Nordsjøen og Skagerrak: Sårbare naturtypar på kvar tredje stasjon

1 week ago 17



Sårbare naturtypar er registrerte på om lag ein tredel av dei undersøkte stasjonane i Nordsjøen og Skagerrak, viser nye, førebelse resultat frå Mareano-programmet.

Det skriv Havforskingsinstituttet.

Mareano-programmet er eit tverrfagleg kartleggingsprogram etablert i 2004, som samlar inn og analyserer data om djupne, botnforhold, biologisk mangfald, naturtypar og forureining i norske kyst- og havområde.

Forskarane har dokumentert 12 ulike botndyrsamfunn og heile 472 artar i materialet så langt. Samtidig er det funne både trålspor, plastavfall og skadar på sårbare artar som sjøfjør og svamp.

Prosjektleiar Pål Buhl-Mortensen seier at dei tidlege funna gir eit viktig grunnlag for vidare forvaltning av havområda.

– Kunnskapen frå Mareano blir brukt i marin arealforvalting, til dømes i samband med havvind og bevaring av sårbare økosystem.

Read Entire Article