– Det var jo ikkje gitt at eg skulle få delta i år, seier Irene Knudsen Bøe.
41-åringen frå Larvik gjer seg klar for Landsskytterstevnet på Kongsberg, etter å ha avslutta kreftbehandlinga i starten av juli.
– Eg har vore veldig heldig. Det kunne jo gått andre vegen. Det er ein siger å i det heile stille til stemnet, seier Irene og legg til:
– Men det er klart, ein må jo få lov å ha ambisjonar om å gjere det bra òg.
– Går dette bra?
Det var like før Landsskytterstevnet på Steinkjer i fjor, at Irene oppdaga ein kul i brystet.
TRIO: I fjor blei Irene tredje beste kvinne på Kongelaget, og hamna på ein niande plass totalt. Her er ho på pallen med Line Rødland (frå venstre) og June Emilie Åsenden.
Foto: Tom-Vegard Feltstykket / Norsk Skyttertidende– Magekjensla var litt dårleg allereie då. Men eg trong litt ferie, så vi drog på Landsskytterstevnet. Og så starta legebesøka å rulle da vi kom heim.
I oktober fekk ho påvist brystkreft.
– Det var veldig tøft. Eg blei veldig dårleg av cellegifta, spesielt dei første tre månadene. Det er veker der som eg ikkje fungerte i det heile, og var avhengig av hjelp frå familien.
– Kjem dette til å gå bra? spurde Irene seg sjølv fleire gonger.
BEHANDLING: Irene blei behandla for kreften på Tønsberg sjukehus og Rikshospitalet.
Foto: PrivatUnder månadene med cellegift møtte Irene nye menneske som ho rakk å få eit personleg forhold til. Menneske som tilførte positive sider til den tunge kvardagen.
– Det var personar eg hadde rokke å bli glad i, som gjekk bort, fortel Irene.
Då det stod på som verst, var det vanskeleg å halde seg positiv.
– Eg har vore mykje i det ein kan kalle ein mørk kjellar. Eg trudde eg visste litt kva ein kjellar var, men dette var ein heilt ny type kjellar. Med fleire etasjar.
STERKT BAND: Irene fortel at støtta frå familien har vore heilt avgjerande for henne i den tunge tida. Heile familien skal skyte på LS i Kongsberg.
Foto: PrivatMen det fanst eitt lyspunkt for Irene. Nemleg idretten.
– Idretten har alltid betydd mykje for meg, og det var nok til å halde motivasjonen oppe, seier Irene.
Då resten av familien drog på skytebanen, men Irene måtte bli heime, såg ho ikkje på det som eit nederlag.
– Eg synest det var motiverande å sjå at dei framleis levde liva sine, og var på skytebanen, for då blei det lettare å kjempe sjølv.
SKYTTARPROFIL: Irene, som representerer Sandar og Sandefjord skyttarlag, har halde på med skyting sidan ho var seks år gammal.
Foto: DFS– Tusen timar med trening i hovudet
Og sjølv om Irene ikkje kunne trene fysisk, har ho likevel lagt ned tallause treningstimar.
For då dei andre reiste ut, trena Irene inne. I hovudet sitt.
– Det er eigentleg noko eg har drive med før, i samband med at eg har leddgikt og derfor har vore dårleg i periodar, fortel Irene.
– For ein ting ein alltid kan gjere når ein ligg på sofaen, er jo å tenke skyting. Å visualisere skyting.
KREVJANDE:– Eg brukte ein time berre på å få på meg skytedrakta fordi eg blei så fort andpusten, fortel Irene.
Foto: PrivatEit eksempel Irene drar fram, er då ho sleit med nevropatien ho utvikla under cellegiftbehandlinga, og ikkje hadde kjensle i føtene.
– Då sat eg og tenkte på korleis eg kunne flytte balansepunktet i beina, slik at eg framleis kunne stå og skyte.
Og då eg kom på skytebanen, og prøvde det, og så fungerte det.
– Sjølv om ikkje eg ikkje fysisk hadde på meg kleda og stod på standplass, så kunne eg framleis lukke auga og visualisere at eg var der. Så eg hadde jo eigentleg tusen timar med trening i hovudet.
Gjer jobben mentalt, så fysisk
Eit av grepa Irene har gjort, er å alltid ta med seg resultatlappane frå trening og stemner heim, uavhengig av korleis det gjekk. Ho ser på lappane, og hugsar tilbake til kjenslene ho hadde undervegs i skytinga.
– Dersom eg kjenner utfordringar med ei skytestilling for eksempel, går eg først og fremst inn i jobben med å gjere små endringar på stilling mentalt, testar det ut mentalt, for så gjennomføre det på trening.
Dette resulterer oftast i kortare, men effektive treningsøkter fysisk.
– Og den mentale økta kan vere vel så slitsam som den fysiske.
Beviset på at den mentale treninga hadde fungert, kom 2. juli, då ho var ferdig behandla for kreften. Då skaut ho 347 poeng på heimebane.
– Den økta planla eg mentalt mens eg sat i vindaugskarmen på Radiumhospitalet.
Same sum skaut ho også førre helg, berre eit par dagar før Landsskytterstevnet gjekk av stabelen. Då med 248 poeng innleiande.
Rosa sløyfe på geværet
Støtta frå skyttarmiljøet i den tunge tida har komme overraskande på Irene.
– Eg har jo alltid visst at det har vore fine folk i dette miljøet, men eg kunne aldri føresett all den støtta eg har fått. Det har tikka inn meldingar og telefonar, folk har spurt korleis det har gått og heia på meg heile vegen, seier ho rørt.
– Når du får bilde frå av nokon som har knytt ei rosa sløyfe på geværet og sit på trening ... Det var veldig fint, seier Irene.
– Og seinast for nokre dagar sidan sende nokre bilde av at dei pakka med flagg, fordi dei skulle heie på meg på Kongsberg, fortel ho.
– Ei bragd
NRKs ekspert Ola Lunde er imponert over at Irene i det heile er i stand til å skyte så kort tid etter kreftbehandlinga.
EKSPERT: Ola Lunde.
Foto: NRK– Det er ei bragd å levere på det nivået ho har gjort, seier han.
På spørsmål om korleis han trur ho vil gjere det resultatmessig, er han sikker i si sak:
– Ho kan komme med i Kongelaget. Ho er ein svært god skyttar. Men så er jo alltid dette med å ha dagsforma, og å klare å prestere når det gjeld som mest.
– Eg skal nyte kvart sekund
Tysdag skal Irene vere med på baneskyting på Landsskytterstevnet.
– Eg gler meg mest. Eg gler meg veldig til å stå på standplass og gjennomføre 25 skot så godt eg klarer den dagen. Og eg skal nyte kvart sekund av det.
Frå og med tysdag 5. august kan du sjå Landskytterstevnet på NRK eller i NRK TV.
Publisert 05.08.2025, kl. 05.25