Tysdag ettermiddag blei nesten 300 personar evakuerte frå bustadene sine på Skarbøvika og Hessa i Ålesund, då ein stor lyngbrann tok over området.
No er det klart at dei endeleg får returnere til heimane sine, melder politiet.
Heile onsdagen var brannhelikopteret i full sving, og fekk spylt ned brannen og kjølt ned fjellsidene. Dei fekk også god hjelp av regnet.
Politiet hadde derfor eit håp om at evakuerte kunne flytte heim, men dronebilete viste at det framleis var varmeaktivitet i fjellet – og dei måtte halde fram med å vere evakuert.
Bilete frå tysdag.
Foto: Remi Sagen / NRKFramleis ikkje under kontroll
Brannsjef Sindre Egeness sa like etter klokka 07:00 torsdag at dei skulle flyge opp ein drone for å få oversikt over siste status.
– Ting går rett veg, det ser ut til at utviklinga er slik vi ønsker, seier han.
Samstundes seier han at dei ikkje har heilt kontroll på brannen, men at utviklinga er positiv, og han peiker på at regnet som har vore det siste døgnet har vore til hjelp.
– Det er eit stort område som har brunne. Det er nesten 800.000 kvadratmeter som har stått i brann, seier han, og legg til at rundt 80 personar frå brannvesenet har jobba med å sløkke brannen.
Det tilsvarar cirka 112 fotballbaner.
Sindre Egeness seier at det er store område som har brunne.
Foto: Remi SagenSjølv om folk får flytte heim, blir det framleis ferdsels- og opphaldsforbod fram til klokka 14:00 fredag. Det gjeld for Sukkertoppen, Tueneset, Hessa og Skarbøvik i terreng og utanfor veg og busetnad.
Det er framleis droneforbod, og Osane idrettshall på Hessa blir framleis heldt stengd.
Heim eller ikkje heim?
Rundt klokka 19.15 onsdag sa at politiet at dei håpte evakuerte kunne flytte heim igjen same kveld.
Like før klokka 22 kom kontrabeskjeden: Dronebilete viste at det framleis var varmeaktivitet, og dei evakuerte fekk ikkje kome heim.
Onsdag kveld hadde dei ikkje full kontroll på brannen, men sa at dei ikkje hadde sett flammar eller røyk på ei god stund.
Bilete frå tysdag.
Foto: Remi Sagen / NRK– På nære nippet
Brannvesenet og andre etatar har jobba på spreng for å hindre at brannen nådde bustadene i området både tysdag og onsdag.
– Det har vore på nære nippet med enkelte bustader, sa innsatsleiar i politiet, Olav Ramnefjell, onsdag.
Bilete frå tysdag.
Foto: Frederik Ringnes / NRKDet har vore svært utfordrande vindforhold som tidvis har hindra brannhelikopteret i å lette, og bidratt til vidare spreiing av brannen.
– Vêret speler oss eit puss. I den eine augeblinken har vi god kontroll, og så kjem det eit vindkast som gjer situasjonen heilt annleis, sa innsatsleiar i politiet Siri Løndal onsdag morgon.
Bilete frå tysdag.
Foto: Frederik Ringnes / NRKPublisert 19.03.2026, kl. 08.16 Oppdatert 19.03.2026, kl. 08.57












English (US)