Foreldreutvala (FAU) ved skule og oppvekst på Byremo ønskjer å uttrykkje sterk uro og motstand mot det føreslåtte vedtaket om å leggja ned Byremo tannklinikk, som del av fylkeskommunen si omstrukturering av den offentlege tannhelsetenesta i Agder.
Byremo tannklinikk har i ei årrekkje vore eit viktig og velfungerande helsetilbod for born og unge i vårt område. Ei nedlegging vil medføra vesentlege ulemper, både for elevane og deira føresette:
• Lang reiseveg til Evje/ Mandal tannhelsesenter vil føra til tap av verdifull undervisningstid for elevane.
• Mange føresette vil måtte ta fri frå arbeid for å følgja borna til behandling, noko som skapar praktiske og økonomiske utfordringar.
• Dette rammar særleg barnefamiliar i distrikta, og bidreg til ei ytterlegare svekking av tenestetilbodet utanfor sentrale strøk.
Det er kjent at Byremo tannklinikk vert driven kostnadseffektivt, og i fleire tilfelle meir økonomisk gunstig enn større einingar. Klinikken har god kapasitetsutnytting og høg grad av pasienttilfredsheit. Nedlegginga framstår difor som lite gjennomtenkt, både økonomisk og samfunnsmessig.
FAU stiller spørsmål ved kvaliteten på saksutgreiinga som ligg til grunn for vedtaket på Byremo. Fleire vesentlege forhold – mellom anna konsekvensar for born, undervisning, føresette og lokalsamfunn – verkar å vera utilstrekkeleg belyst eller utelatne.
På vegner av foreldra ved skulane ber FAU om at saka vert utsett, og at det vert gjennomført ei grundig og heilskapleg konsekvensanalyse før endeleg vedtak vert fatta. Vi ber om at fylkeskommunen tek kontakt med lokale aktørar, inkludert skulane og FAU, for å sikra ei breiare forståing av situasjonen.
Vi takkar for at det vert tid til å møte oss representantar for utvala og lytte til våre synspunkt i den vidare prosessen.