Noreg kan tene 200 millionar meir kvar dag på høg energipris

1 hour ago 2



Fredag kostar eit fat nordsjøolje av brent kvalitet 71,24 amerikanske dollar, eller kring 736 kroner.

Robert Næss i Nordea har rekna på kor mykje meir inntekter dei høge energiprisane på olje og gass har gitt oss.

– Vi produserer over 2 millionar fat. Så har prisen stege 100 kroner sidan nyttår, altså 10 dollar meir på oljeprisen, så er det 210 millionar meir, seier han.

Portrett av en mann i dress

Robert Næss i Nordea har rekna på kor mykje meir inntekter dei høge energiprisane på olje og gass har gitt oss.

Foto: Emma-Marie B. Whittaker / NRK

Også gassprisen har auka. Næss meiner Noreg er meir eit gassland enn eit oljeland.

– Vi tener faktisk mykje meir på gass enn på olje. I januar tente vi 50 milliardar for gassen, og 40 milliardar for olje, seier han.

Uro i verda

Det er to hovudårsaker til at energiprisane har auka, fortel Ole-Rikard Hammer, oljeanalytikar i Arctic Securities.

Den første er dei geopolitiske forholda.

– USAs President Donald Trump har vist stor vilje til å implementere sanksjonar mot i første rekke Iran og Russland, også delvis mot Venezuela, seier han.

Den siste tida har Trump trua med å gripe inn militært i Iran. Det har vore massive protestar mot regimet i landet.

– Kor høg kan oljeprisen bli dersom det blir eit angrep mot Iran?

– Om vi får faktiske avbrot i forsyninga av olje til verdsmarknaden, så kan prisen fort gå til 100 dollar fatet og meir enn det, seier han.

Men dersom det held fram med å vere ein trusselsituasjon, vil ein neppe sjå så høge priser, seier han.

Gass og vêr

Den andre årsaka kan du merke ved å ta deg ein tur utandørs.

– Vi har hatt uvanleg kaldt vêr både i Europa og USA. Det har påverka både forbruket og produksjon og eksport, fortel Hammer.

En person står foran en mørk yttervegg med en halvmørk gang bak seg. Personen har på seg en svart jakke og en skjorte med striper. Snø ligger dekket på bakken i bakgrunnen. Det er lys tilgjengelig i omgivelsene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Oljeanalytikar Ole-Rikard Hammer peiker på to årsaker til høge energiprisar.

Foto: Mirwais Moquim / NRK

Gassprisane er kanskje enda meir vêravhengig enn olje.

– Eksport frå Midtausten til verdsmarknaden står for kring 20 prosent av forsyningane. Og truslar mot at det kan bli avbrot i eksporten. Det vil påverke prisane, seier han.

Norsk gass har fått ein mykje viktigare stilling i Europa dei siste år, seier han. Dette på grunn av sanksjonar mot Russland og russisk gass etter at dei gjekk til fullskala invasjon mot Ukraina i 2022.

Norsk gass blir brukt på heile det europeiske kontinentet, og har kome i ei mykje viktigare stilling, fordi EU var veldig avhengig av russisk gass, som no er borte.

Gasslandet

Næss i Nordea trur ikkje folk er klar over kor viktig gasseksport er for Noreg.

– Det er lett å tenke at vi er oljeland, kraftprisar betyr noko. Men så er det den kjedelege gassen som er det viktigaste for oss, seier han.

Han har rekna seg fram til at i nokre dagar i januar tente Noreg 400 millionar kroner meir på høge gassprisar.

– Og som no har kome litt ned igjen. No er nivået der vi tener rundt 100 millionar kroner meir per dag enn ved årsskiftet, seier han.

Publisert 22.02.2026, kl. 21.34 Oppdatert 22.02.2026, kl. 21.56

Read Entire Article