NRK-kartlegging av åstaden viser omfanget av dramaet i Hordvik.
Grytidleg torsdag morgon er det heilt stille i nabolaget i Hordvik i utkanten av Bergen.
På ein parkeringsplass står ein bil med skotskadar. Like ved står eit turskilt og eit parkeringsskilt som også er prega av kuler.
Det er hol tvers gjennom ein boks der hundeeigarar kan plukka med seg ein hundepose.
NRK har sett saman bilete, observasjonar på åstaden, dronefoto og politiet sin informasjon frå nabolaget i Hordvik.
Dette gir eit nytt bilete av korleis dramaet over 12 timar fann stad.
I det som til slutt enda med eit inferno i flammar, gass og skot.
I denne saka har vi samla dokumentasjon av kulehol og skadar i nabolaget.
Naboen som andre kjente som «ein roleg og fin fyr» er no sikta for drapsforsøk mot politiet.
Parkeringsplass
På parkeringsplassen er det treff frå våpen på turskilt og ein parkert bil.
Nabohus og bilveg
Eit nabohus har eit hol i veggen og titals kulespor i hagen.
Huset ligg rett ved den einaste bilvegen inn i nabolaget.
Onsdag blei dette ein åstad.
Synet som møter NRK i grålysninga dagane etter vitnar om det som skjedde denne onsdagen.
Laurdag trefte vi ekteparet som fekk kulehol i husveggen og eit tital kulespor i hagen.
– Eg gjekk ut for å prøve å finne ut kvifor nokon skaut i hagen min. Skot trefte under trampolinen der dottera mi pleier å leike. Då eg høyrte fleire og fleire skot blei eg veldig redd, seier Fernando Jose Tomas Navarro.
Uthus og granathylse
NRK har spurt politiet kvar politiet står når mannen skyt på dei. Det vil dei ikkje fortelja. Les heile svaret her.
Dei raude prikkane viser kvar NRK har kartlagt spor etter kuler.
Det er på nabohus, uthuset på eigedommen, i snøen og ein parkert bil.
På kartet er også svarte prikkar framfor tomta.
Desse viser kvar det er hylser etter det som skal vere politiet sine granatar med tåregass.
Dei raude prikkane viser kvar NRK har sett spor etter kuler.
Foto: Sindre Skrede / NRKTidslinje: Tolv dramatiske timar
Klokka 09.05 onsdag naudtelefonen hos politiet. Operatøren høyrer skot i den andre enden.
lfølgje vitne har ein mann fyrt av mange titals skot frå eigedommen.
Politiet sender ei rekkje patruljar til området. Dei skal finna ut kvar skota kjem frå.
Naboar blir varsla og politiet sperrar av eit stort område. Hordvik ligg rundt 20 minuttar frå sentrum i Åsane.
Klokka 09.35 er politiet på plass. Få minutt seinare sender dei ein pansra politibil mot huset til ein mann i slutten av 40-åra.
09.59 nærmar dei seg huset hans. Klokka 10.04 opplever dei at mannen skyt mot dei.
Eit minutt seinare er dei ikkje i tvil: Dei seier det er openbert at mannen skyt på dei.
Mellom 50 og 60 personar frå Vest politidistrikt var i aksjon. Det vart også sendt nasjonale beredskapsressursar frå Oslo.
– Vi hadde sporadisk kontakt med vedkomande, og han verka ustabil, seier stabssjef Kjetil Øyri i Vest politidistrikt.
Han seier operasjonen var svært komplisert og risikofylt.
Det er også sivile personar som er fornærma i saka, men det er ikkje kartlagt kor mange det gjelder.
Fredag vart mannen fengsla i fire veker etter den store politiaksjonen.
Mannen er enda innlagt på sykehuset lørdag formiddag.
Skytinga i Hordvik
Ein mann i 40-åra er sikta for drapsforsøk etter ein skyteepisode i Hordvik i Bergen, onsdag 18. februar. Mannen blei pågripen i ein dramatisk politiaksjon.
