Straffesparkkonkurransar kan avgjere skjebnen til laga i eit meisterskap.
Det såg vi sist under årets meisterligafinale då trofeet glapp for Ødegaard og Arsenal etter tap mot Paris Saint-Germain på straffer.
No ventar ein liknande realitet for det norske landslaget. Tysdag spelar dei 16.-delsfinale mot Elfenbeinskysten, og i eit sluttspel kan det fort bli vinn eller forsvinn frå elleve meter.
Landslagssjef Ståle Solbakken meiner laget har gjort det dei kan for å vere førebudde på dette scenarioet.
Likevel har dei latt vere å få hjelp frå ein av verdas fremste fagmenn nettopp på dette feltet.
– Har ikkje blitt kontakta
Slike utslagskonkurransar er blant dei mest intense situasjonane i fotballen, og for eit norsk herrelandslag utan mykje erfaring frå slike augneblink på det største nivået, kan det bli ein brutal test.
– Ein eventuell straffekonk vil vere ein ekstrem høgpress situasjon, først og fremst for straffeskyttere, som spelarar på eit norsk herrelandslag aldri har vert i før, det seier Geir Jordet.
Han er professor i idrettspsykologi ved Noregs idrettshøgskule, og blir omtalt som ei av verdas fremste ekspertar på straffespark i fotball.
Jordet har brei internasjonal erfaring som rådgivar innan prestasjonspsykologi for toppklubbar i England, Tyskland og Frankrike – i tillegg til lag i både NBA og NHL.
Geir Jordet, PhD, er professor i idrettspsykologi ved Noregs idrettshøgskule (NIH).
Foto: Norges IdrettshøgskoleHan har tidlegare sagt at å delta i ein straffesparkkonkurranse kan stressmessig vere på linje med å vere krigsfotograf, pilot i ein stressituasjon, lege på eit akuttmottak eller atomkraftverkoperatør når ting går gale.
– Dette blir krevjande, og vil teste våre beste menn både teknisk, mentalt og sosialt.
Trass i erfaringa og ekspertisen, har han ikkje vore involvert i landslaget sitt arbeid fram mot meisterskapet.
– Eg har ikkje hjelpt dei. Har ikkje blitt kontakta av nokon rundt landslaget, med tanke på VM, fortel han.
Har gjort sine eigne val
Når NRK møter landslagssjefen på pressekonferanse i Greensboro dagen etter Noreg – Frankrike kampen, er han tydeleg på at apparatet rundt laget har teke sine val, også når det gjeld bruk av ekstern ekspertise.
– Kva slags vurderingar har dykk gjort rundt å ta kontakt med såkalla straffeekspertar?
– Vi har gjort dei vurderingane vi meiner er riktig. Vi har snakka litt med spelarane. Nokon av dei som skal ta straffer, er opptekne av å trene litt. Nokon er ikkje så opptekne av det, for dei meiner det ikkje kan samanliknast, seier Solbakken
Solbakken meiner dei har gjort dei rette vurderingane ved å ikkje inkludere ekstern ekspertise.
Foto: Terje Pedersen / NTBHan forklarar vidare at laget har simulert enkelte situasjonar og jobba med det dei meiner er relevant førebuing, samstundes som dei potensielle straffeskytarane har byrja å tenkje gjennom rekkjefølgja.
– Nokon, dei som sannsynlegvis er på bana då, har allereie førebudd seg på kva rekkjefølgje dei skal ta.
– Det er mange vegar til det her. Det er mange som har trent mykje, og det er mange statistikkar over kva du skal gjere, men til sjuande og sist handlar det om kor kaldblodig du er når det står så mykje på spel.
– Ein av dei viktigaste eg har hatt
Sjølv om landslaget ikkje har brukt Jordet aktivt, har han samarbeida tett med ein av spelarane.
Målvakt Ørjan Nyland fortel at han har brukt Jordet som ein personleg mentaltrenar i fleire år. Jordet var med landslaget i ein liten periode då Per-Mathias Høgmo var landslagssjef.
Sidan den tid det vore eit tett samarbeid mellom Jordet og Nyland.
– Han har vore veldig viktig for meg heile karrieren. Ein som har fått mitt fokus og det mentale på ein god veg. Han er ein av dei viktigaste eg har hatt rundt meg, fortel Nyland.
Ørjan Nyland, erkjenner at Geir Jordet har vore ein veldig viktig støttespelar i mange år.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB– Han er straffeekspert. Kor mykje innføring har du fått?
– Joda, vi har ein fin sparring der. Han har hatt kurs for oss på landslaget før. Eg kjem til å bruke han mykje inn mot det som kjem, og forhåpentlegvis kan vi få nokon gode opplevingar.
Har Norge en sjanse mot Elfenbenskysten?
Absolutt, Norge er knepne favoritter.
Vinnersjanse


Norge57 %
Elfenbenskysten43 %
Publisert 28.06.2026, kl. 14.13









English (US)