No skal kyrkja seie unnskyld: – Må ta ansvar

10 hours ago 1



Saka oppsummert

  • Den norske kyrkja skal torsdag halde ei gudsteneste i samband med at dei ber om unnskyldning til skeive.
  • Prost Kristine Sandmæl i Lofoten meiner unnskyldninga er ein historisk augeblink for kyrkja.
  • Det er ikkje kjent på førehand korleis biskopane vil formulere unnskyldninga.
  • Sandmæl seier at debattklimaet om skeive sine retta i kyrkja til tider har vore utfordrande.

Oppsummeringa er laga med kunstig intelligens (KI) frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av TV 2s journalistar. Les om korleis vi jobbar med KI

Kristine Sandmæl går mellom benkane i Oslo domkyrkje. Torsdag skal det vere ei heilt spesiell gudsteneste her.

– Eg er veldig spent på korleis den vil fungere for dei som kjem hit. Så er det jo fint, då. Det er ein historisk augeblink for Den norske kyrkja, seier ho.

Skal seie unnskyld

Saman med ei rekke andre skal ho halde ei messe i samband med at Den norske kyrkja seier unnskyld til skeive.

Først skal biskopane i Den norske kyrkja (DNK) halde ein pressekonferanse på London pub i Oslo. Pressekonferansen vil bli leia av preses Olav Fykse Tveit.

Det er på denne pressekonferansen unnskyldninga skal kome. På same måte som i resten av samfunnet har skeive gjennom mange år kjempa for sine rettar.

Seinare torsdag skal det haldast ei gudsteneste i Oslo domkyrkje. Der skal representantar frå fleire skeive organisasjonar vere med. Kronprinsparet har også varsla at dei vil delta på gudstenesta.

Utviklinga i kyrkja sitt forhold til LHBT+

    Kjelde: Den norske kyrkja

  • 1954: Bispemøtet slår fast at homoseksuelle handlingar er «perverse og forkastelege»
  • 1973: Biskopane opprettar «Hygen-utvalet» som skal jobbe med spørsmål knytt til homofili
  • 1977: Hygen-utvalet kjem med si utgreiing og innfører eit skilje mellom «homofil legning» og «homofil praksis»
  • 1984: Åpen kirkegruppe og biskop Andreas Aarflot etablerer ei samtalegruppe
  • 1993: Biskopane utnemner ei arbeidsgruppe som skal uttale seg om homofili
  • 1995: Utgreiinga «Homofile i kyrkja» blir presentert og tre av biskopane vil opne for forbøn for likekjønna par
  • 1995: Kyrkjemøtet stemmer mot at homofilt samlevande kan tilsetjast i kyrkja
  • 1997: Biskopane er framleis delt i synet på tilsette som lever i homofilt samliv
  • 1997: Kyrkjemøtet presiserer at homofilt samlevande ikkje kan vere prest, diakon eller kateket
  • 1997: Siri Sunde blir tatt ut av presteteneste når ho inngår partnarskap
  • 1999: Siri Sunde blir innsett som prest på nytt av biskop Rosemarie Køhn
  • 1999: Kyrkjerådet meiner at biskopane ikkje er lojale mot Kyrkjemøtet
  • 1999: Bispemøtet slår fast at kvar enkelt biskop kan gjere sine eigne vurderingar i tilsetjingar av homofilt samlevande
  • 1999: Eit fleirtal i Kyrkjerådet meiner biskopane sitt sjølvstende er øydeleggande for kyrkja si eining

  • 2006: Den norske kyrkja si lærenemnd presenterer ei utgreiing om homofili og Bibel

  • 2007: Biskopane vil oppheve vedtak som hindrar homofile å bli tilsett i kyrkja og få forbøn

  • 2007: Kyrkjemøtet opnar for ulike syn på homofilt samliv

  • 2008: Ny ekteskapslov gjer at det trengst ny liturgi før prestar kan vie likekjønna

  • 2008: Biskopane understrekar at alle prestar kan og bør be for alle som ønsker forbøn

  • 2013: Utgreiinga «Saman» argumenterer for ulike typar samliv innanfor kristen etikk

  • 2014: Eit splitta kyrkjemøte stemmer ned forslag om at likekjønna par skal få gifte seg i kyrkja

  • 2015: Åpen folkekirke går til val på likekjønna vigsel og får fleirtal

  • 2016: Kyrkjemøtet vedtar at det skal lagast liturgi for vigsel av likekjønna

  • 2016: Biskopane opprettar ei arbeidsgruppe for LHBT

  • 2017: Kyrkjemøtet vedtar at likekjønna skal gi gifte seg i kyrkja

  • 2018: Kyrkja får eit LHBT-utval

  • 2020: Undersøking viser både diskriminering og positive haldningar til LHBT+ blant tilsette i kyrkja

