DEBATT: Det er mange ting som er diskuterbart i det norske landbruket i dag, ein av desse tinga er om me skal ta i bruk metanhemmande i foret til dyra, då spesielt drøvtyggjarar.
Lina Madland,
Elev vg2 yrkesfag, røyrleggar, Bryne Vidaregåande Skule
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Målet med dette er å redusere klimagassutslepp frå nemleg drøvtyggjarar. Det er det mange som er ueinige i, inkludert meg sjølv.
Fleire rapportar frå Danmark viser til ei mogleg auking i helseproblem blant enkelte besetningar som tek i bruk Bovaer. Dette fører til mykje skepsis for dyras framtidige helse og velferd. Det er også mykje skepsis til ukjente konsekvensar ved langvarig bruk og blant anna korleis det vil påverke både vomma, men også mikrobioet til kua på sikt. På grunn av ein del uro i Danmark og potensielle helseeffektar har både TINE og norsk mjølkeråvare midlertidig stansa bruken av det metanhemjande.
Forstyrra naturleg prosess
Eg meiner at det å forstyrre den «naturlege» prosessen til kua ved fordøying vil vere problematisk. Det metanhemjande foret vil vere kostbart å skaffe og å blande inn, og vil vere ei «unødvendig» økonomisk belastning for mange bønders eigen økonomi.
Ein bondes kvardag er ofte hektisk og travel, og ganske sesongbasert, den metanhemjande foret vil krevje nøyaktig dosering for å oppnå noko effekt, dette kan vere praktisk krevjande å få til i ein bondes elles travle kvardag. Ein anna ting med dette metanhemjande foret som er så omdiskutert, er at om ein bonde i Norge ikkje vil nytte seg av dette i foret sitt, om det vert eit krav, ville dei mista husdyrilskodet sitt.
Noko som er veldig problematisk, fordi det skaper eit økonomisk press som allereie er der frå før om at -ja du kan velje å ikkje nytte deg av dette, men då tek me frå deg eit viktig tilskot som bonden kanskje er avhengig av. Men vel du å nytte deg av tilbodet skal du fortsette å få husdyrtilskot. Dette heng ikkje på greip.
Krevjande å bruka
Eg vil også få fram at metanhemjar krev verneutstyr for å verte handtert. Ein kvar som utfører noko som er i kontakt med det metanhemjande middelet er sterkt råda til å bruke pustemaske, for å unngå å puste inn middelet, handtering av produktet i seg sjølv krev beskyttelse fordi det ikkje skal ha kontakt med verken auge eller hud. Det er også på det sterkaste anbefalt å vaske hender grundig etter bruk.
Dette vil krevje mykje ekstra tid som dei fleste bønder i dag kanskje ikkje har tilgjengeleg. Det er ofte barn som skal køyrast på ulike fritidsaktivitetar, det er stelling og mjølking av dyr ofte minst 2 gonger til dagen, det er tidlege morgonar og seine kveldar.
I staden for å prakke på den norske bonden enda fleire lover og regler, restriksjonar og retningslinjer, bør me heller støtte dei me å kjøpe norsk og lokal mat og vise takksemd for at dei held landbruket i gang sjølv om dei får altfor lite igjen for det.
Publisert:
Publisert: 11. juni 2026 09:39

1 day ago
9






English (US)