Operatøren høyrer skot i den andre enden. lfølgje vitne har ein mann fyrt av mange titals skot frå eigedommen.
Frå Åsane politistasjon tar det rundt 20 minutt å køyre.
Første skot er 10.04. Minuttet etter, klokka 10.05, skriv politiet at det «er åpenbart at han skyter mot politibilen».
«Han er i sin egen bolig og retter også skudd mot politiets kjøretøy. Politiet sikrer området og forhandler prøver å få kontakt med mannen.», skriv politiet til pressa. Dette er det første biletet NRK publiserer om saka.
Foto: NRK / NRKTo helikopter er på veg vestover frå Politiets nasjonale beredskapssenter på Taraldrud i Oslo. Eitt redningshelikopter (på biletet) og eitt politihelikopter.
Foto: Paul S. Amundsen / NTBNRK blei møtt av store styrkar frå naudetatane. Dei har sperra av eit stort område.
NRK snakkar med rektor på Hordvik skole, som seier at dei held alle elevar og tilsette inne på grunn av situasjonen. Det er omtrent 270 elevar og 40 tilsette på skulen.
Politiet får stadfesta at gjerningsmannen er åleine i bustaden.
Politiet stadfestar til NRK at dei har sendt fleire nasjonale beredskapsressursar til Bergen. Dette skjer i samband med skytehendinga i Åsane. – Vi har mellom anna sendt krise- og gisselforhandlar, seier pressesjef i Oslo politidistrikt, Unni Grøndal. I tillegg er ein Terradyne Gurkha på veg vestover. Det er eit pansra teknisk køyretøy som er ein del av politiet sine nasjonale beredskapsressursar. TV 2 melde om denne såkalla «Gurkha» først, her fotografert under aksjonen.
Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRKBeredskapstroppen, fleire politifolk og den pansra Gurkha-bilen til politiet blei sende frå Oslo. Ambulansar og brannvesen sett i beredskap. Samtidig sirkla både helikopter og dronar i lufta. Så kom personar frå krise- og gisselforhandlargruppa deira for å hjelpa til. – Det er slik me ønskjer å løysa oppdraget. Gjennom dialog, gjennom forhandling, sa innsatsleiar Per Magnus Svabø klokka 15.18.
Klokka 17 er politiet for andre gang klare for å snakka med journalistane som har møtt opp. Då er det 1,5 time sidan sist dei hadde kontakt med mannen, og dei ber han om å ringa 112.
Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRKFrå 18.32 og utover har politiet kontakt med mannen på telefon.
Politiet mister kontakt med mannen.
Og så aukar dramatikken. Første skot 19.59. Frå klokka 20.00 og utover er det jamn skyting frå fleire vindauge i huset. Politiet informerer pressen om skota kl. 20.20.
Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRKMed CS-granatar og sprengvåpen går politiet til aksjon mot huset.
Det brenn i huset. Flammane er synlege.
Foto: Trond SpurkelandBrannen har blussa opp. Bildet er tatt frå andre sida av fjorden.
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRKPolitiet fortel seinare journalistane som står utanfor sperringane at tre fjerdedelar av huset står i brann før mannen kjem ut.
Samstundes tar ein nabo denne videoen.
Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK– På staden fekk me beskjed frå politiet om at det kunne liggja skarpladde våpen i terrenget, seier Leif Gjesdal i Bergen brannvesen. Dei set ut slangar for å dynke glohaugen med vatn, og trekker seg tilbake. – I dette tilfellet tok me ingen sjansar. Eit skarpladd våpen som blir utsett for varme kan gå av. Og om børsepipa peikar mot oss, så går jo kula berre ein veg.
Dei ser etter kvart at det er lite dei får gjort og forlèt staden klokka 23.48. Morgonen etter står berre pipeløpet att. I ruinane av det som var ein heim er det framleis flammar og glør. Lys røyk stig mot himmelen.


















English (US)