  • 2022: Kyrkjerådet sender høyringssvar om forbod mot konverteringsterapi

  • 2022: Ressursmateriell til regnbuemesser blir samla inn

  • 2022: Biskopane vedkjenner at kyrkja har påført homofile og lesbiske smerte

  • 2022: Kursing om LHBT+ for alle tilsette startar

  • 2023: Preses går i prideparade for første gang

  • 2023: Kyrkjemøtet vedtar at arbeidsgivarar ikkje lenger kan forskjellsbehandle søkarar til stillingar på grunn av likekjønna ekteskap

  • 2024: Olavstipend om trygge rom for transpersonar

  • 2025: Den Norske Kyrkje vil seie unnskyld til skeive

Motstand

Sandmæl kjem opphavleg frå Moss, men det er i nord ho har etablert seg. Ho bur i Henningsvær og jobbar som prost i Lofoten. Og ho er gift med ei kvinne.

– Det har vore stader eg ikkje kan søke jobb. Eg har hatt meiningsmotstandarar som har vore veldig på, fortel Sandmæl.

– Men eg vel å tenke at eg ikkje treng å lytte til dei som vil gjere meg til ei sak, som vil gå i den debatten med meg, eller seier at eg ikkje burde vere prest, legg ho til.

Ho fortel at mange har støtta ho gjennom åra.

– Ikkje fordi eg er gift med ei kvinne, men fordi dei synest eg har vore ein god prest. Og så er det slik at dei aller fleste, der eg har budd, ikkje har tenkt så mykje over kven du er gift med, seier ho.

Under gudstenesta representerer Sandmæl også DNK sitt LHBT-utval. Utvalet skal heve kompetansen i kyrkja om LHBT-tematikk, og dei har vore med på å gje råd til biskopane som skal seie unnskyld på vegner av kyrkja.

Utvalet har mellom anna vore opptatt av at biskopane skulle legge til rette for at personar med LHBT+-identitet skulle få fortelle sine historier. 

– Vi har vore veldig opptatt av at biskopane må høyre forteljingane våre, for at dei skal vite kva det er dei faktisk seier unnskyld for. Ein kan ikkje berre seie unnskyld ut i eit vakuum, seier Sandmæl.

 Sveinung Kyte / TV 2
DOMKYRKJA: Etter pressekonferansen skal det haldast ei gudsteneste i domkyrkja i Oslo. – Eg er veldig spent på korleis den vil fungere for dei som kjem dit, seier Sandmæl. Foto: Sveinung Kyte / TV 2

Må ta ansvar

Sandmæl har tydelege ønske om kva unnskyldninga bør innehalde.

– Ein må sette ord på den skade som er valda i kyrkja sitt namn. På ord, fordømmingar og praksisar som kyrkja sine representantar har stått for. Og ein må ta ansvar for den skade som har skjedd.

Unnskyldninga må også peike på vegen vidare, meiner ho. Det må kome tiltak som kan skape ei endring.

For sjølv om det har skjedd mykje i korleis kyrkja forheld seg til skeive, trur ikkje Sandmæl at det er like enkelt for alle å vere seg sjølv i kyrkja.

– For mange så er det fint å vere skeiv i kyrkja, men for nokon er det framleis vanskeleg. Nokon opplever at det ikkje er rom for dei i lokalkyrkja. Eg trur det er veldig variert, seier Sandmæl.

OPEN FOR ALLE?: Prosten seier at det framleis er vanskeleg for enkelte å vere skeiv i kyrkja. – Eg trur det er veldig variert, seier ho. Foto: Sveinung Kyte / TV 2
OPEN FOR ALLE?: Prosten seier at det framleis er vanskeleg for enkelte å vere skeiv i kyrkja. – Eg trur det er veldig variert, seier ho. Foto: Sveinung Kyte / TV 2

Spenning om innhaldet

Det er knytt spenning til kva som blir innhaldet på pressekonferansen torsdag. Religionsredaktør Elise Kruse i Vårt Land trur det har vore krevjande for biskopane å finne dei riktige formuleringane.

Det har også vore ein diskusjon om kva omgrep ein skal nytte.

Kruse peiker på då erkebiskopen av Canterbury i England sa at den anglikanske kyrkja hadde svikta skeive.

