Natt laurdag møttest USA og Paraguay i Los Angeles. Dette var vertsnasjonens første kamp under fotball-VM.
Under opningsshowet framførte Katy Perry låta «Wonder» saman med Tius Luka Sundberg frå Drammen for dei rundt 70.000 tilskuarane på tribunen.
– Det har vore ein utruleg bra dag. Eg var ikkje så nervøs, men spent, det var eg, seier 10-åringen då NRK møtte han på hotellet etter han var ferdig.
På slutten av songen blei Tius løfta av Perry. Det var ikkje planlagt, seier han.
– Ho berre gjorde det. Ho gjorde det ikkje på nokon av prøvene. Ho berre løfta meg på slutten.
Tius seier det var ei stor oppleving å synge i Los Angeles.
Foto: Jayne Kamin-Oncea / AP / NTBHan synest det var gøy å opptre framfor så mange folk. Men det var også godt å få det overstått.
– Det var deilig då det var over, og vi gjekk av. Og etterpå var det nokon som kjente meg igjen i ein butikk.
Det blei ein lang dag i Los Angeles. Tius var på stadion i seks timar før han skulle framføre «Wonder» saman med Katy Perry.
Foto: Jorunn Hatling / NRKGleder seg til å komme heim
Det var Perry som tok kontakt via dei norske produsentane i Stargate for eit par veker sidan, og spurde om Tius kunne tenke seg å opptre med saman med henne.
Katy Perry og Tius backstage før dei skulle opptre i VM-opninga.
Foto: Malin Gjerde / PrivatDet første møtet kom litt brått på.
– Vi skulle prøve klede, og då sat ho der og fekk fiksa håret. Då blei eg litt overraska.
Tius var på stadion i seks timar før dei skulle opptre.
Foto: Malin Gjerde / PrivatHan har hatt nokre fine dagar i Los Angeles. Han har blant anna ete på restaurant og har vore i Disneyland, der Perry spanderte ein guida VIP-tur i parken.
Tius spelar ikkje fotball sjølv, men han fekk med seg ein sekk full av VM-suvenirar, blant anna trøyer, caps og parfyme.
Men det kulaste var kanskje ein kopi av VM-trofeet, seier han.
– Han er ganske tung også.
Tinus får meg seg heim ei miniutgåve av VM-trofeet i bagasjen.
Foto: Jorunn Hatling / NRKMen no skal han sette seg på flyet for å reise heim til Drammen igjen.
– Det blir deilig å komme heim til Drammen, og så gler eg meg til å sjå vennane mine igjen.
Publisert 13. jun. kl. 09:03 Oppdatert 13. jun. kl. 09:35









English (US)