Ny serie frå skaparane av «Vikingane»

7 hours ago 1



Hausten 2027 kjem ein splitter ny humorserie på NRK.

Det er serieskaparane Jon Iver Helgaker og Jonas Torgersen som står bak den nye westernkomedien sett til USA på 1880-talet.

Portrett av to menn side om side mot en nøytral bakgrunn.

Serieskaparane Jon Iver Helgaker og Jonas Torgersen er klare for absurd cowboyhumor i «The Posse».

Foto: Pia Sundes

Frå før har dei hatt stor suksess på NRK og Netflix med «Vikingane», med eit absurd skråblikk på vikingtida.

No er det altså norske utvandrarar til Amerika og det ville vesten som skal få køyrt seg i «The Posse».

Eit vaskeekte cowboy-eventyr

Serien handlar om ein søkkrik fabrikkeigar-son som får med seg fem fattige fabrikkarbeidarar til Amerika.

På dag éin skjer det ei grotesk våpenulukke, og gjengen hamnar på rømmen på tvers av USA.

– Me tenker at det skal vera både episk og dust. Det skal vera ein storslegen Western, men med humor. Viss du skrur av lyden så skal det sjå seriøst ut, seier serieskapar Jon Iver Helgaker.

Vikingane

Trond Fausa Aurvåg i rolla som trellen Rufus i «Vikingane».

Foto: NRK

Han trur folk vil kunna kjenna igjen den karakterdrivne humoren deira frå «Vikingane».

– Eg trur jo me har ein tydeleg signatur med måten humoren vår er på. Det er ikkje noko «jokes». Det er meir beksvart og gøy.

Skal spelast inn i Canada

Serien er ein samproduksjon mellom NRK og kanadiske CBC, og blir spelt inn i Canada våren 2027.

– Det er jo på ein måte eit eventyr heile pakka, seier Helgaker

Serien følger ei bølge av andre westernseriar som har vore populære dei siste åra, som «Yellowstone» og «The English».

– Western har jo vore så sinnssjukt i vinden dei siste åra, men ikkje noko humor. Då kjentest det som veldig god timing å tenka i dei banane.

– Det er noko anna med westerntida

Då serieskaparane laga «Vikingane» for NRK, var dette eit svar på ei pågåande bølge av viking-seriar.

Her tok dei kvardagslege og moderne problemstillingar, og sette desse inn i vikingtida.

– Det er jo på ein måte litt vår stil. Men, det er klart at det er noko anna med westerntida som ligg mykje nærare vår tid.

«Vikingane» tok føre seg moderne problemstillingar i ein viking-setting.

I «Vikingane» spelte dei både inn ein versjon på norsk for NRK, men òg ein engelsk versjon for Netflix.

Korleis dette blir i «The Posse» er likevel for tidleg for Helgaker å seia noko om.

– Dei er jo nordmenn på tur, så det er jo naturleg at dei snakkar norsk, men eg tippar at Canada ønskjer at dei skal snakka engelsk.

Publisert 26.05.2026, kl. 11.59 Oppdatert 26.05.2026, kl. 12.03

Read Entire Article