NVE seier ja til ein av verdas høgste vindturbinar i Gulen

12 hours ago 2



Turbinen vil rage 275 meter over bakken – og vil verte den største i Noreg og blant dei høgste i verda.

Til samanlikning er Oslo Plaza 117 meter høgt. Eiffeltårnet i Paris er 330 meter.

– Vi har gjort ei grundig vurdering og funne at fordelane er større enn ulempene. Difor har vi gitt konsesjon, seier Ann Myhrer Østenby, seksjonssjef i NVE.

Stor motstand frå naboar: – Ufatteleg

Det er eit av verdas største selskap, General Electric (GE), som vil plassere testturbinen GE Haliade X på næringsområdet i Gulen industrihamn.

Turbinen kjem i eit eksisterande industriområde på Sløvåg, noko NVE meiner er positivt.

Dei peiker også på at det er viktig å teste ny teknologi.

Medan kommunepolitikarene har sagt ja til turbinen, er mange i den vesle kommunen i Vestland skeptiske.

Fleire naboar fryktar støy frå turbinen.

– Det er heilt ufatteleg og uventa at avgjerda kom no. Dette er ein veldig trist dag, seier Jarle Halsvik.

Halsvik bur om lag 1000 meter unna der turbinen kan kome.

– Eg får den midt i glaninga. Den vil støye døgnet rundt, og på toppen av all den andre støyen frå industrien, seier han.

Halsvik og fleire andre har klaga på planane.

Han reagerer på NVE sitt ja kjem før klagen deira er behandla av departementet.

Jarle Halsvik får vindmølla nær huset siyy i Slåvåg

Jarle Halsvik er trist over at NVE seier ja til turbinen, og fryktar det vil vere negativt for heile nærområdet.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det blir nok ikkje særleg kjekt å bu her lenger

Georgine Wind AS må gjennomføre fleire avbøtande tiltak for å motverke negative verknader for naboar og miljøet.

NVE har stilt krav om at selskapet må gjennomføre støymålingar og etterundersøkingar for blant anna fugl og flaggermus.

Dersom verknadane er større enn venta må det gjennomførast tiltak som reduserer ulemper for natur og naboar, ifølge NVE.

Men Halsvik har ikkje tru på at dei avbøtande tiltaka vil fungere.

– Men kva med at bygda kan få nye arbeidsplassar?

– Nei, kor mange vil det vere snakk om? Det blir nok berre utlendingar som kjem for å ta vedlikehaldet, før dei reiser att, seier han.

– Det blir nok ikkje særleg kjekt å bu her lenger. Eg får nok heller ikkje selt eigedomen min utan store tap.

Han fryktar heile bygda blir negativt påverka og seier dei vil anke avgjerda til NVE.

Testturbin for havvind i Amsterdam. Liknande kan komme i Sløvåg i Gulen.

Gulen får ein turbin tilsvarande denne, som står i Nederland. Den er 275 meter i totalhøgde, og 150 meter frå botn til navet. Den høgaste i verda som er bygd til no står i Kina og er 180 meter frå botn til nav, ifølgje Guinness rekordbok. I Tyskland er det planlagd ein vindturbin som er 300 meter i navhøgde.

Foto: Multiconsult/Wergeland Gruppa

– Sikrar arbeidsplassar i framtid

Gulen-ordførar May-Lynn Osland er derimot glad.

– Dette er ein spesiell dag. Dette vil vere ein nytt kapittel innan industrien og sikrar at vi har arbeidsplassar i framtida, seier ho.

Ho peiker på at turbinen vil vere viktig både for næringa og industrien lokalt, men også for utviklinga innan det grøne skiftet i Vestland og Noreg.

– Men så er det mange naboar som ikkje er så glade i dag?

– Ja, og det er ambivalent. Men eg trur vi skal finne ein måte å få det til, seier ho.

Irene Kjelby Wergeland

Irene Kjelby Wergeland i Wergeland Gruppa seier testturbinen vil vere viktig for det grøne skiftet.

Foto: Bård Siem / NRK

Også Gulen-verksemda Wergeland Gruppa er glade for dagens NVE-ja.

Dei skal leige ut industriområdet til vindmølla.

– Dette er veldig kjekt, seier Irene Kjelby Wergeland, dagleg leiar i Wergeland Gruppa AS.

Ho seier turbinen vil verte svært viktig for området.

– Dette er viktig for satsinga inn mot det grøne skiftet og behovet for meir kraft lokalt.

Vil gi straum til 2750 hushaldningar

Den høgaste vindturbinen i verda står i Kina, med ein navhøgde på 185 meter. Endå høgare er ein turbin som no er under bygging i Tyskland - den vil ha ein navhøgde på 300 meter.

Vindturbinen i Gulen sin navhøgde kjem på 150 meter, og vil altså plassere seg heilt i verdstoppen.

I tillegg til å bli den største turbinen i Noreg, er det det første vindkraftverket som får konsesjon inne i eit eksisterande industriområde.

Ein av visualiseringane av korleis vindturbinen vil prege utsikta frå Hovden i Herøyosen.

Illustrasjon: Multiconsult

Dei første fem åra skal det verte gjennomført ulike testar, før den vil vere i vanleg drift i 25 år.

Turbinen er venta å gi årleg straumproduksjon på 55 GWh, som svarar til det årlege energibruken til omtrent 2750 norske hushald.

NRK har ikkje lukkast å få tak i representantar frå Georgine Wind AS.

Publisert 03.07.2025, kl. 19.07

Read Entire Article