Noregs motstandar sjokkerte VM-favoritt

1 hour ago 4



Irak, som Noreg møter i første VM-kamp, spelte 1-1 mot Spania torsdag kveld.

Ferran Torres sendte Spania i leiinga etter kvarteret, men Merchas Doski sørgde for at det enda uavgjort før halvtimen var spelt.

Det skal seiast at Spania mangla fleire av sine største stjerner, men det var likevel eit sterkt resultat av Irak, som ligg på ein 56. plass på Fifa-rankinga.

Nasjonen blir rekna av dei fleste ekspertar til å vere det svakaste laget i Noregs gruppe.

Spania, på si side, blir utifrå NRKs prognose rekna som det sterkaste laget i VM.

En ung mann i en blå, gul og rød jakke ser mot kameraet. Bak ham står andre personer i ulik drakt, sannsynligvis på en idrettsbane. En person i hvit drakt med nummer 26 er synlig i bakgrunnen til høyre. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

MÅTTE SJÅ PÅ: Supertalent Lamine Yamal måtte sjå kampen frå tribunen. Han har slitt med skader.

Foto: Miguel Vidal / REUTERS,NTB

– Det her er eit lag som kjem til å kome med så mykje energi, vilje og glød. Dei er glade for å vere med, sa NRKs fotballekspert Magnus Wolff Eikrem om Irak i onsdagens episode av fotballpodkasten Bakrommet.

Han heldt fram:

– Det ser nok ut som at dei kan bli ein kasteball i den gruppa her, og det tenkjer nok alle dei andre laga òg. «Her kan me fikse målforskjellen vår på best mogleg vis».

– Det er det som kan vere håpet deira, og at dei andre laga har ein dårleg dag, sa Eikrem.

Fransk smell

Like bra gjekk det ikkje for den store gruppefavoritten Frankrike. Dei tapte 1-2 for Elfenbeinskysten torsdag kveld.

Den annerkjende franske sportsavisa L'Equipe kalla det «Ein kald dusj»

Noreg spelar mot Frankrike 26. juni.

En fotballspiller med en blå drakt med striper holder hendene over hodet. Spilleren har mørk hud, kort hår og skjegg. I bakgrunnen er det utydelige figurer og lys. Bildet er merket med en grå NTB-logo. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

SKUFFA: Jean Mateta etter tapet mot Elfenbeinskysten.

Foto: FRANCK FIFE / AFP,NTB

Manchester City-stjerne Rayan Cherki sende Frankrike i leiinga like før pause, men i den andre omgangen snudde den afrikanske nasjonen kampen.

Guéla Doué og Manchester United-profilen Amad Diallo skåra dei to måla.

Frankrike får ei tøff opning på verdsmeisterskapen i sommar mot Senegal tysdag 16. juni, men dei har høve til å finsikte VM-forma mot Nord-Irland 8. juni.

Publisert 04.06.2026, kl. 23.23 Oppdatert 04.06.2026, kl. 23.57

Read Entire Article