Nei til eit sykehus. Ja til eit hovedsykehus.

19 hours ago 9



I debatten om framtida for sykehusa på Sørlandet har eg inntrykk av forvirring om kva ein meiner med eit sykehus.

Foto: Jacob J. Buchard

Oppdatert: 1 minutt siden

Du leser nå et debattinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Skal alle leggast ned for å bygge nytt? Altså kaste korta og begynne på nytt? Skal Flekkefjord leggast ned? Skal Arendal og Flekkefjord leggast ned?

Eg seier nei. Det er meiningslaust. Ingen sykehus skal leggast ned. Men vi må ha funksjonsfordeling med eit sykehus som hovedsykehus. Ein stor del av pasientane, spesielt ved medisinsk avdeling, kan behandlast og får god behandling ved alle sykehus.

Men medisinsk utvikling går raskt, det ser ein både i spesialisering, utstyrsutvikling og kvalitetssikring. Spesialiserte funksjonar må sentraliserast, det er særs tydeleg der det er vanskeleg å rekruttere spesialistar. Om ein er sjuk nok vil dei fleste av oss ikkje godta nestbest («nest tryggast») behandling for å støtte sitt sykehus. Difor oppmodar eg alle til å dempe sine lokalpatriotiske kjensler.

La faglig kvalitet vere styrande for Sørlandet sykehus i framtida.

Publisert: torsdag 30. april 2026 kl. 10:23 Oppdatert: 1 minutt siden

Read Entire Article