Eit norsk skip med tømmer har sett seg fast under Svinesundsbrua mellom Noreg og Sverige, skriv Göteborgs-Posten.
Styresmaktene fekk melding om at skipet hadde gått på grunn natt til torsdag.
– Det er ingen personskadar, ingen olje i vatnet og fartøyet tek ikkje inn vatn, seier pressesjef Mattias Lindholm i Kystvakta til avisa.
Han seier arbeidet med å få skipet laust, startar så snart det blir lyst.
Det skal vere tjukk tåke på staden.