Norgesgruppen auka omsetninga med 5,6 prosent i første halvår, viser selskapet sine resultat. Selskapet tente 2,2 milliardar før skatt. Årsaka skal vere gode resultat frå tilknytt selskap, melder NTB.
– Auken i omsetninga skuldast at fleire kundar handlar i våre butikkar. God kostnadskontroll gjer at vi kan konkurrere hardt på pris i ein marknad med sterk konkurranse, seier konsernsjef Runar Hollevik i er pressemelding.
Norgesgruppen er eit landsdekkande handelshus med kjedekonsept som Kiwi, Meny, Joker, Spar, Mix, Jafs, Deli de Luca med fleire, i tillegg til det nasjonale grossistselskapet ASKO.
– Norgesgruppen omsette for 60,4 milliardar kroner første halvår 2025, ein auke på 3,2 milliardar kroner samanlikna med same periode i fjor, skriv selskapet i ei pressemelding.
Leiar i Raudt Marie Sneve Martinussen reagerer på resultatet.
– Det er grotesk at Norgesgruppen håvar inn milliardar på auka matprisar samtidig som halvparten av landets aleineforsørgarar ikkje har råd til nok mat, seier ho til NRK.