– Då bad også kyrkja om tilgiving. Det provoserte mange skeive, seier Kruse.

– Dette er også ein diskusjon som har kome her heime. Det kan virke smått, men det handlar rett og slett om kva ord ein vil bruke, seier Kruse.

Ho fortel at kyrkja har vore opptatt av at ho skal seie nettopp unnskyld, og ikkje be om tilgiving.

– Eg er ganske sikker på at dei ikkje kjem til å be om tilgiving, fordi det legg eit for stort ansvar på den gruppa som skal ta imot denne unnskyldninga, om dei også skal måtte tilgi, seier Kruse.

 Ingvild Gjerdsjø / TV 2
REDAKTØR: Elise Kruse er religionsredaktør i Vårt Land. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

– Dette kjem jo til å spenne langt tilbake i tid og gjelde mange menneske som ikkje ein gong er blant oss lenger. Dei vil aldri ha moglegheita til å kunne tilgi kyrkja for skaden den påførte dei. Derfor er dette ordvalet viktig, seier Kruse.

Utvikling

Det har vore ein lang kamp for dei som kjempar for skeive sine rettar i kyrkja.

I 1997, same året som Sandmæl blei ordinert til prest, blei ein kvinneleg prest tatt ut av presteteneste fordi ho inngjekk partnarskap med ei kvinne. Først to år seinare blei ho sett inn i teneste igjen, av Hamar-biskop Rosemarie Köhn.

Men den kanskje største sigeren for dei som kjempar for skeive sine rettar i kyrkja kom i 2016.

Det er ikkje kvart år at Kyrkjemøtet hamnar i dei store riksavisene, men spørsmålet om likekjønna ekteskap gjorde det.

Etter ein debatt som hadde vart i mange år, blei det til slutt bestemt at likekjønna par skulle få gifte seg i kyrkja. Avgjersla blei tatt med eit stort fleirtal.

 Ole Martin Wold / NTB
VEDTAK: I 2016 opna Kyrkjemøtet for likekjønna ekteskap. Foto: Ole Martin Wold / NTB

For to år sidan skjedde det nok ei utvikling. Då blei det bestemt at arbeidsgivarar i Den norske kyrkja ikkje lenger kunne forskjellsbehandle søkarar på grunn av likekjønna ekteskap.

– Det har vore ei rivande utvikling i min periode, men diskusjonane har jo gått tett, seier Sandmæl.

– På mange måtar har det vore ganske slitsamt, men også fint. Eg har jo hatt det veldig bra i jobben min.

Sandmæl meiner det er mange som har vore viktige for denne utviklinga, men ho trekk særleg fram dei som kjempa for skeive sine rettar før hennar tid i kyrkja har vore viktige.

 Gorm Kallestad / NTB
1997: På Kyrkjemøtet i 1997 hadde eit titals personar ei markering. Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Det står respekt av dei som har stått i kampen. Som ikkje har fått lov til å jobbe, ikkje har fått kallsbrev frå biskopen sin, eller ikkje har fått ordinasjon. Som har betalt ein veldig høg pris, mange av dei personleg, og fått mykje motstand i livet, seier Sandmæl.

– Handlar om menneske sitt liv

Sjølv har ho opplevd debattklimaet som varierande opp gjennom åra. I periodar har det vore «veldig hardt», meiner presten.

– Når du brukar tru og kor du skal hamne i æva i argumentasjonen din, så er det mykje verre enn viss du diskuterer det som ikkje går på personlege ting. Det går på essensen til folk, kven dei er og trua deira, seier Sandmæl.

– Viss du blir fortalt at du skal hamne i helvete, eller som eg har blitt fortalt at ein er prega av antikristens ånd. Det er jo ikkje akkurat eit debattklima som er å skryte av, legg ho til.

Debattklimaet har i periodar vore betre, men den siste tida har det vore eit tilbakesteg, meiner Sandmæl.

– No er det jo ofte spørsmålet om trans som toppar diskusjonsforuma på nettet og sånn. Det er ganske harde ord som blir brukt, synest eg.

Ho meiner det er viktig å hugse på menneska som er del av minoritetane som ofte blir diskutert.

– Ein må hugse på at dette handlar om menneske sitt liv. Det er forskjell på å møte motstand fordi du meiner noko, og fordi du er noko, seier Sandmæl.

 Sveinung Kyte / TV 2
MENNESKE SITT LIV: Kristine Sandmæl oppmodar folk til å hugse på menneska som er del av minoritetane som blir diskutert. Foto: Sveinung Kyte / TV 2
Read Entire Article