Nattemørket gjer terrengbrannen meir utfordrande: – Dette blir langvarig

3 weeks ago 23



Siste: – Det er for tidlig å konkludere i brannårsak, men vi vet at det har vært arbeid utenfor eit hus, seier innsatsleiar i politiet Casper Kaland til NRK klokka 23.00.

Sivilforsvaret og eit skogbrannhelikopter er nå kalla inn i kampen mot flammane i terrengbrannen på Sotra, sør i Øygarden kommune i Vestland.

Men helikopteret blir førebels verande på bakken.

– Helikopteret kan ikkje fly i mørket. Det vil vere klart for oss i morgon tidleg når dagslyset kjem, seier vaktkommandør Børre Brekkvassmo i 110 Vest til NRK.

– Kvifor kom ikkje helikopteret tidlegare?

– Det vart først bedt om tidleg på kvelden, seier Brekkvassmo.

Skogbrann på Sotra

Store ressursar kjempar mot flammane.

Foto: Nina Kausland

Sivilforsvaret på plass

Brannen vart først meldt rundt klokka 19.30.

Per klokka 22.15 er sju brannstasjonar involverte i sløkkingsarbeidet, og leiaren for Sivilforsvaret har kome staden. Det har også 15 personar frå Sivilforsvaret.

– Dette vil vere ein langvarig prosess. Vi kjempar mot ein svært utfordrande brann i eit vanskeleg terreng. Det er svært vanskeleg å ta seg fram til fots, seier Brekkvassmo.

 Ove Geir Stusdal i Øygarden brann og redning

Ove Geir Stusdal i Øygarden brann og redning seier at brannen beveger seg raskt.

Foto: Nina Kausland / NRK

– Fronten er fleire hundre meter

Også innsatsleiar Ove Geir Stusdal i Øygarden brann og redning, omtalar brannen som krevjande.

– Brannen bevegar seg sakte mot sør, men fronten er på fleire hundre meter. Vi vet no kor brannen er og byrjar arbeidet med å få kontroll på brannen, seier innsatsleiar Stusdal til NRK klokka 22.30 og legger til:

– Vi trur vi skal få sløkt brannen, men vi kjempar litt mot mørket.

Evakuering kan bli aktuelt

Frykta til brannvesenet er no at brannen skal spreie seg til ei skog like ved.

– Det er fare for spreiing til ei skog, som vi absolutt ikkje ønsker. Da vil brannen bli enda større og det vil bli aktuelt med evakuering for bebuarar, seier Stusdal klokka 22.30.

Politiets operasjonsleiar Tatjana Knappen seier samstundes at Øygarden kommunes beredskapsvakt er blitt varsla. Dei vil varsle bebuarar i tilfelle evakuering.

Brannen er framleis i området mellom Kausland og Kvernevika.

– Det er viktig å hindre at den spreier seg over til Glesnes og bebyggelsen der, seier Knappen.

Det brenn i dette området sør i Øygarden kommune.

– Heilt inntil huset mitt

– Det brann tett inntil huset mitt. Heilt opp til terrassen, seier Hilde Stubsve Kausland då NRK snakkar med henne i 20-tida.

Både familien og brannvesenet jobba med å sløkka flammane.

Etterpå har brannen bevega seg lenger sør på øya.

 tett på ein boligterrasse

Brannen kom heilt inntil terrassen på huset til Hilde Stubsve Kausland.

Foto: Hilde Stubsve Kausland / NRK

Ho stolar ikkje på at huset hennar no er utanfor fare.

– Det veit vi ikkje viss vinden snur.

Ho fortel at familien opplevde ein lyngbrann for rund tjue år sidan, men denne i dag er mykje større.

– Dette er ikkje noko greitt. Det er det verste som finst. Vi får håpe det går bra.

Skogbrann på Sotra

Skogbrannen er ikkje kontroll på.

Foto: Nina Kausland / NRK

Publisert 09.04.2025, kl. 20.29 Oppdatert 09.04.2025, kl. 23.03

Read Entire Article