Ny fase i søket – leitar etter truleg omkomen person

1 week ago 8



Søket etter den tredje og siste personen blei avslutta i natt, etter mange timar med leiting i sjøen og på land.

Søket har gått over i ein ny fase:

– Vi har no gått over til å søke etter truleg omkomen person, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt like etter klokka 05.00.

Ifølge Bjarte Mong, redningsleiar på Hovudredningssentralen,(HRS) står politi og lege bak vurderinga. Årsaka er forholda på staden og at det har gått mange timar sidan hendinga skjedde.

Politiet har no ansvaret for oppdraget.

På morgonkvisten vil dei søke ved hjelp av «KV Bergen» frå Kystvakta. Det blir også landssøk, seier Hausvik.

Politiet jobbar med å varsle pårørande.

Det er ikkje gjort nye funn, melder operasjonsleiar Frode Kolltveit til NRK 08.25.

To personar henta opp

Alarmen gjekk søndag kveld klokka 18.23.

Då blei HRS varsla om at ein skjærgårdsjeep hadde blitt funnen drivande med kjølen opp ved Kråkenes fyr.

Helikopter, båtar og leitemannskap på land blei kalla ut.

Det var tre personar om bord i båten, som er ein utleigebåt.

Den første blei plukka opp av rednings­helikopter klokka 20.39.

Knappe to timar seinare, klokka 22.17, bekrefta HRS at endå ein hadde blitt henta opp.

HRS er ikkje kjent med kor lenge dei tre personane låg i vatnet før den blei funne, men ifølge opplysningar reiste båten ut etter klokka 11.00 sundag føremiddag.

Dei to blei frakta til Haukeland universitets­sjukehus med ukjent skadeomfang.

Ifølge politiet blei den eine personen funne med redningsvest, medan den andre var utan.

I 22-tida i går kveld tok Kystvakta over som koordinator for aksjonen.

Redningsskøytene «Kristian Gerhard Jebsen» og «Simrad Buholmen SRK» er med på redningsaksjonen.

Søket over i ny fase på morgonkvisten

I løpet av natta har det vore nokre søk i sjøen.

Ifølge HRS har det vore greie søkeforhold, men det var verre tidlegare på dagen.

Ifølge HRS er det greie vêrforhold på staden no, men at det begynner å blåse opp.

Kor tid båten kantra i går er ukjent. Difor er det uvisst korleis vêret var i forkant.

Men utover søndag ettermiddag var det greie forhold, seier Mong i HRS til NRK.

Redningsaksjon er sett i gang ved Kråkenes fyr utanfor Måløy.

Leigde fiskebåt

Ti båtar og fire helikopter var med i søket søndag kveld, i tillegg til mannskap på land.

Ei rekkje sivile båtar tok også del i aksjonen. Samtidig var frivillig mannskap kalla ut for å hjelpe til i søk langs land.

Redningsselskapet, fleire sivile båtar, brannvesenet, Røde Kors, redningshelikopter og luftambulanse har bidrege så langt i aksjonen, seier operasjonsleiar Hausvik.

Den kantra båten er ein utleigebåt i forbindelse med fisketurisme.

– Utleigaren har stadfesta at båten gjekk ut tidlegare i dag med tre personar om bord, opplyste redningsleiar Hans Jakob Gulliksen til NRK tidlegare søndag kveld.

– Båten låg opp ned

Det var Atle Kråkenes som varsla redningsmannskapa etter at han fekk auge på det han trudde var ein liten båt.

– Men eg synest det var for dårleg vêr til at nokon kunne vere ute og fiske i dag. Så såg eg litt nærare og då såg eg at båten låg opp ned. Då ringde eg redningsmannskap, seier Kråkenes.

Han bur sjølv på Kråkenes.

Publisert 04.05.2025, kl. 20.21 Oppdatert 05.05.2025, kl. 08.29

Read Entire Article