I dag kom Statistisk sentralbyrå (SSB) med tal som viser at konsumprisindeksen (KPI) var 2,7 prosent høgare i juni i år, enn i fjor.
Det er 0,5 prosentpoeng lågare enn Noregs Bank har venta.
– Det er gledelege nyheiter, for det har ofte vore motsett, seier sjeføkonom Kyrre Knudsen i Sparebank 1.
Sjeføkonom Kyrre Knudsen i Sparebank 1 har lenge lett etter teikn på prisdemping etter at kronekursen har blitt styrka.
Foto: Øystein Otterdal / NRKNoregs Bank har allereie varsla enda ein renteheving i år, for å få ned prisveksten til målet på 2 prosent.
Knudsen ser eit håp i dagens tal om at nordmenn slepp eit rentehopp i august.
På grunn av ein teknisk feil hos SSB er tala ennå foreløpige.
No skal alle sjå VM
På elektronikkbutikken Power på Grünerløkka er TV-avdelinga pynta til fotballfest.
Rundt i butikken lyser tilboda og dette har bidratt til at all elektronikk faktisk er 3,5 prosent billigare denne sommaren enn året før.
– Prisane på TV har vore veldig gode i det siste, i alle fall no under VM, skryter butikkmedarbeidar Sara Hansen.
Hansen håpar Noreg vinn kvartfinalen på laurdag.
Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRKDet viser også dei ferske tala, der prisane på elektronikk har falle med heile 8,5 prosent frå mai til juni.
Og det har kundane lagt merke til.
– Rett før VM selde vi fem TV-ar i timen, så det var kundar i hytt og pine som skulle ha TV-ar.
Renta kan bli uendra
Juni er den tredje månaden på rad, der det er nedgang i prisveksten. I tillegg til elektronikk held også matvareprisane inflasjonen nede.
Prisveksten på matvarer var 2,3 prosent høgare i juni i år enn i fjor, noko som er lågt til juni å vere.
Det gir håp til renteredde nordmenn.
– Nedgangen gir Noregs Bank har gode grunnar til å senke skuldrene litt og halde renta uendra i august, meiner økonom Knudsen.
Om renta blir ståande, er det neste rentemøtet i september. Med tal frå juli er det lettare å sjå om dei midlertidige VM-tilboda har skuld i den lave veksten.
– Uansett skal vi glede oss over at tala er lågare enn venta, og ikkje gløyme at kronekursen har vore på ei sterkare reise, særleg sidan nyttår, seier Knudsen håpefullt.
Rentehåp eller rentegråt?
Men det er ikkje alle som trur at VM-et kan redde oss.
– Eg trur framleis at renta vil auke i august, skriv strateg Dane Cekov i SB1 Markets på ein e-post til NRK.
Strateg Dane Cekov i SB1 Markets meiner vi ikkje berre kan sjå på tala frå juni på grunn av lave prisar under VM.
Foto: William Jobling / NRKTidlegare har han sagt at prisdempinga under VM er midlertidig, og held fast ved dette.
– Det er avgjerande å få tal frå juli for å sjå om rentehevinga kjem i august eller september.
Men han er uansett sikker på at Noregs Bank hever renta.
Men økonom Knudsen er ikkje like sikker på dette.
– Kan det skje at rentehoppet i haust blir heilt avlyst?
– Det kan det faktisk vere ei moglegheit. På rentemøtet i september skal dei ha full gjennomgang, og da kan dei sjå om prisveksten er langt nok nede til at dei kan halde seg på ein rentetopp på 4,25 prosent, seier Knudsen.
Publisert 10.07.2026, kl. 16.30










English (US) ·