Ny studie: Har funne svaret på mysteriet om kvifor Jorden blir varma fortare enn venta

4 hours ago 5



I snart 200 år har ein kjent til samanhengen mellom CO₂ i atmosfæren og at verda blir varmare.

Kort sagt: Meir CO₂ gir ei varmare verd.

Sidan 1970 har effekten vore ganske klar: Fram til rundt 2010 blei verda rundt 0,18 grader varmare kvart tiår.

Så skjedde noko som har forundra forskarane. Verda blei varmare raskare enn dei forventa.

Tal frå NOAA viser at sidan 2010 har verda blitt 0,28 grader varmare per tiår.

– Eitt av dei store spørsmåla i klimaforsking dei siste 10–15 åra er kvifor global oppvarming ser ut til å gå raskare.

Det seier klimaforskar Bjørn Samset ved Cicero.

en person som går på en bro i sterk luftforurensning

I 2016 var lufta i kinesiske Tianjin så dårleg at det var vanskeleg å sjå kor ein var.

Foto: CHINA STRINGER NETWORK / Reuters / NTB

Fleire teoriar

Det har vore lansert fleire teoriar om fenomenet.

Frå dei meir høgtflygande til meir jordnære, som nye reglar for drivstoffet som skipa i verda bruker.

Problemet er at ingen av teoriane fullt ut forklarer kvifor det har blitt varmare.

Temperatur i verden siden 1880 sammenlignet med snittet i perioden 1991-2020

Avvik fra normal Snittemperatur

Gå til NRKs Klimastatus

Luftforureining

Men no meiner ei gruppe forskarar å ha funne svaret. Det blir publisert i ein studie i Nature 14. juli.

Saman med ein kollega har Bjørn Samset over 4–5 år leidde åtte grupper forskarar frå ei rekke land.

– Vi har nå eit datasett på effektane av lokal luftforureining som er mykje større og mykje meir detaljert enn noko ein har hatt tilgang på tidlegare. Det sit både forskarar og studentar rundt over heile verda nå og ser på desse tala, seier Samset.

en kvinne iført maske

Ei kvinne med munnbind i Beijing i november 2017. På grunn av luftforureininga var munnbind vanleg i kinesiske byar lenge før pandemien i 2020.

Foto: AP

Gigantisk solskjerm

Etter fleire tiår med kraftig industrialisering var lufta i store delar av Kina svært dårleg på 2000-talet.

Kolkraftverk som sleppte ut svovel utan filter, førte til at lufta i mange byar var direkte livsfarleg. Også annan røyk gjorde at sikta ofte berre var på nokre få meter.

Samset forklarer korleis luftforureining bidrar til å avgrense oppvarminga:

– Partiklane har den effekten at dei blokkerer noko av solstrålinga. Du kan tenke deg sjølv på ein dag med mykje luftforureining, så ser heile himmelen grå ut. Solstrålinga blir hindra frå å komme ned til bakken. Det vil da kjøle bakken litt. Det blir som ein enorm solskjerm.

Kraftig nedgang

Forskinga viser at auken i temperaturar fell saman med den kraftige nedgangen i luftforureining i Aust-Asia, først og fremst i Kina.

På slutten av 2000-talet begynte kinesiske myndigheiter å sette inn kraftige tiltak. Resultatet er at lufta har blitt langt reinare.

Den amerikanske ambassaden i Beijing har i ei årrekke målt luftkvaliteten i den kinesiske hovudstaden.

Dataa viser at frå 2013 til 2023 gjekk mengda svevestøv ned med over 60 prosent.

Forskinga til Samset og dei andre forskarane viser ein enda kraftigare nedgang over Aust-Asia totalt.

– 75 prosent av utsleppa i Aust-Asia er rydda opp, seier han.

en motorvei med biler på og et skilt over den

Mørke midt på dagen: Ein motorveg i Beijing 17. mars 2012.

Foto: Afp

– Positiv klimanyheit

Etter 15 års innsats i Kina er nå luftforureininga nede på eit meir normalt nivå. Det bør bety at den raskare oppvarminga nå roar seg.

– Puslespelet går opp, så vi håpar at dette betyr at jorda ikkje har permanent begynt å bli varma raskare, seier Samset.

– Det er eigentleg ei litt positiv klimanyheit, seier Bjørn Samset om forskinga som blir lagd fram måndag.

Publisert 14.07.2025, kl. 13.19

Read Entire Article