Norsk milliardærfrue har lukkast med å klone favoritthesten

10 hours ago 1



I fjor følgde NRK Kristin G. Andresen til den amerikanske kloneklinikken Viagen, der ho hadde bestilt fleire klonar av favoritthesten Donkey Boy.

No er ein klon fødd i USA, opplyser Andresen til NRK. Etter lang ventetid fekk ho nyleg tilsendt eit foto frå selskapet Viagen, som viste at klonen hadde reist seg og byrja å drikke morsmjølk.

– Eg blei så glad då eg såg at klonen var velskapt og likna på Donkey Boy. Eg kan ikkje vente med å få møtt han, seier Andresen.

Og ho har namnet klart:

– Han skal heite Donkey Double.

En person gir en hest en gulrot

PREMIEHINGSTEN: Kristin G. Andresen saman med Donkey Boy i stallen, 2024.

PREMIEHINGSTEN: Kristin G. Andresen saman med Donkey Boy i stallen, 2024.

Fleire klonar på gang?

På spørsmål om det er fleire klonar på veg, viser Andresen til at klinikken nemnde at «hopper» i fleirtal var fødeklare. Ho veit ikkje sjølv kor mange det er snakk om.

– Her er det jo berre å krysse fingrane og alt ein har. Og håpe at det kan bli ein eller to til, for det hadde eg syntest var veldig morosamt.

Etter besøket i USA bestilte Andresen ei pulje til med embryoinnsetjingar.

Klinikken Viagen stadfestar overfor NRK at dette er den første Donkey Boy-klonen, men at dei håpar på fleire.

Då NRK besøkte klinikken i fjor, var tre hopper drektige med Donkey Boy-klonar. Andresen fekk møte ei av dei.

Kristin klappar og kysser hoppa som ber ein av Donkey Boys klonar.

INNI DENNE MAGEN VAR EIN KLON: Kristin G. Andresen var svært nøgd med hoppa ho møtte i USA i fjor.

INNI DENNE MAGEN VAR EIN KLON: Kristin G. Andresen var svært nøgd med hoppa ho møtte i USA i fjor.

Viagen-sjef Blake Russell opplyser at denne hoppa mista følet undervegs, og at klonen som no er fødd, kjem frå ei anna hoppe.

Han uttalte til NRK i fjor at han ikkje kunne garantere at alle klonane blei bore fram, og at dei mistar litt fleire enn ved vanleg drektigheit.

Sannsynlegvis den første – men ingen veit heilt

Sjølv om kloning er forbode i Noreg, kan nordmenn fritt reise til utlandet og klone dyra sine.

Etter det NRK kjenner til, er Andresen den første nordmannen som får klona ein hest. Men det er ingen måte å vite det sikkert på, sidan ein ikkje er pliktig til å registrere ein klon ved innførsel til Noreg.

Sjølv er ho ikkje så opptatt av å vere den første.

– Eg er mest opptatt av at det kjem ein klon som er frisk og heil.

Då NRK omtalte kloninga av Donkey Boy i fjor, uttalte Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum at ein bør vurdere importforbod mot klonar, dersom omfanget breier om seg.

Kristin G. Andresen er ikkje bekymra for eit importforbod. Ho viser til at World Breeding Federation for Sport Horses har opna for at avlsforbund kan registrere klonar hos dei.

en person som klapper en hest

I NOREG: Kristin G. Andresen med hingsten Donkey Boy på hestegarden Evje i Noreg. Hit skal også klonen, eventuelt klonane, hans kome etter kvart.

I NOREG: Kristin G. Andresen med hingsten Donkey Boy på hestegarden Evje i Noreg. Hit skal også klonen, eventuelt klonane, hans kome etter kvart.

– Du kan konkurrere med klonar i mange utstillingar og konkurransar. Klonane blir vurdert individuelt, og er dei gode nok, får dei starte. Så dette viser berre at norske politikarar ikkje er oppdatert på kva som skjer i verda.

Ho planlegg å besøke klonen snart, og så er planen å bringe han heim til Noreg neste år, der han får møte den originale Donkey Boy.

Les heile saka om kloninga av Donkey Boy:

Publisert 23.04.2026, kl. 11.09

Read Entire Article