Ni personar til sjukehus etter frontkollisjon på E8 utanfor Tromsø

1 month ago 40



Troms politidistrikt melder at to personbilar frontkollidert på E8, omkring halvanna mil utanfor Tromsø.

Den første meldinga kom klokka 19.21.

Det skal totalt vere ni personar som er involverte.

– Ikkje meldt om alvorlege personskadar, men store materielle skadar, opplyser politiet i politiloggen ti minutt seinare.

Klokka 20.23 kom kontrabeskjeden:

– Alle involverte er sendt til sjukehus med ambulanse, opplyser politiet.

Vegen stengd i begge retningar ved Hundbergan. Politiet opplyser at bilberging er bestilt.

Det er ingen omkøyringsveg i nærleiken.

For tungtransporten er det ingen omkøyringsveg til Tromsø, mens persontrafikken har omkøyringsveg via Balsfjord kommune og Ryatunnelen. Omkøyringsalternativet er på vel 16 mil.

NB! Politiet meldte ei stund at kollisjonen var mellom ein minibuss og ein personbil. Kollisjonen viste seg å vere mellom to personbilar.

Publisert 08.03.2025, kl. 19.30 Oppdatert 08.03.2025, kl. 20.45

Read Entire Article