Det er ikkje berre turistane som trekkjer til Lofoten.
Dei siste fem åra har også millionar med sild droppa Møre, og heller stoppa lenger nord for å lage barn, altså gyte.
Havforskar Aril Slotte seier årsaka er det han kallar eit «kollektivt hukommelsestap».
– Dei eldste fiskane driv vanlegvis med sosial kompetanseoverføring til dei yngre. Når nye rekruttar kjem inn er dei rett og slett avhengig av å treffe nokre av dei eldre som sit på kunnskapen, slik at dei kan lære kvar det er lurt å vandre.
Eit overfiske, særleg retta mot gamal fisk, har gjort at det har vore få igjen frå dei eldste generasjonane.
– Det var ikkje nok lærarar igjen til å vise vegen. Det er så mange av dei unge, som ikkje sit med kunnskap, at dei rett og slett styrer stimen, seier Slotte.
Dermed kan eitt av dei store mysteria langs kysten dei siste åra kan vere løyst.
Havforskar Aril Slotte seier den nye rapporten gir viktig innsikt om sildebestanden.
Foto: Kjartan Mæstad / HavforskningsinstituttetBraut over 100 år gamal tradisjon
I over 100 år har sildebestanden gytt utanfor Mørekysten. Men i 2021 endra det seg brått og ganske uforklarleg.
No trur forskarar ved Havforskingsinstituttet og kollegaer i Island og Færøyane dei kan ha løyst gåta.
Studien er publisert i det anerkjende tidsskriftet Nature.
– Vi meiner at dette er ei viktig problemstilling som kan ha verdi for andre delar av verda, der det også er bestandar som går i stim, seier Slotte.
Heile studien kan du lese her: Ny forsking: Silda flytta seg nordover
Forskinga byggjer på data frå verdas største sildebestand, norsk vårgytande sild, frå 1988–2024.
Etablerte nytt mønster
Det er silda som blei fødd i 2016 som står bak den nye trenden med å dra mot Lofoten og lenger nord for å gyte.
Ifølgje studien gjorde den store årsklassen frå dette året noko heilt banebrytande: Dei etablerte sitt eige vandringsmønster.
I desse områda utanfor kysten av Nordland fann Havforskingsinstituttet gyteklar sild under toktet som blei avslutta i februar i 2024. Dess lenger nord dess yngre var den gyteklare silda.
Illustrasjon: HavforskingsinstituttetI 2021 var dei vaksne og kjønnsmodne, men mangla «gamlingar» med erfaring nok til å vite kvar det var best å dra.
I åra 2017 til 2022 gjekk føre seg det eit overfiske, og dette gjekk særleg ut over dei eldste fiskane. Til slutt var det så få igjen av dei gamle at dei rett og slett heiv seg med dei unge, fortel Slotte.
– Og då forlèt dei gamle sine kjente gytefelt på Møre og byrja å gyte ved Lofoten i staden, der dei unge hadde etablert seg. Dei som fiska på bestanden kan dermed ha vore med på å forårsake endringar i vandringsmønsteret.
Han meiner forskarane har eit ansvar for å gje råd framover om korleis fisket bør gå føre seg for å bevare kulturen i bestanden.
Nykommarane i sildebestanden er i utgangspunktet avhengige av kompetanseoverføring frå dei eldre for å lære kvar det er best å gyte og skaffe seg mat.
Foto: Are Salthaug / HavforskingsinstituttetKan få konsekvensar
Flyttinga til Lofoten er neppe det smartaste silda har gjort.
Ifølgje forskarane er forholda aller best på Møre - og i tillegg råkar endringa økosystema langs kysten.
– Det gjeld alle som er avhengige av denne gytinga, for eksempel lundefuglane som hekkar på fuglefjellet på Røst. Og så kan det gå utover bestanden i seg sjølv. Vi trur det er best for den å gyte på Møre der forholda er veldig gode.
Har merka endringa
Sigurd Vedøy i Norges Sildesalgslag seier det ikkje er unormalt med endringar i gytemønstera når ein ser på eit lengre tidsperspektiv.
– Når det gjeld bestanden så svingar det heile tida, men utviklinga ser positivt ut no. Det har vore gode årsklasser dei siste åra, så vi er spente på korleis det utviklar seg.
Kan vende tilbake
Forskarane har eit håp om at silda kan vende tilbake til Møre.
Men dei veit ikkje når det kan skje.
– Dette gytefeltet har vore viktig dei siste 100 åra. Så det er sannsynleg at det kan skje ei utvikling om ein får ny rekruttering til bestanden og at det blir meir fisk, seier Slotte.
Ifølge han har bestanden ein tendens til å bre seg over eit større område dersom den aukar.
– Då kan dei kome til å søke sørover igjen til dei historisk viktige gytefelta på Møre.
Forskinga er basert på mange ulike typar data, mellom anna: fangstdata, akustiske forskingstokt, merking av fisk og biologiske data.
Foto: Leif NøttestadPublisert 07.05.2025, kl. 17.01 Oppdatert 07.05.2025, kl. 17.19