Ny pris på Stad skipstunnel: 800 millionar billigare

2 hours ago 1



– Kostnadsanslaget er framleis godt over det Stortinget har vedteke, sjølv om det er blitt noko lågare, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) i ei pressemelding.

Prisen på Stad skipstunnel er eit brennheitt tema. Misnøya var stor då regjeringa nyleg ikkje ville gå ut med den ferske prisen. No snur dei, og kunngjer den nye prislappen på 8,6 milliardar kroner.

Kystverket har dermed klart å redusere prisen med 800 millionar.

Likevel står regjeringa fast på at skipstunnelen må gravleggast, og ikkje gravast ut.

Husøydagan 2025

Regjeringa kjempar for å skrote prosjektet.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

– Prosjektet kan ikkje gjennomførast innanfor kostnadsramma som Stortinget har vedteke, seier Sivertsen Næss.

Prisen som Stortinget har sagt ja til, er på 5,4 milliardar.

– Prosjektet står sterkare

I fjor forsøkte regjeringa å skrote heile prosjektet – før forhandlingane om pris var ferdig.

Stortinget bestemte at forhandlingane skulle bli fullført, og no er altså resultatet klart.

En mann i dress står foran to personer i en innendørs setting. Bakgrunnen viser gule mursteinsvegger og et maleri. Mannen har hendene i lommene og ser mot den som står nærmest. De to personene i forgrunnen er delvis synlige.

Erling Sande er nøgd med at prisen har blitt redusert med nær 10 prosent.

Foto: William Jobling / NRK

– At vi har fått ned prisen, gjer at prosjektet står sterkare. Så gjenstår det å sjå kva prioriteringane til dei andre partia blir, seier Erling Sande (Sp).

Senterpartiet er den sterkaste forkjemparen for skipstunnelen. Snart skal dei forhandle med regjeringa om revidert nasjonalbudsjett, kor Sp vil forsøke å sikre byggestart.

– I ei tid kor samferdselsprosjekt rundt om i landet har kostnadseksplosjonar, så har Kystverket gjort ein veldig god innsats her, når dei har klart å ta ned kostnadane med nesten 10 prosent, seier Sande.

Han trekk fram andre prosjekt, som jernbaneprosjektet ved Moss, kor «berre sprekken er tre skipstunnelar».

Planen er å lage ein 1,7 kilometer lang tunnel som har plass til svære skip. Tunnelen skal gjere det trygt og føreseieleg å segle forbi vêrharde Stad.

Etter alt å dømme er den nye prisen inkludert moms. Det er truleg eit såkalla P85-anslag, kor det er 85 prosent sjanse for at prisen ikkje sprekk.

Regjeringa har tidlegare fått kritikk for å bruke pris inkludert moms. Kritikarar meiner også at det rette er å bruke P50-pris, kor det er like sannsynleg at tunnelen blir billigare som dyrare.

Høgre må bestemme seg

Også Frp har markert tydeleg at dei ønsker å realisere prosjektet.

Meir uvisst er det kva Høgre vil lande på.

Stad skipstunnel

Tunnelen har vore greia ut i ein mannsalder, og er planlagt å bli 1,7 kilometer lang.

Illustrasjon: Måløy vekst

– No må vi sette oss grundig inn i tala før vi tek endeleg stilling til prosjektet, seier Anne Kristine Linnestad i Høgre.

Den nye prisen viser at det var rett å la Kystverket forhandle seg ferdig, ifølge ho.

Dei lokale pådrivarane er glade for at talet kjem på bordet.

– No må Stortinget snarast vedteke oppstart og løyving, slik at prosjektet kan startast opp. For tryggleik, konkurransekraft og framkommelegheit er dette avgjerande, seier Frank Willy Djuvik i Måløy Vekst.

Publisert 18.03.2026, kl. 09.19 Oppdatert 18.03.2026, kl. 09.58

Read Entire Article