No blir det mildare i heile landet – sommartemperaturar på veg

2 days ago 5



Det er statsmeteorolog Idun Hana som har gode nyheiter til alle som synst våren har vore kald.

I nord og på Vestlandet stig temperaturen allereie dei neste dagane, medan Austlandet og Sørlandet får stigninga i helga.

Og det ser ikkje ut til å bli kjøligare att med det første.

ei lang og slak bru framfor eit fjell. framfor brua ser me veg og gule løvetannblomar

Løvetannen blømer ved Atlanterhavvegen.

Foto: Bjørn Ove Bækken / Privat

Kan bli 25 grader i Oslo

Dei neste dagane vil temperaturen ligga på mellom 18 og 20 grader på Vestlandet og i Midt-Noreg. I nord vil det bli opp mot 15 grader.

Austlandet og Sørlandet må venta litt lenger før det blir varmare.

– Det skjer mest frå fredag, så der ser det ut til at helga blir ganske varm, seier Hana. Ho viser likevel til at det vil vera ei jamn stigning før det òg.

Kristiansand kan få 21 grader søndag, medan Oslo kan få opp mot 25 grader neste veke.

– Det ser ut til at Austlandet og Sørlandet vinn på dei varme temperaturane.

Hana viser likevel til at prognosane for neste veke enno er noko usikre.

– Men at det blir mellom 20 og 24 i helga, det er det ganske stor einigheit i.

løvetann strekker seg mot sola på ein blå himmel med eit tynt skylag

Måndag er det sol og fint i Trondheim.

Foto: Sidsel Helen Walla Saasen / Privat

– Er det rett og slett sommaren som kjem?

– Det ser veldig slik ut, men eg torer ikkje lova noko.

Hana viser til at prognosane lenger fram i tid er meir usikre.

– Så vidt eg kan sjå er det ingenting som tyder på at det skal bli kjølig igjen.

Det er varmluft frå Europa og Russland som er på veg frå sør og aust som kjem til Noreg.

kvite skyer på blå himmel. Eit fjell som blir treft av sola. Vatn og små hus i det fjerne, framfor fjellet

Det blir mildare også på Vestvågøy og i Nord-Noreg.

Foto: Gunnar Strand / Privat

– Skiftande vêr

Men det finst likevel ein strek i rekninga for alle som håpte på sommardagar med strålande sol.

Statsmeteorologen kallar det «veldig ulike opplevingar» alt etter kvar i landet du er og kva dag du ser på.

– Det kjem til å vera ganske skiftande vêr framover.

På Austlandet og Sørlandet blir det skya og kanskje noko regn dei neste dagane, før det klarnar opp i helga.

plommetre med smått visnande blomar stikk fram framfor eit fyr. himmelen er blå med tynne kvite skyer

Plommebløminga er på hell i Trondheim.

Foto: Sidsel Helen Walla Saasen / Privat

– I helga kan det bli lettskya og periodar med mykje sol.

I nord er tendensen omvendt.

Der blir truleg måndag, tysdag og onsdag dei finaste dagane. Det kan bli opp mot 15 grader og ein god del sol. I helga kjem regnet og gråvêret dit òg.

På Vestlandet blir det overskya og grått denne veka, medan neste veke ser ut til å bli noko finare.

– Men på Vestlandet skal det vera ganske overskya heile perioden.

Det kjem ikkje nødvendigvis mange strålande, solfylte dagar med det mildare vêret, men statsmeteorologen har likevel ei anna god nyheit.

– Det blir veldig rolege vindforhold denne veka. Når temperaturane går opp og det er lite vind, så kjem det til å følast veldig mildt.

Bløming på Espe i Ullensvang, Sørfjorden i Hardanger.

På Espe i Ullensvang i Vestland blømer trea, men det er framleis ein god del snø i fjella.

Foto: Tale Hauso / NRK

Publisert 18.05.2026, kl. 15.21

Read Entire Article