Nederlandsk siger i skøytefinalen
Det blei også nederlansk siger i kvinnenes skøytefinale. Marijke Groenewoud vann fellesstarten i OL, framfor Ivanie Blondin frå Canada og Mia Manganello frå USA.
Det var ingen brot som gjekk gjennom i kvinnenes finale. Det blei difor ein kamp om spurten, som Groenewouod til slutt tok.
Viktor Thorup sjokkerte i skøytefinalen – tok Danmarks første medalje i vinter-OL på 28 år
Nederlandske Jorrit Bergsma og danske Viktor Hald Thorup gjekk offensivt til verks og skaffa seg ei luke tidleg i finalen i skøyte-fellestarten i OL.
Duoen heldt heilt inn, og sjølv om Bergsma tok gullet, var gleda kanskje aller størst hos Thorup.
Dansken tok ein historisk sølvmedalje. Dette er Danmark sin første vinter-OL-medalje sidan 1998, og den andre totalt i historien.
I Nagano for 28 år sidan tok det danske kvinnelaget i curling sølv.
Bak i hovudfeltet var det lita vilje til å ta opp jakta, noko som sikra tetduoen eit avgjerande forsprang.
Italienske Andrea Giovannini vann spurten om bronsen, medan storfavoritt Jordan Stolz måtte nøye seg med fjerdeplass.
– Alle tenkte at eg skulle hente det inn. Men då har eg ikkje sjanse til å vinne. Så det blei ein kamp om bronsemedaljen, seier Jordan Stolz til NRK etter løpet.
James Milner tok Premier League-rekord – spilte sin 654. kamp
Midtbaneveteranen James Milner (40) har tatt kamprekorden i Premier League da han spilte fra start for Brighton mot Brentford.
Milner tangerte rekorden til Gareth Barry i forrige serierunde da han ble byttet inn til sin 653. kamp i den engelske toppdivisjonen.
Barry spilte samme antall kamper fra 1998 til 2018 for Aston Villa, Manchester City, Everton og West Bromwich.
Lørdag noterte Milner sin 654. kamp i Premier League. Midtbaneveteranen PL-debuterte for Leeds i 2002 og har senere spilt for Newcastle, Aston Villa, Manchester City, Liverpool og Brighton.
Før helgens runde lå Brighton på 14.-plass med 31 poeng. Brentford er nummer sju med sine 40 poeng. (NTB)









English (US)