Ny forskingsrapport om klatrehallar: Luftforureining på nivå med motorvegar

13 hours ago 11



– Oi, det er jo ikkje bra, seier Birk Killie Hajum og Severina Aase Myrmel når dei får høyra om dei nye funna.

Dei to knyt klatreskoa sine på Bergen Klatreklubb sitt klatresenter i Åsane i Bergen og er klare for ein dag i veggen.

Sjølv om klatrelufta kan innehalde farlege partiklar.

På nivå med høgt trafikkerte motorvegar

For ein fersk studie viser at klatresko kan vera ei skjult kjelde til skadeleg luftforureining.

Forskarar ved Universitetet i Wien og EPFL i Lausanne har påvist svært høge konsentrasjonar av gummirelaterte kjemikaliar i klatrehallar i Europa.

– Nivåa me målte er blant dei høgaste som nokon gong har blitt dokumentert på verdsbasis, seier professor Thilo Hofmann ved Universitet i Wien, ein av forskarane bak studien.

Forureininga er på nivå med det ein blir utsett for ved høgt trafikkerte motorvegar.

Klatresko er laga av spesialgummi som er utvikla for maksimal friksjon, slik som bildekk.

Når skoa slitast hardt mot klatreveggen, genererer dette gummipartiklar, som vert svevande i lufta og samlar seg i støv.

en person som holder en slitt klatresko

LIKNAR BILDEKK: Birk Killie Hajum viser oss den slitne skosolen sin. – Her ser de at gummien ved tåa er slite heilt bort.

Foto: Maria Fimreite Kleiven / NRK

Vil ikkje gje opp klatringa

Då NRK fortel klatrarane Severina Aase Myrmel og Birk Killie Hajum om den ferske rapporten, blir dei svært overraska.

Hajum har drive med klatring i over ti år og slit ut skopar etter skopar.

– Eg går nok gjennom to par i året, fortel han.

Ein annan å finna i klatreveggen denne dagen, er Håvard Telle Hille.

Heller ikkje han var klar over at klatresko kunne vera forureinande.

Å stoppa med klatring er likevel uaktuelt.

– Eg er ikkje livredd enno. Å klatra er uansett meir positivt enn å sitja i ro.

To klatrerer står og smiler

ERFARNE: Birk Killie Hajum og Severina Aase Myrmel seier dei klatrar rundt tre gonger i veka.

Foto: Maria Fimreite Kleiven / NRK

– Nokre komponentar giftige

Seniorforskar Claudia Hak ved det norske klima- og miljøinstituttet NILU har lest rapporten og meiner den er grundig og utført med gode metodar.

Ho er ekspert på målingar og effekten av utslepp frå industri, trafikk og andre forureiningskjelder i omgivnadene.

– Kva tenkjer du om at studien har kome fram til forureiningsnivå på høgde med motorvegar?

– Det er heilt sant. Partikkelkonsentrasjonane på klatresenter er langt høgare enn det me har i uteluft i Noreg.

– Er dette noko me bør vera bekymra over?

– Vanskeleg å seia. Jo mindre partiklane er, desto djupare kan ein pusta dei inn. Nokre partiklar kjem ikkje lenger enn til munnen og halsen, medan andre kjem langt inn i lungene. Då kan det skje noko.

Hak fortel at dei har jobba lite med komponentane som studien har funne, og at det difor er vanskeleg å seia kor farleg dette er.

– Men nokre av komponentane frå rapporten har vist seg giftige for menneskelege lungeceller.

en mann øverst i en klatrevegg

STØRST I NORDEN: Klatresenteret i Åsane i Bergen er allereie størst i Norden. Etter utviding blir det eit av dei største i verda.

Foto: Maria Fimreite Kleiven / NRK

Klatresenter ventar på prøvesvar

Bergen Klatreklubb er blant klatresentera som har sendt inn prøvar av klatrestøv til forskarane i Sveits.

– Me har ikkje fått vita vårt individuelle resultat enno, fortel Trond Kristian Kalstø, som er dagleg leiar i klubben.

Nyleg vart det kjend at Bergen Klatreklubb skal utvida klatresenteret i Åsane, som allereie er det største i Norden og no bli eitt av verdas største.

– Me har difor stort fokus på reinhald og luftfiltrering, seier han.

en person i en oransje jakke

IKKJE STRESSA: – Me har ein stor klatrehall, med mykje luft som støvet kan spreia seg i, seier Trond Kristian Kalstø.

Foto: Maria Fimreite Kleiven / NRK

Sjølv er Kalstø ikkje bekymra over resultata som forskarane har kome fram til.

– Det finst mange som bur ved sidan av ein trafikkert motorveg. Kundane klatrar berre ein avgrensa tidsperiode. Det er ikkje slik at dei bur i klatrehallen.

– Kva tenkjer du om at barn kan få i seg dette forureina støvet?

– Eg har sjølv barn, men tenkjer likevel at verdien av å vera i aktivitet, sosialisera seg og utfordra seg sjølv er større. Det er mykje ein gjer i livet som kan vera farleg, og eg trur ikkje klatring er ein av desse.

Ekspertane er likevel bekymra

Kva forureininga frå klatresko har å seia for helsa vår er uklart, men professor Thilo Hofmann er likevel tydeleg:

– Desse stoffa høyrer ikkje heime i lufta me pustar inn. Det er viktig å gjera noko snart, spesielt med tanke på sensitive grupper som barn.

Publisert 02.05.2025, kl. 21.21

Read Entire Article