No kan det bli snø og vanskelege køyreforhold i Sør-Noreg

4 hours ago 6



Yr har sendt ut gult farevarsel om snøfokk i store deler av fjellet i Sør-Noreg frå måndag morgon.

Vegar kan bli stengde og kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel.

– På vegane kan det føre til redusert sikt og snø som pakkar seg i vegbanen, seier vakthavande meteorolog Johanne Ordal.

– Kvifor har det sendt ut farevarsel?

– Det skuldast ein ganske kraftig nordvest med vindstyrkar på sterk kuling til liten storm i fjellet og ein del nysnø har lagt seg på bakken i høgareliggande strøk.

I dei sørlege delene gjeld dette berre for dei høgste fjellovergangane. Det er venta nordvest sterk kuling og periodevis liten storm i høgfjellet.

Skjermbilde av farevarsel i Sør-Noreg, viser at det kjem snø og vind

Farevarsel for fjellet i Sør-Noreg måndag.

Foto: Skjermdump frå Yr

Farevarsel også i Midt-Noreg

Laurdag blei det sendt ut farevarsel om snø over 300 meter i Møre og Romsdal og Trøndelag, og i 14-tida laurdag kom dei første snøfnugga.

På E39 over Strandafjellet var vegane bare, men snøen la seg i vegkanten.

bilde av vegen og snø

Laurdag ettermiddag snødde det på Strandafjellet i Møre og Romsdal.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Ikkje uvanleg med nokre dosar i fjellet i mai

Vakthavande meteorolog Johanne Ordal seier det gjerne kan snø sjølv om kalenderen viser at det er vår. Ho ber folk vere forsiktige.

– Det er ikkje sjeldan at det kjem nokre dosar i fjellet i mai, men det er jo litt ekkelt når folk har bytta til sommardekk, så det kan vere greitt å køyre etter forholda, seier ho.

Publisert 04.05.2025, kl. 13.18 Oppdatert 04.05.2025, kl. 13.29

Read Entire Article