Mannen skal ha levert kokain og tatt i mot betaling for «Albert Einstein».
Saka oppsummert
- Ein 31 år gamal mann er dømd til fire års fengsel i Hordaland tingrett.
- Retten meiner han leverte kokain, oppbevarte narkotika og tok imot betaling for nettverket.
- Politiet koblet han til ein kryptert Signal-bruker gjennom kontoar, overvaking og nynorsk språkbruk.
- Mannen nektar straffskuld, og dommen er ikkje rettskraftig.
Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister. Les om hvordan vi jobber med KI
I vinter vart ein mann med kodenamnet «Albert Einstein» dømd til over åtte års fengsel.
Saman med to andre menn stod den 28 år gamle hovedmannen for innførsel og sal av narkotika i bergensområdet.
Aller mest gjekk det i kokain, som mellom anna vart henta i Amsterdam og køyrd til Bergen via Oslo, ifølge Bergens Tidende.
No er nok ein mann tilknytt nettverket dømd i Hordaland tingrett.
Måten han skreiv på i dei krypterte Signal-chatane var med å avsløre han.
Nynorsk i chatten
31-åringen dukka opp i politiet sin skjulte etterforsking i løpet av våren 2025.
I dei krypterte chatane vart kokain omtala som «brus» og «CC» og kilo vart omtalt som «kaniner». Ein av dei som deltok var brukaren «gurkemeie gurkesen».
I retten nekta 31-åringen for at det var han som stod bak brukarnamnet, men Hordaland tingrett har blitt overtydd av politiet sin bevisføring:
Telefonnummeret hans var knytt til brukaren på Signal.
På Snapchat og Instagram hadde 31-åringen brukarkontoar som samsvara med kallenamnet han gjekk under, i tillegg til «gurkemeie gurkesen».
Videoar frå overvakingskamera og politispaning i Bergen samsvarar med meldingar som er sendt frå «gurkemeie gurkesen» på Signal. Til dømes at han skreiv at han skulle innom ein Rema-butikk og få minutt seinare vart fanga på overvakinga der.
Leita etter kona – så høyrte han stønning frå leikeplassen
Til slutt skriv retten at også sjølv chatmeldingane avslører 31-åringen. Til dømes då han skreiv «eg fekk inn på rev for 2 cc, sende til deg no» og like før hadde fått overført 2400 kroner på betalingstenesta Revolut.
– Meldingane frå brukarnamna er skrivne på nynorsk, noko som samsvarar med sognedialekten til tiltalte, kommenterer retten.
– Var løpegut
No er 31-åringen dømd til fengsel i fire år.
Retten meiner han både tok i mot, oppbevarte og selde «en betydelig mengde kokain og andre narkotiske stoffer» frå august 2024 til april 2025.
Dei andre dømde i nettverket omtalte 31-åringen som ein «løpegut» for «Albert Einstein».
Altså ein som henta og leverte ut stoff til kjøparar og også tok i mot betaling som han vidare overførte til andre.
– Sjølv om tiltalte si rolle ikkje har vore leiande, har den vore ei naudsynt del av narkotikaverksemda, kommenterer retten.
– Det var den eneste løsningen jeg så
Dei finn ingen formildande omstende i saka, men 31-åringen slepp å betala sakskostnader.
Dommen er ikkje rettskraftig og kan bli anka. Mannen nekta straffskuld i retten.
– Han er domfelt for forhold han ikkje har erkjent. Eg skal møte min klient neste veke, og det vil då bli tatt stilling til ankespørsmålet, seier forsvarar Rolf Knudsen til TV 2.







English (US)