Ny rapport: Færre får hjarteinfarkt – dødelegheita er rekordlåg

1 week ago 13



Frå 2015 har talet på hjarteinfarkt i heile landet blitt redusert med 4 prosent kvart år.

Størst er reduksjonen blant kvinner.

Det viser ein ny årsrapport frå Norsk hjerteinfarktregister. Rapporten bekreftar trenden vi har sett over fleire år.

Hjarteinfarkt rammar stadig færre.

Landsdel i toppsjiktet

– Hjarteinfarktbehandlinga i Nord-Norge er forsvarleg og god. Det kan befolkninga vere trygge på, seier Per B. Rønning.

Han er leiar for fagrådet for hjartemedisin i Nord-Norge.

Rapporten viser at behandlinga av pasientar med hjarteinfarkt i nord gir resultat heilt i toppsjiktet, samanlikna med resultata i resten av landet.

– Dette er eit veldig godt skotsmål til heile behandlingskjeda i landsdelen vår, seier Rønning.

Han er også klinikkleiar for medisinsk klinikk på Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN).

Pasientar i nord, med dei aller mest alvorlege tilfella av hjarteinfarkt, hamnar på hjartemedisinsk avdeling på UNN i Tromsø.

To personer i operasjonsklær står på det som ser ut som en operasjonssal.

Ein pasient får PCI-behandling på sjukehuset UNN i Tromsø.

Foto: Pål Hansen / NRK

– Tala har gått drastisk ned

Dødelegheita av akutt hjarteinfarkt er rekordlåg, som Folkehelseinstituttet skriv i sin omtale av tala for 2024 i Dødsårsakregisteret.

– Dødelegheita eitt år etter eit hjarteinfarkt er på 11 prosent nasjonalt, medan den er på 9 prosent i Nord-Norge, seier Rønning.

Røntgenbilde av eit hjarte.

Røntgenbilde av eit hjarte.

Foto: Pål Hansen / NRK

– Det er kanskje ikkje så overraskande. Ein har eit veldig godt utbygd tilbod i Nord-Norge. Eit godt system som viser seg å fungere, seier Ole Christian Mjølstad, leiar i Norsk cardiologisk selskap.

– Tala på hjarteinfarkt har gått drastisk ned, og det same har tala på hjartedød. Det gjeld alle typar hjarteinfarkt, også den typen akuttinfarkt der du får ei akutt tilstopping av blodåra. Det som vi kallar STEMI, fortel han.

en mann iført hvit frakk

Ole Christian Mjølstad, leiar i Norsk cardiologisk selskap.

Foto: Privat

– Befolkninga lever sunnare

Rønning peikar på fleire faktorar som kan forklare den positive utviklinga:

– Befolkninga lever sunnare og røyker mindre. Den førebyggande behandlinga er god.

Årsaka til dei gode tala i nord, trur Rønning kan vere det som han kallar «ei god behandlingskjede».

en mann som står i et rom

Per B. Rønning, leiar for fagrådet for hjartemedisin i Nord-Norge, og klinikkleiar for medisinsk klinikk på Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN).

Foto: Pål Hansen / NRK

– Vi har veldig godt utbygde tenester i Nord-Norge. Den akuttmedisinske kjeda i Nord-Norge fungerer godt. Heilt frå legevakt og ambulansepersonell heime hos pasienten, AMK, luftambulansetenesta og alle sjukehusavdelingane i regionen, som vi samarbeider med.

Kor ligg det viktigaste forbetringspotensialet?

– Vi jobbar med å forbetre diagnostikken, og å komme tidleg i gang med behandling ute hos pasienten, og ha god kommunikasjon og samhandling, seier Rønning.

PCI-debatt: – Vi har sikkert ikkje sett slutten

Rapporten kjem samtidig som det pågår ein debatt om PCI-behandling i Nord-Norge.

PCI er ei behandling som går ut på å blokke ut tette blodårer til hjartet. Det kan vere avgjerande ved hjarteinfarkt.

I desember 2024 slo Statsforvaltaren i Nordland fast at retningslinjene for PCI-behandling i Nord-Norge er i strid med lova.

– Eg har ikkje tenkt å gå djupt inn i denne debatten no, men det er jo ulike syn på spørsmålet om PCI-tilbodet i Bodø, og vi har heilt sikkert ikkje sett slutten på den debatten, seier Kim Hannisdal, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Helse Nord.

Denne videoen fortel kva PCI er – og litt om PCI-konflikten i nord.

Han meiner at når debatten held fram, bør den byggje på uavhengige fakta.

– Årsrapporten frå hjerteinfarktregisteret er i så måte ein slags gullstandard. Den viser jo heilt tydeleg at vi i heile Nord-Norge har behandlingsresultat på linje med, eller noko betre enn elles i landet. Uansett synet på PCI-tilbodet, så kjem vi ikkje utanom at behandlingsresultata er svært gode i Helse Nord-regionen.

Publisert 03.07.2025, kl. 06.40 Oppdatert 03.07.2025, kl. 09.20

Read Entire Article