– Eg er kjempeimponert. Dette er løysingar som vi for kort tid sidan ikkje trudde var mogleg, seier energiminister Terje Aasland.
Tysdag opna det nye komprimeringssystemet på Nyhamna i Aukra. Systemet vil gjere det mogleg å auke uttaket av gass frå Ormen Lange-feltet, som er det nest største gassfeltet i Noreg, frå 75 til 85 prosent.
Energiministeren meiner Noreg har enorm kompetanse på olje og gass og at dette er eit system som viser akkurat det.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKDen nye teknologien skaper eit trykk nede i gassfeltet som gjer det mogleg å hente ut gass som ein tidlegare ikkje fekk tak i.
Det er første gong at systemet blir tatt i bruk så djupt som på 900 meter, utan bruk av plattform.
Illustrasjon som viser korleis komprimeringssystemet på havbotnen ser ut.
Illustrasjon: ShellBruk av denne typen teknologi er viktig for heile den norske olje- og gassindustrien, meiner energiministeren.
– No aukar vi gasseksporten gjennom å auke levetida på feltet. Det er utruleg viktig, seier Aasland.
Kan gi 70 milliardar i inntekter
Ormen Lange-feltet kan no få tilgang til mellom 30 og 50 milliardar kubikkmeter ekstra gass.
Ifølgje Shell kan den ekstra gassen gi opptil 70 milliardar kroner i inntekter til den norske staten.
Anlegget vert styrt frå landanlegget på Nyhamna i Aukra via kablar. Komprimeringa skjer med kraft frå land, og på Nyhamna kjem det aller meste av energien frå vasskraft.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKDet kjem godt med, og skal kom framtidige generasjonar til gode, seier energiministeren.
Samstundes meiner han at det er andre ting som er vel så viktige ved det nye systemet på Nyhamna.
Ormen Lange-feltet vert styrt frå land med røyrleidning inn til det landbaserte prosesserings- og eksportanlegget på Nyhamna i Aukra kommune.
Illustrasjon: Shell– Vi ønskjer å legge til rette for at aktiviteten på norsk sokkel skal vare i lang tid framover og vere relevante i ein europeisk kontekst. Då er det viktig at ein framleis har fokus på leiting og utvikling av dei norske ressursane. Det er enormt viktig for Europa sin energitryggleik, men det er også viktig for Noreg fordi det her ligg mykje kompetanse, trygge arbeidsplassar, og ikkje minst teknologiutvikling, seier Aasland.
Kan levere energi til fem million heimar
Utbygginga har kosta om lag 12 milliardar kroner, og er venta å vere nedbetalt allereie i løpet av det første driftsåret.
Marianne Olsnes, administrerande direktør i Norske Shell, seier systemet er viktig for energitryggleik i Europa.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKMarianne Olsnes, administrerande direktør i Norske Shell, seier at det nye systemet ikkje berre er viktig for dei, men for Europa.
– Denne gassen leverer nok energi til fem million heimar i Europa, seier Olsnes.
Her blir havbotnkomprimeringssanlegget offisielt opna av energiminister Terje Aasland og Richard Howe i Shell.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKNorsk teknologi i verdsklasse
For Shell er det ein festdag og Olsnes skryt av alle som står bak prosjektet. Nesten 80 prosent av leveransane kjem frå norske selskap.
– Den fantastiske leverandørkjeda i Noreg står for hovudinnovasjonen her.
Mads Hjelmeland, administrerande direktør i SLB OneSubsea, seier dei har jobba i mange år med systemet, og at det er fantastisk å ta det i bruk.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKSLB OneSubsea har vore hovudentreprenør for offshore-leveransane, medan Aker Solutions har stått for modifikasjonane på Nyhamna.
Mads Hjelmeland, som er administrerande direktør i SLB OneSubsea, seier at dette er ein fantastisk milepæl for selskapet. Han har tru på at mange andre kan ha bruk for denne teknologien, verda over.
Vil bli viktig for framtida
Frode Leversund i Gassco, som eig og driv ilandføringsanlegget på Nyhamna, seier komprimeringssystemet er ein nødvendig og kostnadseffektiv teknologi.
Frode Leversund, administrerande direktør i Gassco, kallar komprimeringssystemet for ein milepæl.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKHan viser til at produksjonen på heile den norske sokkelen vil gå ned.
– Då er denne typen prosjekt, der ein tar ut restkapasiteten frå modne felt, heilt vesentleg, seier han.
Publisert 26.08.2025, kl. 13.34 Oppdatert 26.08.2025, kl. 14.31