staten bestemmer, og vi blir sittande att med reikninga.

Dersom staten skal innføre restriksjonar på nesten heile leveområdet vårt i Valle (80 prosent), må staten kompensere for det dei tek:

Lokalbefolkninga, som faktisk skal bu og leve her, må få bruke fjellet fritt, utan byråkratiske søknader og dispensasjonar frå statlege myndigheiter.

Allemannsretten bør forbys i definerte villreinområde, i alle fall i dei mest sårbare periodane for reinen.

Lokalbefolkninga, som faktisk skal bu og leve her, må få bruke fjellet fritt, utan byråkratiske søknader og dispensasjonar frå statlege myndigheiter.

Fjern SNO som valfartar heiane våre i Setesdal. Dei køyrer snøskuter rundt i heiane både seint og tidleg i vintersesongen, helst når det er strålande sol og høgtidsdagar med overtidsbetaling. Vi har ikkje behov for eit SNO som leiker politi og berre er ute etter å stemple bygdefolket som kjeltringar. Slik kan vi redusera ferdselen betydeleg og samtidig få igjen litt for dei ekstremt distriktsfiendtlege inngrepa staten no ønskjer å gjennomføre.

Det handlar om respekt for dei som har forvalta og teke vare på desse områda i hundrevis av år. Vi har levd på lag med naturen lenge før nokon kontortilsett i Oslo byrja å teikne kart over korleis vi burde leve. No fortener vi å bli høyrde – for det er vi som kjenner fjellet vårt. Vi aksepterer ikkje at staten skal ta frå oss det vi verdset mest – heiane våre.

Vi har ikkje behov for eit SNO som leiker politi og berre er ute etter å stemple bygdefolket som kjeltringar.

Read Entire Article