Mishandla familien over 15 år og misbrukte sønene seksuelt: Dømt til seks og eit halvt år i fengsel

6 hours ago 2



Det kjem fram i ein dom frå Frostating lagmannsrett.

Mannen i 50-åra er dømt for mellom anna å ha sparka kona i magen da ho var gravid, for å ha slått og krenka sine to søner og for å ha misbrukt dei seksuelt.

Valden fann stad over 15 år og har ifølge retten vore grov:

Heldt sonen sitt hovud i do

Mannen bur no i Møre og Romsdal, men mykje av valden og overgrepa fann stad da han og familien budde i Trondheim.

Lagmannsretten finn det bevist at kona og dei to sønene jamleg blei utsett for vald og krenkingar i form av slag med handa, slag med belte og med andre gjenstandar.

På eit tidspunkt sparka mannen sin gravide kone i magen.

Ho spontanaborterte seinare, men retten meiner det ikkje er grunnlag for å slå fast at vald var grunnen til aborten.

I retten fortalde dei fornærma om fleire konkrete hendingar der faren utøvde vald.

Både mora og den eldste sonen fortalde om ein episode da faren heldt sonen sitt hovud i do samstundes som han trekte ned.

Den eldste sonen har utvikla traume og har i ettertid fått diagnosen PTSD.

Politiet blei kjent med saka to år etter at den domfelte mannen og kona gjekk frå kvarandre. Ein av sønene fortalde politiet om valden, men meldte ikkje sjølv faren til politiet.

Det var politiet som oppretta sak og starta etterforskinga.

Dømt for valdtekt av barn

I tillegg til grov mishandling i nære relasjonar er mannen også dømt for valdtekt av barn under 14 år.

Den eldste sonen fortalde retten at faren ved ein anledning førte guten sin penis inn i munnen. Dette skjedde på natta ein gong faren var svært full.

Den yngste sonen blei valdtatt av faren da dei var på ferie i utlandet.

Faren var svært full og saman med to kompisar ønskte han at sonen skulle vise fram penisen sin.

Sonen måtte ta av seg buksa og faren tok sonen sin penis i munnen. Det heile var over på 10–15 sekund, ifølge dommen.

Faren sjølv nekta for at dei to hendingane har funne stad, men lagmannsretten meiner sønene sine forklaringar er truverdige.

Må betale 900.000 i oppreisning

Saka blei behandla i Trøndelag tingrett tidlegare i år. Tingretten dømte mannen til seks og eit halvt år i fengsel.

I tillegg må mannen betale totalt 900.000 kroner i oppreisningserstatning til dei tre fornærma.

Mannen anka saka til tingretten på bakgrunn av bevisvurderinga og straffeutmålinga.

Lagmannsretten har i behandlinga si konkludert med same straff som tingretten.

Dommen var einstemmig.

Mannen sin forsvarar, Siv Aida Rui, har ikkje ønskt å kommentere dommen. Ho stadfestar at den domfelte har fått dommen forkynt.

Statsadvokat Kaia Strandjord fortel dommen verkar riktig på påtalemakta.

Eg konstaterer at tiltalte blei dømt på saman måte som i tingretten, seier Strandjord.

– Eg har gått gjennom dommen og premissane er grundige og gode.

Kaia Strandfjord

Aktor Kaia Strandjord fortel at påtalemakta er fornøgd med lagmannsretten sin vurdering.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Tøft å gå gjennom trauma på nytt

Min klient opplever at ho er blitt trudd, seier Vibeke Meland.

Ho er bistandsadvokat for mora.

Men det er klart at saka har vore ei belastning.

Meland fortel at saka er både omfattande og grov.

Samlivet med domfelte har prega henne og det har vore svært vanskeleg, seier Meland.

Spesielt har det vore belastande for henne at barna har blitt utsett for vald og overgrep.

Portrett av bistandsadvokat Vibeke Meland. Meland er iført en svart kappe. Hun har mørkt hår med lett fall, og bildet er tatt inne i en rettsal

Vibeke Meland fortel at mora er glad for at saka no er ferdig.

Foto: Bjarte Johannesen / Bjarte Johannesen / NRK

Gunhild Janne Oftedal er bistandsadvokat for den eldste av dei to sønene. Ho fortel at klienten hennar er letta over dommen og at saka no er avslutta.

Han har grudd seg og synest det har vore tøft å måtte gå gjennom trauma igjen.

Publisert 01.07.2025, kl. 16.23 Oppdatert 01.07.2025, kl. 16.59

Read Entire Article