Me oppdaterer saka.
– Resultatet blir ståande att som katastrofalt, seier ekspert Kristoffer Løkberg.
Tyskland har akkurat vunne 4-0 over Noreg i kvalifiseringskampen til VM.
– Det er eit tøff kamp, seier Ada Hegerberg til NRK etter kampen og held fram:
– Det er eit stygt resultat.
Begge lag kjempar om ein direkteplass til meisterskapet i 2027, noko Tyskland ligg best an til å få.
Noreg slapp inn to mål mot Tyskland på overtid i første omgang.
Rakna på overtid
Det rakna allereie på tampen av første omgang. Trass i at det norske laget låg under 1-0 etter 19 minutt, kom dei seg på mange måtar inn i kampen att.
Noreg var fleire gonger ved Tyskland sin sekstenmeter, men klarte ikkje kome til avslutningane.
– Dette var ingen 3-0-omgang, seier fotballekspert Carl-Erik Torp.
På overtid sende Vivien Endemann ein pasning gjennom Noreg-forsvaret til Carlotta Wamser som sette det andre målet i kampen.
– Eg synest eigentleg Noreg har levert ein fantastisk første omgang, men så kjem Tyskland på overtid og puttar to mål på overtid ut av det blå, seier Guro Pettersen.
– Det var det siste som skulle skje, i det Noreg hadde kontroll på kampen. Dei er på etterskot heile vegen, sa ekspert Kristoffer Løkberg etter det andre målet.
3-0: Tyskland skåra to mål på tampen av første omgang.
Foto: Carina Johansen / NTB– Tett på å bli slakta
Kort tid kom også det tredje.
– Me spelar ballen rett til ein tysk spelar, og dei seier tusen hjarteleg takk. Ei heilt katastrofal avslutning på første omgang. No verkar Noreg heilt sjanselause til å ta poeng, seier ekspert Bengt Eriksen.
– Noko av det eg har sett i første omgang, er noko av det betre eg har sett. Me hadde ei ganske god kjensle. Og så er det litt personlege feil, me blir kanskje litt slitne og slurvete. Me gir bort nokre heilt unødige overgangar og moglegheiter til Tyskland, seier Torp og held fram:
– Det er rart å sjå at me ligg under 3-0.
Tyskland leiar gruppa, og overtydde alt i den første kampen i gruppespelet, då slo dei Slovenia 5–0 på heimebane.
– Det såg ut som slakt då Tyskland slo Slovenia, men me er tett, tett på å bli slakta me også, seier Eriksen.
Noreg vann mot Austerrike i den første kvalifiseringskampen.
Etter 4–0 mot Tyskland ser sjansen for å vinne gruppa og få direkte VM-billett vanskeleg ut. Noreg må no å ta nok poeng i resten av kampane mot Austerrike og Slovenia, for å kunne kome seg til VM i Brasil ved omspel til hausten.
Publisert 07.03.2026, kl. 19.23 Oppdatert 07.03.2026, kl. 19.59













English (US)