No er alle klare – Skrellex fekk siste finaleplassen i MGP

5 hours ago 1



Dermed er alle dei ni artistane som skal kjempe om sigeren, klare.

– Tusen, tusen takk til alle som har stemt på meg, sa ein svært glad og rørt Skrellex då resultatet var klart.

Det blir eit stjernespekka show når Noregs største musikkonkurranse inntar OL-byen. Årets finalefelt består totalt av ni artistar.

Dei første åtte av dei blei handplukka, men nytt av året var at publikum sjølve kunne røyste fram den siste finalisten gjennom ein eigen MGP-cup.

Åtte artistar kjempa om denne siste finaleplassen, men i dag blei vinnaren kåra. Skrellex vann sin finaleduell mot Raylee.

Deltakarane i MGP-finalen

NI AV NI: Storm (frå venstre bak), Leonardo Amor, Silke, Jonas Lovv, Emma, Alexander Rybak, Skrellex, Hedda Mae og Mileo.

Foto: NRK

Alle låtane ligg no ute i strøymetenestene.

Her er dei ni som skal kjempe om sigeren i MGP-finalen.

  • Alexander Rybak til MGP

    Alexander Rybak

    Alexander Rybak treng neppe nokon introduksjon. Nesoddingen har alltid elska å fortelje historier på scena, og inspirert av sin store helt Jahn Teigen vender han no tilbake til «musikkens folkefest».

    Fela er sjølvsagt med! Etter fleire år med andre prosjekt, inkludert barnemusikalen «Trolle» og ein mastergrad i filmmusikk frå USA, er han klar med albumet «Fairytales Too».

    Her møter popmusikken det filmatiske orkesteret, og eitt av spora er altså årets MGP-bidrag.

  • Hedda Mae til MGP

    Hedda Mae

    Sidan gjennombrotet i 2020 har Hedda Mae gjort seg bemerka både heime og ute med sin leikne og energiske retropop.

    Ho hentar inspirasjon frå 90- og 00-talet, og kombinerer sjølvironi med ei kompromisslaus haldning.

    Bidraget «Snap Back» er ei poplåt som handlar om giftige relasjonar, men også om krafta til å reise seg igjen når alt ser mørkt ut.

    Hedda har følgt MGP heile livet, og i år følest det endeleg rett å stå på scena sjølv.

  • Mileo til MGP

    Mileo

    Den norsk-australske artisten Mileo gjorde inntrykk i 2024, og no er han tilbake med låten «Frankenstein».

    Med eit mørkt, men kraftfullt bodskap vil han ta kontroll over sin eigen identitet og omfamne det som ikkje er perfekt.

    Mileo (som spøkefullt hevdar å vere 143 år) byr på eit internasjonalt lydbilete og eit teatralsk uttrykk.

    Han vil vise at sjølv om ein føler seg som eit «monster», finst det venleik i det rare.

  • Emma Gunnarsen til MGP

    Emma

    Emma Gunnarsen har gått frå å sjarmere Noreg som 8-åring til å bli ei av landets mest spennande unge popstjerner, med over 75 millionar strøymingar.

    Etter suksess i Maskorama i 2025 som «Marionetten» og utselde konsertar på Parkteatret, siktar ho no mot Oslo Spektrum.

    Men først er det MGP. Låten «Northern Lights» er skriven av stjernelaget bak Loreen sin vinnarlåt «Tattoo», noko som lovar godt for den unge artisten.

  • Storm til MGP

    Storm

    Ikkje la deg lure av alderen – 17 år gamle Storm er allereie ei markant stemme innan alternativ musikk og rock.

    Han har spelt på store festivalar som Download i Storbritannia og Tons of Rock i Noreg.

    I MGP deltek han med «Lullaby», som blir skildra som ei energibombe der det rå og harde møter det melodiske.

    Storm har bygd seg opp ein stor fanskare på TikTok og er klar for å få heile Noreg til å «Join the Storm».

  • Leonardo Amor til MGP

    Leonardo Amor

    Leonardo Amor flytta frå Filippinane til Noreg for å følgje musikkdraumen. Han har tidlegare imponert i «The Voice» og er uteksaminert frå musikkskulen Limpi.

    Han er heller ikkje ukjend med Eurovision-sirkuset, då han i 2025 deltok i San Marino sin nasjonale uttaking.

    Låten «Prayer» starta som ein idé på ein serviett og har blitt til ei personleg og sårbar historie som han no vil dele med det norske publikummet.

  • Silke til MGP

    Silke

    Silje Montsko Blandkjenn, kjent som Silke, er artist, låtskrivar og produsent frå Kragerø.

    Ho har tidlegare kora i MGP (blant anna på Jone sin «Ekko inni meg»), men no står ho fremst på scena.

    «Forevermore» er ein sjølvprodusert, episk og oppløftande låt om håp og kjærligheit.

    Silke ønskjer å invitere sjåarane inn i sitt univers, «Silketopia», og minne oss på at det alltid finst rom for å drøyme.

  • Jonas Lovv

    Jonas Lovv

    Jonas Lovv vart eit kjent namn gjennom «The Voice», der han sjarmerte med energi, unik stil og sterke formidlingsevner.

    Han er ein ekte entertainer som likar å bryte barrierane mellom scene og sal.

    Bodskapen i låten «YA YA YA» er enkel, men viktig: Ver deg sjølv og gje litt blaffen i kva andre tenkjer – då blir livet mykje gøyare.

  • Skrellex med bakgrunn

    Skrellex

    Heile Noregs Skrellex (Kai Thomas Ryen Larsen) frå Moss er tilbake! Etter suksessen med «Love Again» i 2023, lovar artisten eit endå spissare show. «Into the Wild» blir skildra som episk, krigersk og storslått – ein fest det er umogleg å seie nei til.

Publisert 27.01.2026, kl. 10.10 Oppdatert 27.01.2026, kl. 10.31

Read Entire Article