– Ein kollega av meg sa at vi var nok ikkje forberedt på suksess, seier direktøren i Geirangerfjorden verdsarv, Katrin Blomvik Bakken.
Ho snakkar om dei 300 søknadane som ramla inn i innboksen hennar då dei lyste ut stipendet i fjor haust.
No er det klart at dei får pengar til ein ny runde der folk kan søke om å bu og jobbe gratis i små bygder på Island, Færøyane og i Noreg.
Nordisk Atlantsamarbeid (NORA) har gitt 750 000 kroner til å vidareføre prosjektet.
– Denne gongen skal det bli meir profesjonelt, slår ho fast.
Katrin Blomvik Bakken er direktør i Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKNy sjanse
Sterk sentralisering gjer at mange bygdesamfunn døyr ut. Fleire land i Europa jobbar difor med å tiltrekke seg digitale nomadar.
Dei tre bygdene Geiranger i Noreg, þingeyri på Island og Vágur på Færøyane er saman om Arctic Digital Nomads Grant.
Vágur kommune på Færøyane har laga ein reklamevideo for å vise kva ein kan oppleve ved å bu der.
FOTO: Martijn BastiaansProsjektet går ut på at folk som kan ta med seg jobben kvar som helst, kan søke om å få bu gratis i ei eller fleire av desse bygdene frå ein til tre månader om vinteren.
Dei som får stipendet, får også gratis kontorplass.
– Vi ser etter dei som kan ta med seg jobben sin kvar som helst, og som i tillegg er interesserte i eit liv på bygda, seier Katrin Blomvik Bakken.
Geiranger er stille og fredeleg om vinteren.
FOTO: Øyvind SandnesNy søknadsportal i oktober
Målet er å skape meir liv i bygdene om vinteren, og kanskje kan også nokon bli freista til å flytte dit permanent?
Målet er at ein ny søknadsportal skal vere klar i oktober. Det er nokre av dei som var digitale nomadar i Geiranger i fjor som lagar portalen.
– Då slepp vi at det kjem ein haug med søknader til mi private e-postadresse denne gangen, ler Katrin Blomvik Bakken.
– Og det ser vi verkeleg fram til, for det var ei litt stor oppgåve, legg ho til
Fleire av dei digitale nomadane samla til italiensk lunsj på Norsk Fjordsenter i Geiranger i vinter.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKDistriktssenteret er eit nasjonalt kompetansesenter som jobbar med å hjelpe kommunane med å utvikle attraktive lokalsamfunn.
Direktør Marit Mellingen, har tidlegare sagt til NRK at det er éin viktig ting som må vere på plass når ein prøver å få folk til å flytte til bygda – i tillegg til hus og jobb.
– Det vi veit er viktig for å få folk til å bli verande på ein plass, er at dei trivast og blir inkludert i lokalsamfunnet, sa ho.
Det har folket i Geiranger-området gjort alt dei kan for å få til i vinter.
Marit Mellingen er direktør i Distriktssenteret.
Foto: Sondre DalakerStartar filmfestival
Det var rundt 15 personar som fekk stipend til å bu i Geiranger og bygdene Norddal og Eidsdal denne vinteren.
Katrin Blomvik Bakken seier den første vinteren med ordninga har gått kjempebra, og at nokre av dei digitale nomadane alt har varsla at dei kjem tilbake.
– Ein familie kjem flyttande tilbake til nabobygda Norddal. Dei kjem i haust og skal i første omgang bu her eit år, fortel ho.
Nora Blomvik Bakken var glad for å få nye leikekameratar i Geiranger i vinter.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKI tillegg kjem to andre digitale nomadar tilbake til hausten for å starte ein filmfestival i Geiranger.
– Det blir veldig spennande. Festivalen skal starte opp i november, fortel Bakken.
Ho seier at også fleire av dei andre nomadane som var der i vinter, kjem tilbake på eiga hand i løpet av året.
– Så blir det veldig spennande å sjå om vi får fleire til å komme og bu her då, seier ho.
Publisert 03.06.2025, kl. 05.14