Noregspris-ordninga får skarp kritikk frå Finanspolitikkutvalet, som la fram årsrapporten sin tysdag.
Finanspolitikkutvalet (eller «Torvik-utvalet» etter leiar Ragnar Torvik) inkluderer to tilsette i Finansdepartementet.
Det var finansminister Jens Stoltenberg, frå same departement, som fekk rapporten på vegner av regjeringa.



Stakaldefoss kraftverk er eit vasskraftverk i Sunnfjord kommune i Vestland.
Foto: Oddmund Reisæter HaugenI alt rettar utvalet fire hovudskuldingar mot straumstøtteordninga, som regjeringa har lagt prestisje bak:
- Høgare totalforbruk: Folk bruker meir straum enn dei elles ville gjort. Det fører i sin tur til at prisane går opp.
- Høgare forbrukstoppar: Svekte prissignal gjer at kundane sluttar å flytte straumbruk (som elbillading) vekk frå timar der nettet er mest belasta.
- ENØK-død: Investeringar i varmepumper, etterisolering og solceller blir «privatøkonomisk ulønnsame». Utvalet gjer eit poeng av at fleire selskap i denne sektoren allereie har måtta legge ned som følge av politikken.
- Dyrare for næringslivet: Når hushalda ikkje sparer, held marknadsprisen fram med å vere høgare enn han elles ville vore. Sidan næringslivet i stor grad står utan støtte, er det bedriftene som endar opp med å betale for den billige straumen i hushalda.
Finanspolitikkutvalet meiner prestisjeprosjektet til regjeringa «Noregspris» fører til unødvendig høgt straumforbruk og sender rekninga til næringslivet.
Foto: Terje Pedersen / NTB«Utvalet er kritisk til vurderingane til regjeringa»
Regjeringa har fleire gonger hevda at noregspris ikkje stimulerer til auka forbruk. Til dette har utvalet følgande kommentar:
«Utvalet er kritisk til vurderingane til regjeringa av korleis noregspris vil påverke forbruk. At mykje av forbruket på kort sikt blir styrt av utetemperaturen, utelukkar på ingen måte at også høg straumpris dempar etterspørselen».
Kritikken frå Finanspolitikkutvalet kjem på toppen av fleire andre skuldingar mot noregspris-ordninga. Sjå under.
Gorm Kallestad / NTB
Kritikk #1
Ordninga gir mest til hytteeigarar og dei som har mykje frå før, og mindre til låginntektsgrupper og andre som «faktisk treng ei handsrekking».
Frederik Ringnes / NTB
Kritikk #2
Støtta er ein potemkinkulisse som tilslører at det trengst meir radikale grep. «Det er eit paradoks at staten bruker milliardar på subsidiar for å sminke eit underliggande marknadssystem som er dysfunksjonelt», skriv Klassekampen-kommentator Bjørgulv Braanen.
Colourbox / colourbox.com
Kritikk #3
Fastpris stimulerer til auka straumforbruk og svekker motivasjonen for energieffektiviseringstiltak. Kraftanalytikar Olav Botnen i Volt Power Analytic seier til Dagens Næringsliv at ordninga kan auke straumforbruket med 10 prosent.
H. Philip Hofgaard / NRK Luftfoto
Kritikk #4
Om hushaldningane brukar meir av straumen og straumen er knapp, så blir det mindre straum att til industrien.
Heimdall Power
Kritikk #5
Auka forbruk skaper meir press i topplasttimane der nettet allereie i dag blir pressa det reimar og tøy kan halde.
Kritikk #6
Ordninga demper investeringene i solkraft, og gjer energieffektivisering mindre attraktivt
Peder Martin Bergholt / NRK
Kritikk #7
Ordninga omfattar ikkje bakaren, slaktaren og andre næringar, som framleis må ut på den «vanlege marknaden».
NRK
Kritikk #8
Straumstøtta inngår i ein større klientifisering der Ola Nordmann blir slapp og venner seg til stadig nye «almisser» frå myndigheitene. Jf. systemkritikken i «Landet som ble for rikt» av Martin Bech Holte.
Heiko Junge / NTB
Kritikk #9
Arbeidarpartiet er ikkje er ideologisk konsistente. I februar 2023 sa Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK at ein makspris på 70 øre kilowattimen kunne føre til «kraftkollaps». Året før, under straumpriskrisa, sa han at «makspris kan verke forlokkande», men at det var «vektige grunnar» til stå i mot freistinga til å overstyre marknaden.
Vidare er det reist spørsmål om ordninga harmonerer med EØS-regelverket.
I staden for noregspris foreslår ekspertutvalet å frikople støtta frå straumforbruket. I staden for billige kilowattimar bør staten gi ein fast økonomisk kompensasjon til hushalda.
Subsidiært anbefaler utvalet at taket på 5000 kWh i månaden blir senka. Og det betrakteleg:
– Sjølv eit forbrukstak på 3000 kWh per månad verkar høgt sidan det i 2024 berre var éin av fem hushald som hadde eit forbruk over 3000 i éin eller fleire månader.
Publisert 03.02.2026, kl. 13.46 Oppdatert 03.02.2026, kl. 13.52








English (US)