I dag har Statens vegvesen lagt fram den endelege reguleringsplanen for det gigantiske prosjektet med bruer og ny veg på mellom Bjørnafjorden og Stord.
Den viser at prislappen blir 53,7 milliardar kroner. Tidlegare berekningar viste at det ville kosta 46,2 milliardar.
Reguleringsplanforslaget er truleg den mest omfattande Statens vegvesen nokon gong har laga, med over 7.000 sider, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.
Fleire grunnar til prisauke
Dei forklarer kostnadsauken med fleire årsaker. Blant anna har det tidlegare vore berekna for lite til kjøp av grunn og støytiltak. Det har også kome endra krav til vegbredde.
– Einingsprisane er gått vesentleg opp samanlikna med førre planfase, skriv dei pressemeldinga.
I planen er det lagt inn fleire måtar å kutta kostnadar på. Blant anna er omfanget av spesielt tunnelar, men også bruer i linja redusert, og erstatta med veg i dagen, som har lågare meterpris.Innsparingane er berekna til 1,5 milliardar kroner.
Hordfast er eit av dei aller største samferdsleprosjekta i Noreg. Nyleg fortalde NRK at planlegginga av denne ferjefrie strekninga har kosta over 2 milliardar kroner.
Dagens E39 frå Bergen mot Stavanger går med ferje frå Halhjem i Bjørnafjorden.
Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK100 kilometer i timen
Vegvesenet skriv at forslaget til reguleringsplan gjeld ny 55 km ny veg. Vegen er planlagd som ein ferjefri, firefelts veg med fartsgrense på 100 km/t.
Som ein del av arbeidet har Statens vegvesen vurdert redusert vegstandard. Både fartsgrense 90 km/t, 100 km/t, smalare 4-feltsvegveg og 2/3-feltsveg har vore til vurdering. I planlegginga har Vegvesenet sett på konsekvensar for mellom anna kostnader, nytte, naturinngrep, trafikksikkerheit og andre miljøtema.
Dei har konkludert med ein vegstandard som på fagspråket heiter H3, med fartsgrense 100 km/t.
Planen inneheld det som kan bli den lengste brua i Noreg, og verdas lengste flytebru.
Knyter saman Bergen og Stavanger
I dag går E39 mellom Bjørnafjorden og Stord via ferjesambandet Halhjem–Sandvikvåg. Hordfast er ein del av prosjektet Ferjefri E39, som har mål om å gjera heile stamvegen på Vestlandet ferjefri.
– Ny veg vil vera eit viktig bidrag for å binda regionen Stavanger-Bergen tettare saman til ein bu- og arbeidsregion, seier Kjartan Hove, prosjektdirektør i Statens vegvesen sin utbyggingsdivisjon i pressemeldinga.
Hordfast vil korta ned reisetida mellom Bergen og Stavanger med over ein time.
Ikkje med i Nasjonal transportplan
Men framtida for den ferjefrie vegen er usikker. Då Nasjonal Transportplan blei vedtatt i Stortinget i fjor, var ikkje prosjektet lenger prioritert.
Raudt er blant partia som ikkje vil ha dette prosjektet, og som er endå sikrare i dag.
– Dei nye berekningane viser at dette er eit pengesluk utan like. Når vi samtidig veit at store naturverdiar vil gå tapt, bør det vera enkelt for alle å droppa Hordfast først som sist, seier Sofie Marhaug, miljøpolitisk talsperson for Raudt og stortingsrepresentant.
Men mange kjempar hardt for at prosjektet likevel skal bli noko av.
Høgre-leiar Erna Solberg sa til Bergens Tidende i haust at ho garanterer at vegen blir bygd.
– Får vi borgarleg fleirtal, skal vi få gjennom vedtaket i Stortinget i løpet av komande stortingsperiode. Vi skal også sørga for å gje dei løyvingane som trengst, sa Solberg til avisa.
Publisert 09.04.2025, kl. 11.08 Oppdatert 09.04.2025, kl. 11.58