Noreg skal øve på drikkepausar i USA: – Ei unik moglegheit

2 hours ago 3



– Det kan bli heilt avgjerande. Det kan faktisk vere forskjellen på suksess og fiasko i VM. Ei unik moglegheit til å ta grep og endre ein kamp før det er for seint.

Det seier NRK-ekspert Kristoffer Løkberg om Fifas nyvinning for VM 2026:

Ein tre minutt lang drikkepause midt i kvar einaste omgang i kvar einaste VM-kamp. Dette vil skje uavhengig av vêr, temperatur og fukt.

Skal øve på drikkepausane

Landslagssjef Ståle Solbakken er overfor NRK klar på at dette også gir nokre moglegheiter. Difor har han bestemt seg for å ikkje overlate noko til tilfeldigheitene.

Før VM-opninga mot Irak 16. juni kjem det norske landslaget til å ha praktiske treningar i USA der ein, midt i økta, legg inn ein treminutt.

Då har alle i støtteapparatet fått delt ut si eiga rolle dei skal utføre til punkt og prikke.

– Kven gjer kva og med kva spelarar? Vi må unngå at det blir rotete og sørge for at eg har både plass og tid til å formidle det eg eventuelt må formidle, seier Solbakken til NRK.

D

MANGE PAUSAR: Det blir mykje stopp i spelet i VM.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Ikkje vore borti før

Noreg-sjefen fortel at det handlar om detaljar som kva type drikke dei ulike skal ha, kva spelarar treng ekstra nedkjøling og korleis kvar enkelt spelar treng den nedkjølinga.

– Det er ein del slike detaljar vi kanskje ikkje har vore borti før, innser Solbakken.

Landslagsspelar David Møller Wolfe flirer litt av heile greia.

– Nei, det blir sikkert gøy, det! Å stå på trening og så plutseleg får vi ein tre minutt lang pause, seier han til NRK med eit glis.

– Men det er bra. Vi må ta med oss alle små marginar, legg han til.

Wolverhampton-proffen er spent på kva utslag dei nye drikkepausane vil ha for kampane.

– Det kan jo gjere ekstremt mykje. Det er ofte sånn at viss eit lag har initiativ i kampen før den vesle pausen, så kan det vere totalt forandra etter det, spekulerer han.

d

VARMT: Landslaget har hatt sin første auka på amerikansk jord.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Kjem til å endre ein del

Fulham-spelar Sander Berge hadde sin første auka i USA-varmen torsdag. Han trur dei nye pausane midt i kvar omgang kjem godt med.

– Eg trur eg tok åtte drikkepausar mot Newcastle i siste runde, då var det 35 grader, seier han til NRK.

I treningskampen mellom USA og Senegal nyleg, fekk vi eit eksempel på korleis treminutterne kan komme til å bli brukt.

Då stod USA-trenar Mauricio Pochettino saman med spelarane og gav konkrete taktiske instruksar ut frå analysebilde på sidelinja.

Sander Berge samanliknar det litt med timeout i basket.

– Det er herleg å vite at, om vi heng i taua eller manglar momentum, er det lettare å vite at det er fem minutt til ein pause enn at det er 20 minutt. Det kjem til å endre ein del mentalitetsmessig og det er lettare å pushe heile tida, trur han.

Ståle Solbakken trur ikkje Noreg er aleine om å planlegge for korleis laget og støtteapparatet skal forhalde seg til dei nye stoppa i spelet.

– Eg trur alle trenarar kjem til å bruke dei så godt som mogleg, seier han.

– Det er ganske uvanleg å trene på drikkepausar. Korleis tok spelarane den beskjeden?

– Vi har ikkje gått så mykje inn på det, for vi gidd ikkje å trykke inn altfor mykje info no. Det kjem naturleg når vi skal begynne å optimalisere inn mot Irak-kampen, seier Solbakken.

Publisert 05.06.2026, kl. 05.21 Oppdatert 05.06.2026, kl. 05.27

Read Entire Article