Oppdrag på løpande band, festing til klokka sju om morgonen og ikkje tid til pausar.
Det har vore ei svært travel helg for politiet i fleire norske byar.
Dei nye, utvida skjenketidene gjer at utestader kan servere alkohol fram til klokka seks om morgonen mange stader i Noreg, mellom anna i Bergen.
Der fortel operasjonsleiar Knut Dahl Michelsen fortel om mange oppdrag som har gått i eitt bankande køyr gjennom heile natta.
Politiet ser no ei endring gatene.
Knut Dahl Michelsen ser no kva utvida skjenking gjer.
Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK– Normalt når skjenkinga sluttar halv tre eller tre, går folk heim i tre-firetida. No varer festen lenger, forklarar Michelsen.
Han fortel at det framleis vandrar folk rundt i byen klokka sju om morgonen.
– Det er det som avvik frå ei normal helg.
I hovudstaden kan dei også festa.
– Før vart det bråstille klokka tre, men no ser vi at det er klager heilt til folk er på veg til jobb, seier Karianne Nyhus, oppdragsleiar i politiet i Oslo.
Ho ser same effekt av den utvida skjenkinga som i Bergen.
Det er mykje bråk og det varer heilt til sjutida.
Ho presiserer at det ikkje et snakk om straffesaker, men bråk knytt til festing.
– Tikkar inn heile tida
Politiet fortel at det har vore eit kontinuerleg press som har vore krevjande for mannskapet i Bergen. Det gjeld både for dei som sit på operasjonssentralen og for tenestepersonane ute i gatene.
– Det går stort sett i eitt. Det er vanskeleg å få avvikla pausar, både for dei som sit inne på operasjonssentralen og for dei som er ute, seier Michelsen i Bergen
Politiet må springe frå stad til stad.
Foto: Heiko Junge / NTB,NTB– Ein køyrer frå oppdrag til oppdrag. Det tikkar heile tida inn noko i loggen, eller så kjem patruljane over forhold sjølve som dei må gripe tak i.
Politimeister åtvara før VM
Også i Drammen har det blitt mykje å gjere for politiet.
– Det blir fleire oppdrag og meir uro. Det er høgare aktivitetsnivå på patruljane over ein større del av døgnet, seiar operasjonsleiar i Buskerud, Tom Richard Skuggedal.
I Oslo fekk NRK vere med politiet då Noreg spelte. Då vart det plutseleg mykje å gjere:
Mange tusen menneske er samla i telt og på utestader i Bergen sentrum når Noreg spelar kamp.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKPolitimeister i Oslo, Ida Melbo Øystese, gjekk i forkant av VM ut i VG med ei klar åtvaring om kva politikarane sitt skjenkevedtak i realiteten ville bety for byen.
– All erfaring tilseier at det vil oppstå meir kriminalitet når så mange menneske samlast og det blir servert alkohol, sa politimeisteren før meisterskapen starta.
Supporter-skryt
Sjølv om helga var hektisk, seier operasjonsleiaren i Bergen at bemanninga var god nok til at politiet hadde full kontroll på situasjonen. Han skryter også av bergensarane:
– Stort sett har folk oppført seg greitt. Det er sjølvsagt nokre som øydelegg for mange og etterlet eit inntrykk av at ting er ute av kontroll, men det er det ikkje. Folk følger stort sett pålegga og føringane dei får frå politiet.
Finalen i fotball-VM blir spelt 19. juli. Før den tid er det mange sommarkveldar og mange fotballkampar i vente. Det ligg an til fleire travle helger for politiet.
– Vi må jo vere obs på det, men dette er noko vi skal klare å handtere. Vi tek ei fortløpande vurdering opp mot risiko, tryggleik og bemanning, men per no er det ikkje noka særleg bekymring hos oss, seier Michelsen.
Publisert 29.06.2026, kl. 11.04









English (US)